Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Bruk sansane! Sjå, lukt og smak på maten, i staden for å berre sjå på datoen. Best før betyr ikkje dårleg etter!

2. Ver kreativ med maten du har i kjøleskapet! Det finst mykje god mat du kan laga av det du allereie har. Du kan godt følgja ei oppskrift, men bytt gjerne ut ingrediensar med noko du har frå før. Smak deg fram. Plutseleg har du skapt deg ein ny favorittrett!

3. Lag ei eiga hylle eller boks i kjøleskapet merka med «må etast snart». Her kan du plassera dei matvarene som bør prioriterast å etast opp. Det kan for eksempel vera matvarer nær siste forbruksdag, slitne grønsaker eller restar.

4. Ver ein matreddar i butikken: Ta ein kikk i disken med nedprisa matvarer, kjøp dei single bananene og gjerne grønnsakene som ser litt rare ut!

5. Inviter på restefest! Be gjestene dine ta med diverse restar og matvarer frå eige kjøleskap, frysar og kjøkenskap. Kokkeler saman på kjøkkenet, test kreativiteten og nyt eit godt matreddarmåltid! Det gjer ingenting om måltidet har litt av alt – det blir rett og slett ein knallgod matreddartapas!


Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn.

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn. Foto frå TikTok