Grøn dagbok: – For å vere heilt ærleg er eg ganske stressa for at eg kjem til å ta feil val

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 04.07.2023 15:07

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I Noreg er det 1 av 4 som trur at klimaendringane ikkje er menneskeskapte. Eg er ikkje ein av dei. Likevel gjer eg ikkje alt eg kunne ha gjort for å leve grønast mogleg. Derfor skal eg i ei veke prøve å leve så grønt eg kan og ha minst mogleg negativ påverknad på klima og miljø. For å vere ærleg så veit eg ikkje heilt kva dette inneber.

Ei grøn veke

Eg ser på meg sjølv som ein ganske normal norsk 23-åring. I alle fall når det kjem til dette temaet. Sjølv om eg er fullt klar over kva som skjer med kloden vår, gjer eg ting som er ganske drit for klimaet og miljøet vårt.

Eg har nyleg hatt eit friår der det vart ein god del flyturar. Eg kjøper nye klede fordi eg har lyst på dei, ikkje fordi eg treng dei. Og eg et framleis kjøt av og til. Dette er ting eg veit er dårleg, og som eg eigentleg kunne ha tenkt meg å endre på.

I ei veke skal eg prøve å leve så normalt som mogleg, men vere meir medviten i vala eg tek. Eg ønskjer også å få meir kunnskap om korleis mine vanar påverkar jorda vår.

Dag 1: Bli vegetarianar

Kvar morgon tek eg t-bana til jobb, slik som mange andre i Oslo. Foto: Emilie Hansen.

Utanom helgene startar dagane mine stort sett ganske likt. Eg slumrar så lenge som mogleg, går i dusjen, sminkar meg (noko eg sikkert burde ha droppa både for klimaet og miljøet), får i meg frukost om eg har tid (visst ikkje et eg på kontoret medan eg sjekkar mail), og går eller spring til T-bana. Sånn startar også den første dagen i Den grøne veka.

Då eg kjem fram til kontoret prøver eg å finne ut ein måte å rekne ut utsleppa mine på. Både for å sjå kva utgangspunktet mitt er, og kva utslag denne veka kan få. Eg lastar ned 8 ulike appar, men ingen av dei gjev meg svar på det eg lurer på!

Rett før eg slenger mac-en i veggen (neida) kjem eg over sida Ducky. Der kan ein svare på nokre enkle spørsmål fordelt på fem ulike kategoriar, for å så få eit estimat av sine årlege utslepp.

Samanlikna med andre i Noreg, trur eg ikkje eg er så ille. Men det norske gjennomsnittet er jo ikkje akkurat noko å hige etter i denne samanhengen. Ifølgje Ducky er det norske gjennomsnittet på litt under 14 000 tonn CO₂-ekvivalentar i året.

Om eg skulle ha levd som eg gjorde i reise-friåret mitt, så hadde eg framleis vore under det norske gjennomsnittet ifølge målinga. Det er heilt sjukt.

Om eg skal få ned utsleppa mine må eg heilt klart reise mindre, bli vegetarianar, kutte ned på meieriprodukt, bli flinkare til å skru av mac-en når eg ikkje brukar den, og kjøpe færrast mogleg «greier». Utanom desse tinga veit eg ikkje heilt kva eg kan gjere.

For å vere heilt ærleg er eg ganske stressa for at eg kjem til å ta feil val, ikkje vere flink nok, ikkje kunne delta i det sosiale, eller at det blir for dyrt.

Eg skulle ønskje der var ei heilt enkel oversikt over «does and don’ts». Ein kollega tipsar meg om «Den store klimaguiden» av Thomas Horne. Boka blir kjøpt så fort arbeidsdagen er over, i håp om å få litt hjelp.

Dag 2: Filmkveld med linsechips og norsk øl

Ifølgje klimaguiden kan det sjå ut som transport har mest å seie for utsleppa til kvar enkelt. Dette visste eg vel i grunnen, men eg var ikkje klar over kor gale det var. Heldigvis skal eg ikkje reise noko særleg denne veka, og når eg gjer det er det med kollektivtransport til og frå sentrum. Dette er ein veldig kort tur, og har lite utslepp. Heldigvis.

Etter transport ser eg på mat. Som forventa er det høgast utslepp av kjøt. Deretter ost (?!), fisk, og egg. Det som kjem best ut på mat er norske jordbær, norsk kål og rotgrønsaker, og norske eple og pærer. Generelt var det lågt utslepp av frukt og grønt. Korn har også ganske låge utslepp, men ris har faktisk fire gonger meir utslepp enn korn! Dette var eg ikkje klar over i det heile. Ifølgje klimaguiden er det betre for klimaet å ete pasta enn det er å ete ris. Eg elskar pasta, så eg klagar ikkje.

Sidan ost har så høgt utslepp bestemmer eg meg for å ikkje ha ost på skiva dei neste dagane, og å ikkje drikke mjølk. Det er ikkje store oppofringar, men det kan ha ein del å seie i løpet av eit år. Sidan eg har diverse meieriprodukt i kjøleskapet kjem eg likevel til å bruke det eg har, sidan det er mykje verre å kaste mat!

