Klima, pandemi, terror, atomvåpen: – Ekstremt akutt å adressere korleis vi handterer risiko generelt, og endring spesielt

Edith Meek Allern
Publisert
Oppdatert 01.08.2022 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokon gongar er det lett å tenkje at ein er liten og ikkje har noko å seie, men vi undervurderer eiga evne til å skape endring, seier Karen O’Brien.

Ho er professor ved institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, jobbar i FNs klimapanel, FNs Naturpanel, og har grunnlagt organisasjonen cCHANGE.

Karen O’Brien er klimaforskaren som trur det framleis kan gå bra.

– Men håpet må vere forbunde med handling, understrekar ho.

Foto: Susan Jackman, UiO.

Vi må forstå at vi lever i eit risikosamfunn – at vi produserer vår eiga sårbarheit og undergrev føresetnader for livet på jorda – men vi må òg forstå potensialet i alle menneske til å skape forandring saman, seier O’Brien.

Risikosamfunnet

Omgrepet risikosamfunnet kjem frå den tyske sosiologen Ulrich Beck, som sette samtidsdiagnosa kort tid etter Tsjernobyl-ulykka i 1986.

Beck tolka nye, globale trugslar som paradoksale biverknader av moderne utviklingstrekk:

Industrialisering og vekstorientert økonomi har ført til farlege klimaendringar. Teknologisk utvikling har skapa atomvåpen. Globalisering har mogeleggjort globale terrornettverk og ein verdsomspennande pandemi.

Utviklingstrekk som har skapa stor velstand, set med andre ord heile samfunn i grunnleggjande fare, påpeika Beck.

Foto: International Students’ Committee/ Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0

Omgrepet risikosamfunnet gir slik ein måte å tenkje om aktuelle trugslar som klimaendringar, atomvåpen, terrorisme og pandemi i samanheng, der risiko vert eit kjerneomgrep for å forstå det moderne samfunnet.

O’Brien meiner Beck sitt poeng om at vi skapar risiko for oss sjølv og produserer vår eigen sårbarheit, er relevant for samtida:

– Klimaendringane gjer det ekstremt akutt å adressere korleis vi handterer risiko generelt, og endring spesielt, meiner O’Brien.

Beck påpeika mellom anna at trugslane i risikosamfunnet kan karakteriserast av å i liten grad vere synlege før det er for seint å avverje, og det sentrale politiske spørsmål i risikosamfunnet vert difor å førebyggje.

Det knyter seg til korleis menneske lever og korleis samfunn og institusjonar organiserast.

Ønsker eit framtidsombod

Foreldra har hatt ein kjempefest og vi må vaske opp

Julie Rødje er nyleg avtrappa leiar i Spire, som jobbar med mellom anna klima, mattryggleik og global utvikling. Rødje seier politikk generelt er reaktivt, og at politiske tiltak vert konsentrert rundt kriser som har inntreft, snarare enn tiltak for å unngå kriser. Spire er meir opptekne av å førebyggje enn å berre reagere, seier Rødje.

Ho meiner kortsiktig politikk og vekstorientert økonomi er hovudårsaker til risikosamfunnet:

Det er to av kjerneelementa i det politiske systemet, og har resultert i rovdrift på naturen og ekstreme klimagassutslepp.

Julie Rødje. Foto: Privat

Rødje seier risikoane samfunnet står overfor krev strukturell endring både av system som politikk, jus, media og særleg økonomi.

Medan det er mykje merksemd rundt faren ved risikoar, er det lite merksemd på løysningar, meiner Rødje. Ein av idéane til Spire er å etablere eit framtidsombod.

Eit framtidsombod skulle vore eit fagleg, nasjonalt ombod som sikra det berekraftige perspektivet opp mot kortsiktig økonomisk gevinst, og heldt politikarar ansvarlege, forklarar Rødje.

Medan Noreg har eit barneombod som jobbar for interessene for barn i til dømes mobbesaker, omfattar ikkje oppgåvene deira å vurdere konsekvensane av politikk for rettane til barn på lang sikt eller for framtidige generasjonar, seier ho. Rødje legg til at eit framtidsombod ikkje kunne løyst alt, men meiner det potensielt kunne vore eit viktig verktøy.

Rødje presiserer at legitimiteten til eit framtidsombod er avhengig av brei partipolitisk støtte. Ombodet måtte ha hatt kompetanse til å setje grenser for politisk handlingsrom med omsyn til framtidige generasjonar, men likevel ikkje kunne leggje ned veto på alt.

Ho fortel at ordninga er prøvd ut i fleire land, i nokre med gode resultat og andre ikkje. I Ungarn la framtidsombodet  til dømes ned veto mot så mykje politikk at det vart forkasta ved neste val, fortel Rødje.

– Eit framtidsombod skulle sikra framtidige generasjonar sine interesser, for dei vert ikkje elles hugsa, seier Rødje.  

