Forbrukarrådet etterlyser ny husleigelov

Husleigelova vernar for dårleg om leigetakarane, og arbeidet med å sikre betre vern går altfor sakte, meiner Forbrukarrådet, som ber politikarane få opp farten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ønskjer ein totalgjennomgang av husleigelova. Det vil seie at det blir sett ned eit lovutval med alle partar involverte, så får vi ein grundig gjennomgang, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Olav Kasland, til Klassekampen.

20 prosent er leigetakarar

Forbrukarrådet gjekk i mars i fjor ut og sa det hasta med å få på plass ei ny lov slik at rettane til leigetakarane blir betre varetekne. Ifølgje dei er omtrent 20 prosent, rundt éin million av nordmenn leigetakarar.

– Hastar

Kasland ber Stortinget ta initiativ til arbeidet Forbrukarrådet meiner trengst.

– Dette hastar. Dette var noko dei fleste partia lova før valet. No må dei følgje opp, seier han.

Vurderer om rettane bør styrkjast

Statssekretær Nancy Porsanger Anti (Sp). Foto: Trond A. Isaksen/regjeringen.no

Regjeringa har varsla ei bustadmelding, men ifølgje Kasland står det ingenting om leige i dei prioriterte punkta.

Statssekretær Nancy Porsanger Anti (Sp) seier likevel at leigemarknaden blir ein viktig del av bustadmeldinga.

– Departementet jobbar no med å kartleggje behovet for ei eventuell revurdering av husleigelova. I dette arbeidet blir det også vurdert om rettane til leigetakarane bør styrkjast.

Som leigetakar er det viktig å kjenne rettane sine. Det kan potensielt spare deg for både pengar og bry. Foto: Bench Accounting/Unsplash