I tillegg til handling av snop, kjøper eg også inn plantebaserte alternativ til produkt eg brukar mykje i kvardagen min. Foto: Emilie Hansen.

Etter jobb kjem ein kompis på filmkveld. Vi fer på butikken saman for å snope litt, men kva kan eg eigentleg snope? Alt er jo pakka inn i eit eller anna, og eg har ikkje peiling på korleis ting har vorte produsert eller kor det kjem frå. Etter å ha brukt litt for lang tid i butikken endar eg opp med linsechips og eit lite tøynett med nøtter i. Eg veit ikkje om dette var det beste valet å ta, men eg håpar det ikkje var det verste i alle fall. Etter å ha blade opp i boka så tek vi oss kvar vår norske øl, ettersom norsk øl har lågare utslepp enn vin.

Dag 3: Pizza- eller tacofredag?

I dag synest eg ikkje det er så utfordrande å leve klimavenleg. Eller det vil seie, eg er ikkje heilt sikker på om det eg gjer er bra, men eg prøver. Om det eg trur er bra, faktisk er bra, så er eg nøgd.

Tacosalat med quinoa og grønsaker er overraskande digg! Foto: Emilie Hansen.

Dagens største dilemma er om eg skal ha pizza eller taco til middag. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det blir pizza med heimelaga botn. Mest av alt blir dette valet teke på bakgrunn av all ekstra emballasje knytt til taco. Lefsene er jo pakka inn i plast, og endå til litt papir. Pizzabotn har eg laga før, så det er ikkje så big deal (bank i bordet), men tacolefser veit eg ikkje heilt.

Etter eg kjem heim og sjekkar kva som faktisk er i kjøleskapet, så blir det ikkje pizza eller taco, men ein slags tacosalat med quinoa! Det var digg nok til at eg følte at det var fredag. Resten av kvelden chillar eg heime med litt snop, altså restane frå filmkvelden, og ein bolle frå næraste bakeri. God helg!

Dag 4: Sunt eller klimavenleg?

Helg er noko av det beste eg veit. Fyrst og fremst fordi eg ikkje treng å sette på alarm, men også fordi alt kan gå i eit sakte tempo etter eg har kome meg opp frå senga. Eg tek ein kaffi og ein kjøleskapsgraut til frukost medan eg ser ein film. Eg set også på oppvaskmaskina på eco-programmet etter eg har fylt den heilt opp. Det å spare på vatn er viktig, noko som eg var klar over frå før, men ikkje så bevisst på i kvardagen min.

Seinare ruslar eg (å gå er betre enn å ta buss/t-bane) ned til sentrum for å gjere nokre ærend. Og nei, ingen av dei gjekk ut på å kjøpe nye klede og sko! Det har eg meir enn nok av. Medan eg er i sentrum møter eg ein kompis. Vi bestemmer oss for å ete frozen yoghurt i sola. Det fyrste eg tenker er at dette er betre for miljøet, og blir kjempeglad! Så kjem eg på at dette har eg faktisk ingen kunnskap om, men at eg hadde forveksla det med kva som er sunt og ikkje.

Igjen vert eg skuffa over at eg faktisk ikkje har oversikt over kva som er best for kloden vår. Is er jo ikkje det viktigaste i verda. Men om ein fyrst skal nyte ein dag i sola, kva is burde ein velje?

Dag 5: Gløymte «leve så grønt som mogleg»-greia

Cappuccino med havremjølk, økologisk eplemost, og ein skogsopp-toast. Nam! Foto: Emilie Hansen.

Søndagen startar med frukost ute på kafé saman med eit vennepar. Vegetaralternativet var superdigg. Vi sat er lenge og catcha opp på stort og smått, før vi gjekk vidare på søndagsmarknad. Eg skulle eigentleg ikkje kjøpe noko, men så kjem eg på at eg må kjøpe nokre gåver til folk som snart har bursdag.

Sjølv om det hadde vore betre å få ei oppleving, tenker eg at det framleis er betre å kjøpe noko handlaga og unikt, enn noko som er masseprodusert på fabrikk i eit anna land. Etter fyrste marknad, går vi på marknad nummer to. Også der kjøper eg noko lite. Eg gløymte litt heile «leve så grønt som mogleg»-greia. Men igjen! Det var ikkje masseproduserte greier!

Etter å ha støtta unge kunstnarar og handverkarar tek vi oss ei utepils på ein av barane i sentrum. Eg kjenner litt på det når eg drikk øla at det er mykje co₂-ekvivalentar i omløp, og at eg eigentleg kunne tenkt meg å ta ei til, men at det hadde vorte for mykje. Med andre ord er eg veldig takknemleg for at det var ei roleg helg utan seine kveldar, for då kunne plutseleg co₂-utsleppet mitt ha auka veldig.

