2 av 10 studentar vil ikkje ha born

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.05.2022 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre seks av ti studentar svarar «ja» på spørsmål om dei vil ha born, noko som er lågare enn elles i befolkninga.

Det kjem fram i ei ny undersøking utført av Sentio for Norsk studentorganisasjon (NSO) og studentavisa Universitas. 981 studentar har svart på undersøkinga, som vart utført hausten 2021.

 

Psykologiforskar ved OsloMet, Thomas Hansen, er overraska over tala:

–⁠ Tala i denne studien blant studentar er ikkje så høge som ein vanlegvis ser, vanlegvis ser ein over 90 prosent som planlegg å få born, seier han til Universitas.

Raudt-veljarar «veit ikkje»

Undersøkinga har òg spurt studentane om partipreferansar. Raudt-veljarane skil seg tydeleg ut. I denne gruppa er det berre tre av ti som vil ha born. Flest Raudt-veljarar svarar «veit ikkje», medan tre av ti ikkje vil ha born.

–⁠ Mi gjetting er at det rett og slett handlar om framtidssyn, og at det påverkar ynsket om å ha born. Eigentleg både med tanke på klima og samfunnet, om det går skikkeleg til helvete med jorda, trur eg det spelar inn på å vera uroa for framtida. Men det er nok også på grunn av det sosiale, om det er velferdsstat eller bustadpolitikk, seier Alberte Bekkhus til Universitas.


Hummam Bhutta, Wala Jibril og Ayusha Awan. Foto: Birgitte Vågnes Bakken