– Noreg må få opp farta viss vi skal nå berekraftsmåla innan 2030

Det viser ein rapport om Noreg sitt arbeid med berekraftsmåla som blir lagt fram for FN denne veka, skriv Sondre Nave i Forum for Utvikling og Miljø (ForUM).

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har fleire utfordringar som ikkje har enkle svar viss vi skal nå berekraftsmåla innan 2030.

Vi har for høge klimagassutslepp og vi slit med å nå måla vi har sett oss i Parisavtala. Innan 2020 skulle vi stanse øydelegging av natur og dei globale biomangfaldsmåla, men vi nådde ikkje eit einaste av dei.

Økologiske fotavtrykk

Forbruket vårt er også for høgt. Per person forbrukar vi så mykje at vi hadde trengt 3,2 jordklodar viss alle i verda skulle hatt same forbruk som oss. Men det er ikkje berre i global samanheng vi ligg bak – vi er også eit av dei landa i Europa med lågast grad av sirkulærøkonomi.

For å nå måla både her heime og å bidra til at verda når dei innan 2030, må politiske grep til for å få ned matsvinn, redusere forbruket og gjere det enklare å reparere og gjenbruke.

I tillegg held vi fram med våpeneksport, leiting etter nye område for utvinning av olje og gass, og satsinga på å bevare meir natur og styrke berekraftig arealforvaltning er for svak.

Dette går på tvers av Noreg sine mål om å vere ein fredsnasjon, forkjempar for å stanse klimaendringane og å stoppe øydelegginga av natur.

Per person forbrukar vi så mykje at vi hadde trengt 3,2 jordklodar

Krisene er forsterka, men ikkje nye

Diverre er det ikkje berre Noreg som må gire opp innsatsen for at vi skal nå måla. Også resten av verda treng sterkare tiltak, og korleis verda reiser seg igjen etter pandemien vil vere avgjerande for korleis verda vil sjå ut i 2030.

Pandemien har forsterka ulikskapen og forverra situasjonen for mange, men det er ikkje slik at ein kan skulde på covid-19 viss vi ikkje når berekraftsmåla innan 2030. Vi var ikkje i rute før krisa trefte oss heller. Dette viser at vi treng ei berekraftig gjenoppbygging etter pandemien. Vi kan ikkje gå tilbake til slik det var før, men vi må finne nye løysingar for å svare på problema vi såg før pandemien òg.

Vi må mellom anna sikre gode skattesystem og rettferdig gjeldshandtering, som sørgar for at land ikkje vert kasta ut i gjeldskriser i kjølvatnet av andre kriser slik som covid-19. Eit meir rettferdig internasjonalt finans- og skattesystem er avgjerande for å skaffe ressursane som trengst for å finansiere gjenoppbygginga og tiltak for å nå berekraftsmåla.

Desse ressursane vil gjere det mogleg for land å investere meir i velferd, som gjer dei mindre sårbare for kriser i utgangspunktet. Noreg har vore ein pådrivar internasjonalt på dette området, noko som vil vere endå viktigare i åra framover.

Nytt forum

Månader før valet, har regjeringa byrja arbeidet med eit nytt nasjonalt forum for berekraftsmåla som skal bestå av mellom anna sivilsamfunn, næringslivet, lokale styresmakter og akademia.

Vi i Forum for Utvikling og Miljø er nøgde med alle initiativ som kan bidra til å nå berekraftsmåla, og vi meiner at heile samfunnet må få moglegheita til å delta. Vårt håp er at eit slikt forum kan engasjere befolkninga og bidra til det regjeringa ikkje har klart sidan berekraftsmåla vart vedtatt i 2015. Nemleg å finne svara på dei største utfordringane vi står overfor.