«Er Jens finansminister, eller støttekontakten til Jonas?»
Det bør ikkje vere sånn at tidlegare statsministrar, og NATO-sjefar får automatisk større rom berre fordi dei er kameratar med statsministeren, skriv Sander Hagesveen.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Det har nesten vorte litt komisk kor ofte vi ser Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre saman for tida. Det er Jonas og Jens i media, Jonas og Jens på besøk, Jonas og Jens på reise – ein skulle nesten tru at det var tospann-regjering.
Er Jens finansminister, eller støttekontakten til Jonas?
Ein uvanleg synleg finansminister
Dette er ikkje eit personleg angrep på Jens Stoltenberg – tvert imot. Eg har stor respekt for det arbeidet han har gjort. Men det bør ikkje vere sånn at tidlegare statsministrar, og NATO-sjefar får automatisk større rom berre fordi dei er kameratar med statsministeren.
Det er ikkje vanleg at finansministeren er så synleg, og er med på så mange ulike arrangement og andre utspel som Stoltenberg gjer. I alle fall om du samanliknar tidlegare finansministrar – Sigbjørn Johnsen, Siv Jensen eller Jan Tore Sanner.
Elles kan du ta ein titt på dagens regjering: Kor ofte ser du kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun saman med statsministeren? Eller Lene Vågslid? Anniken Huitfeldt fekk langt frå same plass, sjølv om ho var utanriksminister?
Det verkar veldig openbert at regjeringa – særleg statsministeren – medvite spelar på Jens-kortet. Eg forstår lett kvifor dei gjer det. Jens Stoltenberg er ein veldig populær og dyktig politikar. Det er det brei semje om – også på tvers av partia. Han har lang fartstid, høg tillit blant befolkninga og internasjonal anerkjenning.
Rokkar ved balansen i regjeringa
Men det bør likevel vere lov å setje spørsmålsteikn ved kvar grensa går mellom vennskap og profesjonelle relasjonar. Det er openbert at Jonas og Jens har vore venner i mange år. Det i seg sjølv er ikkje problematisk.
Men når denne vennskapen synest å påverke fordelinga av merksemd og moglegheiter internt i regjeringa, er det på plass å stille seg spørsmålet: Er dette rettferdig? Er det i tråd med god politisk praksis?
Det handlar om meir enn berre PR. Synlegheit betyr makt. Å få vere med på reiser, offentlege besøk og andre strategiske utspel – det er ein måte å posisjonere seg politisk – både i offentlegheita og i partiet. Når éin statsråd får ei slik rolle, medan andre blir haldne meir i bakgrunnen, rokkar det ved balansen i regjeringa.
Støttekontakten Jens
I april 2025 deltok Jens Stoltenberg saman med statsminister Jonas Gahr Støre i eit møte med president Donald Trump i Det kvite hus. Denne typen deltaking, der finansministeren følgjer med i slike diplomatiske toppmøte, er langt meir vanleg for utanriksministeren. Dette er berre eitt av mange døme på moglegheiter Stoltenberg får.
Neste gong du får valkampbrosjyre frå Arbeidarpartiet, eller ser nyheitene på TV: Legg merke til kven som står ved sida av Jonas. Det er sjeldan ein annan statsråd. Ofte er det berre éin – støttekontakten Jens.