Ved 11-tida måndag var 5.800 personar registrerte i kø på organisasjonen sine nettsider.

Foto: Human-Etisk Forbund/CC BY-NC-ND 2.0
Generalsekretær Trond Enger fortel at 1.108 melde seg første dagen i fjor, men i dag var det langt fleire som ville sikre seg plass på dei ulike kursa.
Forklaringa på at så mange melde seg første dagen, er at det er nokre kurs og opplegg som er spesielt populære. På dei er det avgrensa med plassar.
– I tillegg er det nokre foreldre som har snakka saman, fordi det er viktig for 14-åringane deira å kome på same kurs, seier Enger til NRK Vestland.
Dei første dagane er påmeldingane berre opne for medlemer. Først neste veke opnar påmeldinga for alle. Det gjer at medlemstalet i forbundet aukar. Tidlegare har dei gjort det gratis å bli medlem.
Sjølv om det er lange køar både på telefon og nett, er det ikkje fare for å bli avvist.
– Alle får plass. Vi har aldri avvist nokon, seier Trond Enger.
- Les også saka: Færre unge trur på Gud og fleire er skeptisk til religion: – Ikkje vanskeleg å forlate trua
