Yrket mitt: Fredrik (21) har stått på søppelbil som krasja

Etter å ha prøvd seg innan helsefag, valde Fredrik Grande Brå ein heilt annan yrkesveg.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg tenkte det var ein roleg og enkel jobb, men eg tok litt feil. Det er eit yrke som krev at ein er i god fysisk form og toler litt dårleg vêr til tider.

Det skriv Fredrik Grande Brå på e-post til Framtida.no. 21-åringen er lærling som renovatør i Trondheim Renholdsverk (TRV), og køyrer rundt i lastebil for å tømme søppel i byen.

Det leverer han til gjenvinningsstasjonen eller til forbrenning.

Fann yrkesvegen gjennom eit friår

På vidaregåande hadde Brå eigentleg tenkt å jobbe i helsesektoren, og helse og oppvekst, og så ambulansefag, før han valde å ikkje bli lærling.

Fredrik Grande Brå

Alder: 21

Frå: Klæbu i Trøndelag

Yrke: Renovatør

Utdanning: Tre år med vidaregåande skule. Eit år på helse og oppvekst ved Heimdal vidaregåande skule, eit år på ambulanse ved Lukas videregående skole og eit år påbygg ved Cissi Klein videregående skole.

 

 

Då var det eit friår der han ville jobbe, og han vart tilkallingsvikar for TRV gjennom Manpower.

– Eg vart godt likt blant teamleiarane og sjåførane. Det førte til fleire vakter og eg fekk kjenne på korleis jobben var. Etter å ha jobba eit år for Manpower, såg eg dei legge ut ei ledig stilling som lærling, og eg valde å søke.

Brå starta som vikar hausten 2023, og vart lærling hausten 2024.

– Etter å ha vore med på lastebil i eit år har eg endeleg funne det eg vil gjere.

Stabil og tidleg arbeidstid

Ein vanleg arbeidsdag startar tidleg. Brå er på plass i god tid for å kunne sjå kva rute han skal køyre, kva bil han får tildelt, skifte til arbeidsklede, og ta ein kontroll av køyretøyet. Så køyrer han ut klokka 7. Klokka 9.30 køyrer han inn att for å ta ein halvtimes matpause med andre kollegaer, før dei held fram med dagen sin.

Etter dei har køyrd rutene sine, leverer dei avfallet, ser over bilen, og vaskar utvendig slik at det er klart til dagen etterpå.

– Det siste vi gjer før dagen er omme er å møte på debrief klokka 14 for å varsle at ruta er køyrd, og alt av ekstra hentingar er tekne.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben min er mine kollegaer, stabil arbeidstid og at ingen dagar er lik som dei andre.

Det mest utfordrande er derimot dei tronge, smale og utfordrande vegane dei må køyre, og fotgjengarane dei ofte køyrer blant.

Må tole all slags vêr

Brå trur mange meiner yrket er roleg og enkelt, men han skriv at dei må gjennomføre 200 til 300 stopp om dagen, og dei tyngste avfallsbehaldarane veg 200 til 300 kg.

Han kan også avkrefte nokre mytar om kjeldesortering.

– Mange trur at sortering er tull og at vi brenn alt uansett. Når vi hentar avfallet, har vi eigen sortering for kvar avfallstype. Maten skal til matteltet, plast i plasthallen, papp og papir i papirhallen, glas og metallemballasje i glashallen og restavfallet tømmer vi på Statkraft Varme

– Kven passar yrket for?

Det er eit poeng i å kjeldesortere, og alt blir ikkje brent same staden, kan Fredrik Grande Brå informere om. | Foto: Trondheim Renholdsverk

– Folk som likar å vere aktive på jobb, toler all slags vêr og likar å køyre på vanskelege forhold.

Stod på lastebil som krasja

Når ein arbeider med tungt maskineri, kan det oppstå utrygge situasjonar, spesielt når ein må køyre uansett føre.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Enten det å skli baklengs 100 meter nedover med renovasjonsbilen, eller det å stå bak på stigtrinnet medan bilen krasjar og eg dett av.

– Kva draumar har du for framtida?

– Ha ein familie, kjøp hus og fortsette å køyre lastebil.