«Vi har komme dit i 2025 at fascisme og folkemord ikkje lenger er historie, det er samfunnsfag»
– Kven er eg når ein venn spreier rasisme? Kva gjer eg når ekstreme haldningar blir retta mot ein framand? Kva veg ser eg, når det ekstreme blir den nye normalen, og ingen andre seier frå?
Dette er ei tale som først vart framført i regjeringskvartalet 22. juli 2025, og er nominert til «Årets tale». Teksta er publisert med løyve og er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Kjære etterlatne, overlevande, pårørande
kjære alle saman,
Kvart år,
Medan sommaren er på sitt aller finaste
Medan barnelatteren høyrest i gata lenge etter leggjetid
Medan mange brukar sine finaste dagar saman med dei ein er glad i
finn mange av oss vegen til eit mørkt rom
Eit minnesmerke
Ei grav
Sorga skulle bli så mykje betre med tida, men ho vart ikkje det.
Ho vart kanskje berre litt mindre framand.
Markeringane våre på 22. juli
minner oss om sorga,
tek oss inn i ho,
og vi kjem ikkje fri frå henne.
Då er det godt å få vere saman med andre som også kjenner det tunge teppet over dagane, vekene og månadene rundt 22. juli.
Markeringane våre på 22. juli
er for alle dei,
Som ikkje kom heim,
For dei som vart frårøva sine aller mest dyrebare,
Og for dei som kom tilbake, men som må leve med at ingenting blir som det ein gong var.
Vi minnest dei som har etterlate seg eit så stort tomrom,
At stilla overdøyver lyden av sommaren.
—
Når vi i dag markerer at det er 14 år sidan terroren ramma oss,
markerer vi også at det er gått 14 år utan dei som ikkje finst meir.
Utan dei, men også utan å få sjå kven dei skulle vorte.
Dei som for alltid skal vere den dei var, sommaren 2011.
Dei fekk aldri lov til å fullføre vidaregåande, til å byrje i ein ny jobb, til å danse den brurevalsen, til å skvære opp med den barndomsvennen dei har krangla med, til å ringje heim og fortelje om den nye dei har vorte glad i som dei skulle ta med heim til jul.
Dei som aldri fekk sjansen til å halde sitt eige barn igjen, eller å halde sitt nyfødde barn.
Dei vart ikkje berre frårøva livet, men dei vart også frårøva kvar einaste glede, sorg, oppleving og milepæl som rommar det som skulle vere eit heilt liv.
Dei vart frårøva alt det.
Og vi vart frårøva dei.
—
På 22. juli er det vårt ansvar å snakke om dei 22. juli handlar om.
Men vi i AUF har også kravd at vi skal snakke sant om kvifor dei ikkje finst meir. Fordi 22. juli er politisk.
Og fordi 22. juli var politisk, må også minnet vårt av dagen vere det.
Dei 77 som skulle vore her i dag, døydde ikkje.
Dei vart drepne.
Drepne fordi gjerningsmannen skulle stoppe muslimsk innvandring til Noreg.
Han ville stoppe rekrutteringa til Arbeidarpartiet,
og ramme hjartet til demokratiet her i høgblokka.
Sidan 22. juli har han sete i fengsel.
Men idéane hans har fått bevege seg fritt over landegrensene.
Og det hatet som brann i han,
har tent nye flammer, andre stader.
Det ser vi kvar dag når politikarar, føredøme, kjendisar, maktmenneske, vel hatet sin veg.
Når minoritetar blir gjorde til fienden.
Og i kommentarfelta der trugslar og hat florerer,
som har vorte verre, ikkje betre, sidan sommaren for 14 år sidan.
—
Tida vi lever i, krev mykje av oss.
Ingen har råd til å late som at det ikkje vil angå dei, dersom
fellesskapen vår blir riven sund.
Derfor må vi skilje mellom kva som er innanfor, og kva som er utanfor å seie, om dei rundt oss, våre medmenneske.
Det er lov å vere innvandringskritisk; det bør ikkje vere greitt å vere rasist.
Det er lov å vere usamd; det er uklokt å gjere alle motstandarane dine til fiendar.
Det er lov, og kanskje også bra, å bry seg om seg sjølv, men det er gift for eit samfunn om vi ikkje bryr oss om kvarandre.
Vi har komme dit i 2025 at fascisme og folkemord ikkje lenger er historie, det er samfunnsfag.
Det ekstreme er ikkje berre i ferd med å bli normalt,
det har vorte det.
Det er den verda vi lever i, og som barna våre skal arve.
I denne tida må vi stille oss sjølve spørsmålet:
Kven er eg når ein venn spreier rasisme?
Kva gjer eg når ekstreme haldningar blir retta mot ein framand?
Kva veg ser eg, når det ekstreme blir den nye normalen, og ingen andre seier frå?
Kampen mot ekstreme idéar er for stor til å bli overlaten til dei som sjølv er ramma av han.
Vi treng føredøme som artisten Marstein, som tør å stå opp mot rasisme på TikTok.
Vi treng han som tør å vere modig i kompisgjengen,
og vi treng ho som seier frå når nokon trakkar over grensa.
—
22. juli viste oss endå ein gong at ord og handling alltid heng saman.
Ord kan gi kjærleik, men også hat.
Hat fører til vald.
Og vald kan føre til at familiar markerer sitt barns bursdag rundt ei grav i staden for ved kakebordet.
Kampen mot hatet og mot dei farlege orda, mot dei ekstreme idéane, treng at det finst eit sterkt oss,
der vi veit kva vi står for.
Der vi vil kjempe for ein sterk fellesskap,
Der kvar og ein av oss er modige saman, er modige for kvarandre,
Der vi hugsar på løftet vi gav kvarandre; å aldri teie, aldri gløyme.
● Les også: AUF-leiar nominert til årets beste tale






