Slik blir bustaden din grønast mogleg

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 20.09.2022 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senk temperaturen!

Store ressursar blir sløst bort på at nordmenn likar å ha det varmt innandørs. Sannsynlegvis varmar du opp bustaden din meir enn naudsynt.

Det er ikkje bra for miljøet – men heller ikkje for inneklimaet og helsa di! Folkehelseinstituttet tilrår at ein held innetemperaturen under 22℃

Viss du frys, så er varme ullsokkar og eit godt pledd betre enn å fikla med termostaten.

Å ha eit vindauge som heile tida står på gløtt for å sleppa inn litt luft – samstundes som du varmar opp bustaden er sløsing av energi! Set heller vindauga på fullt gap ein kort stund.

Skaff deg tettings­lister!

Du døyr nok ikkje av å sitja i trekken. Det kan likevel vera kjipt nok om vindauga dine ikkje er tette.

Heldigvis er trikset for å fiksa dette kjempeenkelt: Skaff deg tettings­lister!

Har du tettingslister frå før? Sjekk om dei er slitne. I så fall bør du byta dei ut.

Enova reknar at du i løpet av eit år kan spara opptil 50 kWh energi per meter med tettingslist.

Viss me legg gjennomsnittsprisen på straum frå fyrste kvartal 2022 (117,2 øre per kWh) til grunn, kan me rekna ut kor mykje pengar ein sparar i løpet av eit år på å montera tettingslister.

Tettingslistene kan du montera sjølv. Sjå oppskrift her!

Byt til ein sparedusj!

I likskap med tettingslister er ein sparedusj eit superenkelt eingongstiltak som gir lågare utslepp og ein billegare straumrekning så lenge du bur i bustaden.

Ein god sparedusj brukar berre halvparten så mykje vatn som eit vanleg dusjhovud. Og då treng ikkje varmtvass­tanken å varma opp så mykje vatn. Det sparar både du og miljøet på!

Fem minutt i ein vanleg dusj har eit karbonavtrykk på litt over 80 kg. Med ein sparedusj blir utsleppa redusert til omtrent 55 kg.

Om du dusjar fem minutt kvar einaste dag vil du altså spara nesten eit tonn med utslepp av CO₂-ekvivalentar. Det svarar til 250 hamburgarar eller tre kvadratmeter med is som ikkje smeltar i Arktis om sommaren.

Bli besteven med Enova og Husbanken!

Staten har forstått at det lønner seg å leva miljøvenleg. Difor finst Enova – eit statleg føretak som mellom anna skal leggja til rette for at klimautsleppa blir mindre.

Ein av tinga som Enova gjer er å gje økonomisk støtte til privatpersonar som på ulike måtar vil gjera bustaden sin meir energi- og klimasmart.

Har du alltid drøymt om solceller på taket? Enova kan hjelpa deg 47 500 kroner på veg.

Her kan du sjå kva meir du kan få støtte til.

Også Husbanken kan gje økonomisk støtte viss du vil byggja eller oppgradera til ein miljøvenleg bustad.

Ikkje puss opp!

Bustaden din er sannsynlegvis ikkje heilt perfekt. Det kan vera freistande å pussa opp. Dessverre er oppussing ein skikkeleg miljøversting.

I løpet av eit år fører oppussing i Noreg til utslepp av 1,7 millionar tonn CO₂-ekvivalentar.

Framtiden i våre hender anslår at for kvar krone brukt på oppussing blir det i gjennomsnitt sleppt ut 21 gram CO₂-ekvivalentar. Då er det berre å ta fram kalkulatoren for å finna ut kor mykje oppussinga di forureinar.

I tillegg kjem oppussing aldri utan avfall. I fjor var den samla avfallsmengda frå byggjeaktivitet i Noreg heile 2 135 747 tonn.

Prøv alternative buformer!

Etter kvart som klimatrugselen og naturkrisa har vakse er det fleire som har valt utradisjonelle buformer for å verna om miljøet. Det er berre kreativiteten som set grenser.

Kvifor ikkje flytta inn i eit klimavenleg bufellesskap? Eller kva med å bu i eit «jordskip»? Og kven har sagt at eit telt ikkje kan vera ein god heim?

Tommelfingerregelen er at jo mindre plass, materialar og energi du treng, dess betre er det!

Å bu fleire under same tak kan til dømes vera lurt. Forskarar i SINTEF har peika på at ulike former for kollektiv kan vera ein del av løysinga på fleire samfunnsutfordringar, då det bidrar til eit lågare forbruk av ulike ressursar.


Mange unge ønsker å kjøpa eigen bustad. Men korleis er eigentleg bustadmarknaden i Noreg? Vi har sjekka tala. Foto: Andrew Neel/Unsplash