EU-studie: Ein av fire nordmenn trur ikkje klimaendringane er menneskeskapte
Medan åtte av ti italienarar meiner at klimaendringane er menneskeskapte, er det berre seks av ti nordmenn som meiner det same, viser ein EU-studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Studien har teke for seg haldningane innbyggjarane har til klimaforsking og klimaendringar i seks europeiske land. Nordmenn skil seg ut som dei mest klimaskeptiske.
Heile 24 prosent av nordmennene som er spurde, seier at dei ikkje trur klimaendringane er menneskeskapte. Berre ti prosent av italienarane seier det same.
Tala samsvarer med ei meiningsmåling Bergens Tidende publiserte i 2019, der 22 prosent sa dei trur klimaendringane er naturlege svingingar.
- Les også om rapporten som syner: Tap av natur aukar risikoen for klimadødsfall
– Oppsiktsvekkjande
– Det er oppsiktsvekkjande at Noreg skil seg ut som landet med flest klimaskeptikarar i undersøkinga, seier professor Cathrine Holst og postdoktor Torbjørn Gundersen, begge ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, i ein uttale.
Forskarane påpeikar at nordmenn generelt har høg tillit til forskarar.
– I klimaspørsmålet er alt snudde på hovudet, seier dei.
EU-studien er del av EU-programmet Horisont 2020. I tillegg til Noreg og Italia, er Irland, Polen, Tyskland og Storbritannia med i studien.
Lite klimafrykt i Noreg
Berre 49 prosent av nordmennene meiner at temperaturstigninga det siste hundreåret er større enn på 1.000 år. For dei andre landa ligg same tal mellom 62 og 74 prosent.
Nordmenn er også dei som har klart høgast tiltru til oljeselskapa. Berre 29 prosent trur oljeselskap skjuler teknologi som kunne gjort at fleire bilar køyrde utan bensin eller diesel. For dei andre landa er same tal rundt 50 prosent.
Det er også klart færrast nordmenn som seier at klimaendringane truar dei no. Berre 16 prosent seier det, medan 40 prosent til seier klimaendringane kjem til å true dei dei neste tiåra.
Heile 17 prosent av nordmennene i studien seier at klimaendringane aldri kjem til å true dei.
18 prosent seier at dei ikkje på noko vis er bekymra for klimaendringane, noko berre fem prosent av italienarane seier.
Berre 11 prosent av nordmennene seier dei er veldig bekymra, medan 35 prosent er noko bekymra og like mange ikkje er veldig bekymra.
Avhengig av olja
Forskarane ved Universitetet i Oslo vil no sjå på årsakssamanhengen bak tala.
– Dei er vanskeleg å sjå for seg at dette mønsteret blant nordmenn ikkje har noko med avhengnaden vår av olje å gjere, seier Holst og Gundersen.
– Økonomien vår, arbeidsplassar og finansiering av velferdsstat står på spel, og vi i Noreg har slik sett inga omgåande interesse av å ta dystre klimabodskap innover oss, seier dei.