– Klimaendringar handlar ikkje berre om klimagassutslepp

Å fokusere på klimaendringar som eit teknisk problem om utslepp, teknologi og åtferdsendring, kan ifølgje Karen O’Brien gjere at vi ikkje ser korleis vi påverkar systema vi er ein del av. I staden meiner ho klimaendringar burde handterast som eit relasjonelt og menneskeleg problem:

– Reduserer vi klimasaka til å berre handle om klimagassutslepp, vil vi kanskje satse på storskala manipulering av atmosfæren mot klimaendringar, kjend som geoengineering.
Tek vi med sosiale og menneskelege dimensjonar, kan vi forstå klimaendringar som eit resultat av korleis vi har organisert økonomi, politikk og samfunn, seier O’Brien:

– Utsleppa er eit resultat av korleis kapitalisme, individualisme, materialisme og så vidare, fungerer.

Om vi handterer klimaendringar djupare – som eit spørsmål om system, kor vi er del av det systemet – løyser vi òg dei underliggjande årsakene til at vi har eit klimaproblem, seier O’Brien. Korleis vi handterer klimaendringar, vil ha mykje å seie for andre risikoar som atomvåpen og tap av biologisk mangfald, understrekar ho.

Paradigmeskift

I 2021 gav ho ut boka You matter more than you think: Quantum Social Change For A Thriving World. I boka hentar ho inspirasjon frå kvantefysikken for å utforske korleis endring skjer.

Kvantefysikken oppstod for omtrent 100 år sidan. Oppdaginga førte til eit systematisk skift i fysikken frå å forstå materie som fast og ugjennomtrengeleg, til eit univers av samanfiltring, uvisse og moglegheiter, forklarar O’Brien i boka. Det representerte eit paradigmeskift i fysikken.

Paradigme kjem frå gresk og betyr mønster eller mønstergyldig døme. Paradigme brukast om «problemløysingar» som tener som eit slags mønster innan same fagfelt. Vinn eit nytt paradigme fram, vert det gamle fortrengt, og det er tale om eit systematisk skift i måte å tenkje på.

O’Brien meiner paradigmeskift er ein effektiv måte å skape endring, som vi alle speler ei rolle i å skape, men understrekar at det kan vere både vondt og krevje mot å tre ut av paradigme. Ho trekk fram at fleire og fleire, særleg unge, likevel gjer nettopp det: seier nei til nye klede, førarkort og vekstøkonomi. Ved sidan av individualisme, er det sentralt, meiner O’Brien, å skifte paradigme i korleis menneske relaterer til natur.

Ho nyttar og metaforar frå kvantefysikken til å utforske korleis forholdet mellom «oss» og «natur», «subjekt» og «objekt», kan endrast.  

Vi har lang tradisjon for å tenkje at naturen tener oss, men å leve med naturen – som natur – er ein av dei store endringane samfunnet verkeleg må gjere.

Karen O’Brien visar til andre kunnskapstradisjonar og urbefolkningar som inspirasjonskjelde for nye paradigme om korleis vi relaterer til natur, som natur. Ifølgje er verda vi ser no eit resultat av idear som har framandgjort menneske frå dei sjølve, landet deira og samfunna deira.

«Biosphere fingerprint» av Tone Bjordam som har illustrert boka til O’Brien. – Kunst og kreativitet har ei sentral rolle i å skape forandring, mellom anna ved å formidle nye perspektiv, seier O’Brien. Gjeve att med løyve.

– Vi er systema vi endrar

Samfunnsvitarar har bygd på metaforar frå kvantefysikken kva gjeld oppbygninga og verkemåten til grunnleggjande partiklar, atomar, molekyl og faste stoff, og korleis desse kan påverke kvarandre, til å beskrive samfunn og relasjonar mellom menneske. Det er dette som kallast quantum social change. O’Brien byggjer vidare på desse teoriane med særleg fokus på klimaendringar.

Ho meiner at det er ei sterk kopling mellom individ/grupper og strukturar når det kjem til samfunnsendring:

– Vi har ein ide om at vi er veldig åtskilde, men vi både påverkar og vert påverka av andre heile tida. Vi underdriv eigen evne til å skape endring og ser ikkje naudsynt alt vi bidreg – men kvart menneske har som del av ein familie eller eit lokalsamfunn ei sfære for innflytelse. Du trakkar opp ei sti, som andre kan følgje, seier O’Brien og legg til:

– Når vi endrar oss, endrar vi og samfunnet rundt oss.

Ho byggjer på teoriar kor system og strukturar eigentleg ikkje vert forstått som ekte, men som materiell røynd skapt av ideane våre. «Meatless monday» er eit døme på ein idé som har bidrege til endra materiell røynd i form av forandra kantineutval, fortel ho.

Det kokar ned til å tenkje på ei berekraftig verd, dra idéen inn i augneblinken ved å praktisere den, og slik materialisere den til røynd:

– Når eg jobbar med klimatilpassing, handlar det for meg om tilpassing av hovudet vårt. Quantum social change er ein måte å sjå på korleis lokal og global handling, handling ovanifrå og underifrå, er relatert og korrelert – at vi alle er del av ei større endring. Vi er systema vi endrar, seier O’Brien.

Om vi kan skape endring er ikkje eit spørsmål

O’Brien seier at når ein tek innover seg kva som er på spel, særleg i klimasaka, er det ikkje eit spørsmål om vi kan forandre samfunnet eller ikkje:

– Det er som mange unge allereie har forstått, at spørsmålet ikkje er om eg har noko å seie eller ikkje. Eg må.


Her vert Aleksander Snarheim arrestert av politiet ved Førdefjorden. Foto: Amanda Iversen Orlich/Flickr/CC BY-ND 2.0