Spire: «Forbrukarmakt er politisk ansvarsfråskriving»

Elise Åsnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar.

Tidlegare i veka publiserte NRK ei lengre sak om ungdommar si «30-dagars utfordring».

Utfordringa går ut på at enkeltpersonar skal gjere eit klimavenleg tiltak kvar dag i ein månad. For all del, dette er flinke ungdomar som prøver å gjere noko. Men saka i seg sjølv treng sårt ei nyansering.

Faksimile. NRK. 14.02.2022

Vi unge får stadig høyre at vi må gjere det vi kan for å redusere vår eigen negative påverknad på klima og natur.

Vi blir presenterte med skremmande FN-rapportar om kor dårleg det går med verda, og får vidare høyre at det vi kan bidra med er å kutte i eigne utslepp. Men er det eigentleg nok om individet åleine tek grep?

Men er det eigentleg nok om individet åleine tek grep?

 

Samstundes som vi blir fortalde at vi må gjere det vi kan, har den norske stat refusjonsordningar for klimafiendtleg industri, gir utsleppstillatingar til dumping av giftige kjemikaliar i fjordane våre, og framforhandlar frihandelsavtalar som har store negative konsekvensar for menneskerettar og miljø.

Fleire av desse tinga som Noreg gjer for å sikre vidare økonomisk vekst blir til og med gjort i «det grønne skifte» sitt namn.

Økonomisk vekst blir konsekvent prioritert over menneske og miljø. På bakgrunn av dette var FNs naturpanel klokkeklåre i sin rapport som slo fast at den einaste vegen ut av miljøkrisa er å forlate vekstparadigmet.

Det evige fokuset på stadig meir økonomisk vekst er sjølve årsaka til krisa vi er i, og dersom vi ikkje tek eit reelt oppgjer med denne feilprioriteringa vil vi ikkje nå klimamåla våre.

Økonomisk vekst blir konsekvent prioritert over menneske og miljø.

 

Det er diverre ikkje nok at individ tek nokre miljøvenlege grep i kvardagen åleine.

Sugerøyr ein kan bruke omatt frå eBay, kjøtfrie middagar med importert soya, og «berekraftige» somarkjolar frå H&M gir kanskje ei kjensle av å ha bidrege med noko – men i realiteten er det med på å legitimere ei grønvasking av det systemet som skapte miljøkrisa i utgangspunktet.

Dersom politikarar og beslutningstakarar overtyder enkeltindividet om at dei kan løyse klimakrisa ved å ta korte dusjar og sykle til jobb, skapar dei heller ein falsk tryggleik i befolkinga.

Ja, alle monnar dreg, men nokre monnar dreg ekstra mykje – slik som olje- og gassnæringa.

Dagens makt- og samfunnsstrukturar fører til ein urettferdig og miljøskadeleg bruk av verdas ressursar.

Desse må endrast om vi skal få til ekte klimahandling. For å oppnå det må vi rette innsatsen vår mot å endre politikken, lovverket og insentiva som vernar om ideen om Noregs evige økonomiske vekst på kostnad av miljøet.

Om ikkje dette vert endra først, vil individa sine klimatiltak berre bli oppetne av det umettelege behovet regjeringa har for meir profitt.

Svaret på klima- og naturkrisa er ikkje å leggje ansvaret hos ungdomar og skuleelevar. Det er eit altfor stort ansvar å bere – og det vil berre føre til meir klimaskam og -angst.

Vi må heller endre dei grunnleggjande strukturane som har skapt, og framleis skapar, klimaendringane.

Og klimaskamma? Den høyrer heime hos politikarane, ikkje hos individet.

Forbrukarmakt er politisk ansvarsfråskriving.


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a)framtida.no! 

Krisene i Malawi, Zambia og Ukraina fekk lite mediemerksemd i 2021. Foto: AP Photo/Thoko Chikondi // AP Photo/Tsvangirayi Mukwazhi // AP Photo/Andriy Dubchak // kollasj Framtida.no