14.000 i kø for å få studentbustad – studentleiar er bekymra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein nedgang frå før pandemien, då det var over 17.000 studentar i bustadkø på same tidspunkt, skriv Samskipnadsrådet i ei pressemelding.

Mykje av nedgangen kjem av at Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim ikkje lenger har ventelister. Det er likevel folk som ventar på studentbustad der, noko som gjer at talet som ventar reelt sett truleg er høgare.

Foto: Samskipnaden i Sørøst-Norge

16.322 har fått studentbustad.

– Det er framleis mange studentsamskipnader som har ledige hyblar, så fleire av studentane på venteliste vil få tilbod om studentbustad. Vi skal halde fram med å jobbe for at endå fleire studentar kan bu i studentbustad, då treng vi både kommunane og staten på laget, seier styreleiar i Samskipnadsrådet, Hans Erik Stormoen.

Bekymra studentleiar

Norsk studentorganisasjon (NSO) meiner tala ikkje er noko å juble for.

– Eg er bekymra for alle dei studentane som no står utan ein stad å bu så nær studiestart, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam.

Ho påpeikar at nedgangen i køtala ikkje kan forklarast med lågare etterspurnad, men at fleire har gått bort frå å ha ventelister.

– Det er trist å sjå at det etter tre år med ei storsatsing på studentbustader frå regjeringas side, står nesten like mange studentar i kø no, som i 2019, seier Dam.

Lengst venteliste er det ikkje overraskande hos Studentsamskipnaden i Oslo, der det er 6.431 som ventar på studentbustad, medan 4.085 har fått tildelt.

Også hos Studentsamskipnaden på Vestlandet (2.680) og Noregs arktiske studentsamskipnad (1.965) er det over 1.000 studentar i bustadkø. Hos sistnemnde er det vel 1.603 som har fått tildelt bustad.

Av dei andre samskipnadene er det berre Ås som har lengre venteliste (470) enn talet som har fått tildelt bustad (205).

Ber regjeringa ta grep

Samskipnadsrådet ønskjer å byggje fleire studentbustader, men opplyser at auka byggjekostnader gjer at den fastsette kostnadsramma i staten for slike prosjekt ikkje er tilstrekkelege.

– Då må vi velje mellom å la vere å byggje, eller å byggje utan tilskot med den konsekvensen at husleiga til studentane blir høgare enn ho treng å vere, seier Stormoen.

Han ber regjeringa og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe ta tak i saka.

– Vi treng ei kostnadsramme som speglar dei reelle kostnadene for å byggje studentbustader, og der hengjer regjeringa etter. Vi forventar at Borten Moe tek tak i dette, slik at vi kan realisere endå fleire bustader med så låg husleige som mogleg til studentane, seier Stormoen.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

Skulder på samskipnadene

Borten Moe (Sp) seier at tala er som venta.

– Slik vi også såg på søkjartala til høgare utdanning, har vi no meir normaliserte tal for søkjarar til studentbustader, etter pandemien. Tala er ikkje særleg ulike 2019-tala, og at det er forventa at bustadkøen vil reduserast dei neste vekene, seier Borten Moe.

Han meiner studentsamskipnadene må ta sin del av skulda for at det er ventelister.

– Akkurat no er det løyvd pengar til fleire bustader enn samskipnadene klarer å byggje. Samtidig meiner eg samskipnadene må ta den delen av skulda for dette sjølv, dei tener godt, og har 5 milliardar i eigenkapital. Dei kunne ha bygd mange fleire bustader om dei ønskte, men det har dei ikkje gjort, seier Borten Moe.


Les også: – Dette er årsaka til bustadkrisa for unge, og ingen snakkar om det

Foto: Christoffer Engström/ Unsplash