Kritisk nedgang i talet på søkjarar til sjukepleiarutdanninga: – Bør vere ein vekkjar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dagens tal frå Samordna opptak bør vere ein vekkjar for alle som er opptekne av framtida for helsesektoren, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i ei pressemelding.

Ho viser til at ifølgje NAV manglar vi i dag rundt 7000 sjukepleiarar og Statistisk sentralbyrå (SSB) bereknar at vi vil mangla rundt 28 000 i 2035.

– Viss nedgangen i talet på søkjarar er byrjinga på ein trend, så bør alle som er oppteken pasienttryggleik og kvaliteten på helsetenesta kjenne si besøkstid, seier forbundsleiaren og held fram:

Lill Sverresdatter Larsen, leiar i Sykepleierforbundet er uroa over søkjartala. Foto: Hege Kambo Grov / NP

– No må regjering, storting, kommunepolitikarar og arbeidsgivarar på banen. Sjukepleiaren må få betre arbeidsvilkår og lønn, ikkje for sin eigen del, men for å sikre befolkninga gode helsetenester. Vi kan ikkje komme i ein situasjon der høge prisar på bustad, straum og mat gjer søkjarar bekymra for eigen økonomiske tryggleik i framtida.

To søkjarar per studieplass

Det er 5152 studieplassar for sjukepleie og med 10 299 førstevalssøkjarar gir dette cirka 2 søkjarar per studieplass.

Men det er store forskjellar mellom studiestadene, og fleire har over 5 førstevalssøkjarar per studieplass, medan i den andre enden av skalaen finn vi utdanningane i Hammerfest og Harstad som har høvesvis 0,9 og 0,8 førstvalgsøkere per studieplass.

Dagens søkjartal fortel ingenting om kor mange av søkjarane som er kvalifiserte for dei studia dei har søkt på.

– Vi kan òg ende i ein situasjon der studieplassane ikkje blir fylte opp. Det er ikkje god forvaltning av ei utdanning som samfunnet har stort behov for, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i pressemeldinga.


At ingen dagar er like, gjer yrket enda meir spanande, og utfordrande, tykkjer sjukepleiar Ragnhild Prestbø (24). Foto: Privat