Norske klimagassutslepp gjekk nesten ikkje ned i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at utsleppa i Noreg i fjor var på 49,1 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

– Ein nedgang i klimagassutsleppa på 0,3 prosent er å karakterisere som ei flat utvikling, seier seniorrådgivar i SSB, Trude Melby Bothner.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) er ikkje nøgd.

– Vi vil føre ein klimapolitikk med sterk verkemiddelbruk for å oppnå større utsleppsreduksjonar framover, seier Eide.

Han seier alle sektorar no må bidra, og at det trengst konkrete planar for djupe kutt i utslepp i alle delar av samfunnet.

Les også: Ny klimarapport: – Klimakatastrofen rykkjer nærare

– Sjokkerande ineffektiv

Ein av hovudgrunnane til nedgangen i klimagassutsleppa i fjor er at prosesseringsanlegget Hammerfest LNG var stengd etter brann i 2020.

Ifølgje SSB har dette bidrege til ein nedgang i utslepp frå olje- og gassutvinning på 7,9 prosent frå 2020 til 2021. Bellona meiner reduksjonen i utslepp i 2020 var eit blaff, knytt til pandemi og nedstenging.

– No ser vi at utsleppa tek seg raskt opp igjen, og med dette tempoet er det vanskeleg å konkludere med anna enn at norsk klimapolitikk er sjokkerande ineffektiv, seier fagsjef Christian Eriksen i Bellona til NTB.

Trur fleire følar seg lurt

– Eg trur stadig fleire veljarar kjenner seg lurt, seier partileiar Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne.

– Arbeidarpartiet lova å gjere klima til ramma for all politikk. I staden ser vi at dei held fram med å dele ut oljelisensar, seier nei til å droppe motorvegar og at utsleppa ligg på staden kvil, seier MDG-leiaren.

Raudt-politikar Sofie Marhaug. Foto: Ihne Pedersen

Raudt meiner utsleppa reelt sett står på staden kvil, og at dei ikkje kan sjå at regjeringa har lansert tiltak som faktisk kuttar utslepp neste år.

– Det eine konkrete tiltaket dei kom med for 2022, meir restaurering av myr, vil dei no kutte i, seier Sofie Marhaug, stortingsrepresentant for Raudt.

Les også: Raud Ungdom: «Klimadebatten har lenge hatt eit heilt feil fokus»

Truverdsproblem

Miljøstiftinga Zero meiner det norske utsleppskuttet, knapt kan kallast eit kutt og at klimapolitikken har eit truverdsproblem.

– Vi er ikkje i nærleiken av å knekke utsleppskurva. Svaret på dette må no vere raske og kraftfulle klimatiltak, med nye grep allereie i revidert budsjett, seier Zero-leiar Sigrun Aasland.

Naturvernforbundet seier at det er skremmande at Noreg ikkje klarer å redusere klimagassutsleppa. Leiar Truls Gulowsen seier til NTB at det trengst eit taktskifte i klimapolitikken.

– Noregs klimapolitikk må skjerpast. Vi må i alle fall redusere oljeutvinninga, stanse bygginga av nye motorvegar, få ned biltrafikken, og satse på energieffektivisering, Gulowsen.

– Trengst kraftigare lut

SV meiner innsatsen til regjeringa har vore sørgjeleg, og at det no trengst langt kraftigare lut i klimapolitikken.

– Vi forventar at regjeringa kjem med tiltak som inneber store utsleppskutt i statsbudsjettet i haust. Ikkje minst må det kuttast i utsleppa frå dei desidert største forureiningssyndarane, olje- og gasselskapa, seier SVs Lars Haltbrekken.

Stortingsrepresentant og første nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn. Foto: Stortinget

Sveinung Rotevatn (V), som var klima- og miljøminister i Solberg-regjeringa, seier at det var forventa at enkelte utslepp gjekk opp igjen etter pandemien, men at summen viser at trenden går rett veg.

– Samtidig går det framleis for sakte. Førebels har ikkje regjeringa levert eitt einaste nytt tiltak som vil kutte klimagassutsleppa raskare, seier Rotevatn.

– Bør skrote urealistisk mål

Samanlikna med 1990 viser dei førebelse tala for 2021 ein nedgang på 4,5 prosent. Noreg har gjennom Parisavtalen forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med minst 50 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

I ein kommentar til utsleppstala seier Frp at dei vil justere ned særnorske klimamål.

– Dette viser kvifor regjeringa bør skrote det urealistiske og særnorske målet sitt om 55 prosent utsleppskutt i heile den norske økonomien, og heller no internasjonale forpliktingar på ein kostnadseffektiv måte gjennom kvotekjøp, seier energi- og miljøpolitisk talsperson i Frp, Terje Halleland.

– Ingen er tente med overambisiøse mål som ikkje vil nåast, og som heilt unødvendig påfører skattebetalarane og næringslivet store kostnader, seier Halleland.


Les også: Skulestreik for klima for første gong sidan samfunnet opna

Barn og unge frå hele verda streikar for klima fredag. I Noreg vart det arrangert skulestreik i Oslo, Ås, Stavanger, Bergen og Tromsø, ifølgje Fridayforfuture. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK