Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg treivst på jobben som sommarvikar og kveldsvakt meir enn på skulebenken og valde å fortsette med det etter vidaregåande, fortel Amalie Korsvik (25) på e-post til Framtida.no.

Som 16-åring starta ho som sommarvikar på sin lokale Spar-butikk, og medan ho gjekk på vidaregåande tok ho ekstravakter etter skuletid. Korsvik flytta vekk nokre år, men då ho kom heim att til Fitjar for tre år sidan vart ho tilsett igjen.

– [Eg] bestemte meg for at høgare utdanning kunne vente til skulelysta eventuelt melder seg. Det har framleis ikkje skjedd, fortel ho humoristisk.

Finalist i Norges hyggeligste kassadame

25-åringen fortel at butikkjobben definitivt har svart til forventningane, med kundekontakt og travle, men samstundes føreseielege og varierte arbeidsdagar.

Det mest utrulege som har hendt ho på jobb, er at ho i år var ein av finalistane i kåringa Norges hyggeligste kassamann/kassadame.

– For ein ære, og så audmjuk eg er! fortel Korsvik.

– Det viser meg at å trivast på jobb er det viktigaste, det skin igjennom til kundane. Og viss eg kan påverke dagen deira berre bitte litt med godt humør, er det nok for meg.

Kundane rosar 25-åringen for å ha ein utruleg smittande latter som ein kan høyre lenge før ein ser ho i butikken:

– Har til og med høyrt synging i butikken på kveldstids – det er nydeleg, det! Så om du ikkje går ut med humøret løfta nokre hakk etter handel når Amalie er på besøk, har du vore uheldig og ikkje treft på ho, seier ein av kundane i ei pressemelding.

Kvardagsglede i koronapandemien

Ein vanleg dag som butikkmedarbeidar inneber mykje arbeid i kassa og med varer, men i tillegg er det mykje prat, latter og kvardagsglede.

– Eg jobbar i ein lokalbutikk, og vi bind lokalsamfunnet saman. Det pregar arbeidskvardagen min positivt, forklarar Korsvik.

Særleg under koronapandemien har arbeidsdagen vore gjevande, fortel ho.

– Vi har møtt nesten alle dei som elles har isolert seg. Vi har hatt gleda av å vere den eine personen dei pratar med ansikt til ansikt den dagen. Eg har hatt mogelegheita til å vere meir enn berre ei kassadame, eg har vore litt kvardagsglede.

25-åringen fortel at mange har gleda seg til å handle, fordi det på butikken alltid har vore folk å sjå.

– Det har så klart òg vore utfordrande å bruke munnbind i høgtider osb., men det har gjeldt andre meir enn meg, ettersom eg held til på ein liten plass med mildare restriksjonar, heldigvis.

Det beste med butikkjobben er kontakta med lokalsamfunnet.

– Eg kjenner til dei fleste i bygda og har mogelegheit til å prege deira kvardag med smil og latter. Det er òg ein sosial jobb i forhold til andre kollegaar, mange av kollegaane mine er nære venner gjennom arbeidsplassen min.

Severin Poppe Midteide deler innblikk i røyrleggarkvardagen på TikTok, noko som skaffar han mange nye kundar. Foto: Norges Hyggeligste Håndverker, Skjermdump frå Tiktok @severin_suveren1

Vanskeleg å vere i rampelyset

På den andre sida, så er det òg utfordrande å vere i «rampelyset» ein heil arbeidsdag, medgjev Amalie Korsvik.

– Å skulle skjule tunge dagar for heile lokalsamfunnet. Ein annan ting er at folk er ulike og ein må ta alle som dei er, yte same service til dei som kanskje ikkje er like hyggelege mot personalet.

Heldigvis er det ikkje mange slike situasjonar, fortel ho, og legg til at dei gode møta veg opp for dei dårlege.

– Det kundar kan gjere for at eg skal ha ein god dag på jobb er å sjå at vi i kassa (og butikken elles) er vanlege folk. Vi gjer feil, vi kan ikkje alt, men vi prøver alltid å yte best mogeleg service og strevar mot berre fornøgde kundar, seier ho og held fram:

– Smil til personen i kassa, det er eit medmenneske det også.

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med?

– Butikkjobben er ofte sett på som dårleg betalt, varierte arbeidstider og for folk utan utdanning. Så klart er det jo litt sanning i dette, men jobben i seg sjølv er gjevande for dei som trivst med det.

I tillegg peikar 25-åringen på at butikkmedarbeidarar er blant dei som har hatt ein trygg arbeidsstad under koronapandemien, noko andre med høgare utdanning kunne mangle.

– By på deg sjølv

Amalie Korsvik meiner butikkyrket passar for alle som likar menneske.

– Tips til unge som ynskjer å jobbe i butikk må vere å først og fremst by på seg sjølv, rår ho og forklarar:

– I ein sosial jobb er det enkelt å trivast dersom ein vågar å kaste seg uti det og oppsøke kontakt med kunden. Sjå mogelegheitene, det finst eit hav av mogelegheiter i butikkyrket.

Om ein gjer noko ein sjølv synest er kjekt, så betyr ikkje småting som løn og arbeidstid all verda, meiner 25-åringen.

– Eg ville ikkje bytta, tent mykje meir og mistrivest i kvardagen min.

Korsvik drøymer om å halde fram i butikkyrket. Ho håpar å verte avdelingsleiar og meistre yrket, slik at ho kan ha ein trygg, gjevande og kjekk arbeidskvardag i mange år framover.


– Noko av det tøffaste med jobben er å vere i kontakt med pårørande, seier Tommy Andersen. Foto: Privat

Fakta

Alder: 25 år
Frå: Fitjar, Vestland
Yrke: Butikkmedarbeidar, SPAR Fitjar
Utdanning: Inga utdanning etter VGS

Fakta