Vel heime bestemmer eg meg for å lage heimelaga pizza, og pizzasnurrar. Eg brukar ost på både pizza og pizzasnurrane, men det var allereie i kjøleskapet! (nr. 1 unnskyldning). Eg fekk brukt opp nokre pestorestar på toppen av pizzaen, så ingen restar vart kasta. I tillegg er det sjukt digg med grøn pesto på pizza, hihi.

Dag 6: Vanleg liv med svart kaffi

Eit lite og enkelt tiltak er å bytte ut cappucino eller kaffelatte med vanleg svart kaffi. Foto: Emilie Hansen.

Helga er over, og det er måndag igjen. For å vere heilt ærleg så tenkjer eg ikkje lenger over at eg skal ha ei grøn veke. Eg veit ikkje om dette betyr at det ikkje var så store endringar eg måtte gjere, eller om eg gjer ein heilt sjukt dårleg jobb på å få ned CO₂-utsleppa mine. Altså, eg veit eg kunne ha gjort meir. Eg kunne ha laga heimelaga tofu, og havremjølk. Eg kunne ha ete berre frukt og grønt etter sesong, og gått på spesialbutikkar som ikkje har emballasje på det dei sel. Men det har eg ikkje gjort.

Når eg tenkjer over det, så blir eg litt skuffa over eigen innsats. Kanskje vart det for store tiltak å fare til andre sida av byen for å kjøpe alt i lausvekt? Kanskje det vart for dyrt? Eg veit ikkje heilt. Eg har jo berre hatt ei heilt vanleg veke, der eg har prøvd å redusere utsleppa mine, og det har jo eg faktisk gjort!

Endå eit bevis på at ein kan ete mykje god mat ute, utan kjøt. Foto: Emilie Hansen.

Etter jobb denne dagen møter eg ei veninne for å ete middag ute. Der var så mange ulike kjøtfrie alternativ på Oslo Streetfood, at det vart vanskeleg å velje. Til slutt vart det norsk øl og halloumi-gyros. Kjempegodt! Ikkje vegansk, men i alle fall vegetarisk.

Dag 7: Kjem eg til å fortsette slik?

I dag er siste dagen av den grøne veka. Eg er ikkje nær ved å fylle opp mat-, plast-, rest- eller papiravfall. Eg har ikkje brukt vaskemaskina, sidan eg ventar til ho kan fyllast heilt opp, og eg har berre brukt oppvaskmaskina eín gong.

Når eg har vore på butikken har eg alltid teke med meg handlenett, og eg har ikkje brukt plastposar på frukt og grønt. Eg har ikkje ete noko kjøt, og eg har redusert meieriinntaket mitt. Eg har heller ikkje kjøpt nye klede eller greier (utanom når eg var på marknad).

Det å gjennomføre dei endringane eg har gjort var ikkje så vanskeleg, i alle fall ikkje på ei veke. Kunne eg ha gjort det betre? Ja. Har eg likevel minska mine negative påverknadar på klimaet og miljøet? Ja, det vil eg seie. Kjem eg til fortsette å leve slik? Meir eller mindre ja.

Eg kjem truleg ikkje til å bli heilt vegetarianar, men eg har eigentleg ikkje behov for kjøt i kvardagen min, heller ikkje når eg et ute tydelegvis. Det er også mange gonger eg kan byte ut kumjølk med havremjølk, og det er ikkje nødvendig å alltid ha kvitost på skiva.

Eigentleg trur eg alle desse små endringane ein kan gjere i kvardagen handlar om vanar. Det hadde vore fint om eg starta å leve på ein måte som ikkje gjev meg dårleg samvit.

– Om eg skal redusere mine utslepp, kan ikkje staten også gjere det?

Det som er litt provoserande er at staten slepp ut om lag 2,5 tonn CO₂-ekvivalentar per person i Noreg. Om eg skal redusere mine utslepp, kan ikkje staten også gjere det? Eller i alle fall gjere det lettare for meg å redusere mine utslepp endå meir?

Eg trur det hadde hatt stor effekt om det ikkje var opp til kvar enkelt å måtte lese seg opp om temaet og bestemme sjølv om ein ønskjer å bry seg om klima og miljø eller ikkje. Sjølv om eg er over snittet opptatt av klima og miljø, har det vore vanskeleg å ta gode val, fordi eg ikkje veit korleis. Det kan vere veldig forvirrande, og ikkje minst overveldande å skulle finne ut av kva som er bra og ikkje, heilt aleine.

Alt i alt er eg nøgd med veka mi. At det har gått såpass lett, er heilt klart i stor grad fordi eg har budd i Oslo denne perioden. Oslo er den kommunen i landet som har lågast CO₂-utslepp i gjennomsnitt per innbyggar – folk i Oslo lever i gjennomsnitt meir energieffektivt, og har betre tilgang på kollektivtransport. Eg trur ikkje det hadde vorte det same om eg tok ei grøn veke på øya eg kjem ifrå på Sunnmøre.

Foto: Annie Spratt, Jan Baborak, Mike Erskine, Chris Leboutilliter, Fabien Maurin, Mika Baumeister/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no.