Under 15 prosent får tilgang på studentbustad: – Pilene peikar feil veg

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 29.07.2022 14:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi manglar over 15.000 studentbustader for å nå målet om at 20 prosent av studentar skal ha moglegheit til å bu utanfor den private leigemarknaden, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam i ei pressemelding.

Talet på studentar har auka

Studentbustadundersøkinga i år frå NSO viser at berre 14,6 prosent av studentane i landet får tilgang til ein studentbustad.

Dei siste åra har talet på studentar auka. Samtidig har bygginga av nye studentbustader ikkje heldt følgje. I år er det ein nedgang på 0,15 prosentpoeng samanlikna med fjoråret, ifølgje studentorganisasjonen.

– Pilene peikar feil veg. For å få opp dekningsgrada er vi nøydde til å byggje fleire nye studentbustader og ta vare på dei bustadene vi allereie har, seier Dam.

Lågast dekningsgrad i Agder og Oslo

Ifølgje undersøkinga har studentsamskipnaden i Agder lågast dekningsgrad på studentbustader på 11,75 prosent i år. På plassen bak kjem Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og Studentsamskipnaden i Innlandet med ei dekningsgrad på høvesvis 12,40 og 13,03 prosent.

– Det vil vere utfordrande å nå det nasjonale målet om ei dekningsgrad på minst 20 prosent om eldre studentbustader blir rivne eller blir selde, framfor å oppgraderast, kjem det fram i undersøkinga.

Når det gjeld studentsamskipnadene med best dekning av studentbustader, finn ein Studentsamskipnaden i Indre Finnmark og Studentsamskipnaden i Ås. Der er dekningsgrada på høvesvis 32,88 prosent og 34,12 prosent.