Ronja (20): – Eg tør å seia at eg oppfordrar til sivil ulydnad

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 01.08.2022 13:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde prøvd alt anna, vore på tallause klimastreikar mellom anna. Ein dag vakna eg og såg at det var ei gruppe, Extinction Rebellion, som blokkerte vegar. Og dei fekk merksemd! Dei fekk faktisk folk til å snakka om klimakrisa!

Ronja Mylius (20) frå Stjørdal snakkar om korleis ho byrja med sivil ulydnad. Omstenda gjorde at ho blei «tvinga» til å bli aktivist. Mylius fortel at ho mangla håp.

Kjende seg uviktig for regjeringa

Ungdomstida hadde blitt brukt i organisasjonar som Natur og Ungdom, Spire og Grøn Ungdom.

Likevel såg Mylius at det var lite som skjedde. Korkje klimakrisa eller klimaangsten hadde blitt mindre. Ho kjende seg rett og slett uviktig for regjeringa.

– Ein gong sa nokon til meg at om eit par år kunne han sjå føre seg meg på Stortinget. Eg tenkte at så mykje tid har me ikkje!

Då Mylius endeleg såg at Extinction Rebellion greidde å skapa merksemd og blest om klimaet augna ho eit håp. Og det tok ikkje lang tid før ho blei med sjølv.

Ronja Mylius i Stopp Oljeletinga. Foto: Privat

Etter eit halvår som medlem i Extinction Rebellion blei Mylius spurt om ho ville vera med på ein aksjon med sivil ulydnad. Det takka ho ja til.

Sidan har Mylius vore med på aksjonar ved mellom anna Olje- og energidepartementet, Equinor sine kontor og Klima- og miljødepartementet.

Då organisasjonen Stopp Oljeletinga starta opp blei ho med der òg.

Har blokkert vegar

Stopp Oljeletinga byrja som ein del av Extinction Rebellion. I dag er Stopp Oljeletinga ein frittståande organisasjon. Men det ikkje uvanleg å delta i båe organisasjonane.

Kampsaka er – som namnet tilseier – at dei norske styresmaktene ikkje skal dela ut fleire løyver for oljeleiting. Stopp Oljeletinga ynskjer òg å sikra ei rettferdig omstilling for dei som har jobb i oljeindustrien.

Stopp Oljeletinga ein del av eit internasjonalt nettverk, kalla A22 network, med systerorganisasjonar i andre land.

I Noreg har organisjonen blitt kjent for å halda fleire aksjonar med sivil ulydnad. Det som kanskje har vekt mest oppsikt vegblokadane i Trondheim.

Frp-leiar Sylvi Listhaug har kritisert Stopp Oljeletinga for å bryta loven og meiner at utanlandske statsborgarar som har delteke i aksjonane bør bli utvist frå landet.

– Ikkje noko me eigentleg vil gjera

– Kor demokratisk er det eigentleg å setja seg i mot dei lovene fellesskapet har vedteke?

– Sivil ulydnad er eigentleg ikkje noko me vil gjera. Men me gjer det fordi me har prøvd alt anna. Demokrati er heller ikkje noko me enten har eller ikkje har. Demokrati er «work in progress» og har inga eintydig storleik, seier Mylius.

– Politikarane har visst om dette lenge og har hatt moglegheita til å ta grep. No fortel forskarar hjå FN sitt klimapanel at me må snu utsleppstrenden innan 2025. Også Stortinget sitt kontrollorgan meiner den norske oljepolitikken er i strid med grunnlova. Når folk meiner at aksjonsforma vår er gal, seier eg at me har prøvd alt anna. Sivil ulydnad er det me står igjen med.

– At eg har røysterett er som ein fylgje av sivil ulydnad

Mylius fortel at mykje me reknar som sjølvsagt i dag har blitt kjempa fram med sivil ulydnad som verkemiddel. Ho viser til Freedom Riders i USA som kjempa mot raseskiljet og deler av kvinnerettsrørsla.

– At eg har røysterett er som ein fylgje av sivil ulydnad.

Suffragettene brukte mange uvanlege verkemiddel i kampen om å sikra kvinner røysterett. Mellom anna knuste dei vindaugs­ruter og tende på hus. Her blir ei suffragette arrestert i London.
Foto: The Library of Congress / Offentleg eigedom

Mylius trur at etter kvart som konsekvensane av klimaendringane blir tydlegare, så vil fleire – både i Noreg og internasjonalt – ta i bruk sivil ulydnad og liknande aksjonsformer.

– Eg trur ikkje berre at sivil ulydnad vil bli vanlegare. Eg tør også å seia at eg oppfordrar til det. Når dagens politikk ikkje funkar, er me nøydde til å gjera noko. Me har sjølvsagt ingen heller garanti for at sivil ulydnad får den ynskja effekten, men eg veit ikkje kva meir som kan bli prøvd ut.

Må støtta opp om ikkjevald

Mylius fortel at Stopp Oljeletinga er open for alle som støttar opp om prinsippet om ikkjevald.

Foto: Stopp Oljeletinga

I dag er dei aktive i Trondheim, Oslo og Bergen. Og snart skal Stopp Oljeletinga starta opp i Stavanger og Sogndal også.

Organisasjonen arrangerer opne møter – både fysisk og digitalt. Dette er som regel det første møte ein har med Stopp Oljeletinga.

Vidare kan ein delta på ulike føredrag – til dømes om korleis det er å bli arrestert.

– Og så må ein vera med på aksjonstrening, som mellom anna inkluderer kurs i ikkjevald, før ein eventuelt kan delta i sivil ulydnad.


Foto: Annie Spratt, Jan Baborak, Mike Erskine, Chris Leboutillier, Fabien Maurin, Mika Baumeister/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no