Klimaaktivistar limer seg fast til verdifulle kunstverk

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste veka har aktivistar frå gruppa Just Stop Oil limt seg fast til kunstverk på fleire museum i Storbritannia, skriv mellom anna CNN.

Eit av måleria som har blitt råka er ein reproduksjon av Leonardo da Vincis Nattverden. Reproduksjonen skal ha blitt måla på byrjinga av 1500-talet av to elevar av da Vinci. 

Den britiske kulturministeren, Nadine Dorries, har kommentert hendinga på Twitter. Ho skriv at aktivistane ikkje bidreg til noko anna enn sine eigne sjølvopptekne ego. Dorries ynskjer at aktivistane blir fjerna og haldne ansvarlege.

Krev at galleri tek eit standpunkt mot oljeindustri

I ei pressemelding seier aktivist Jessica Agar (21) at ikkje noko måleri er meir verdt enn livet til hennar 6 månadar gamle nevø:

– Det finst ikkje skulpturar som kan fø babyar som svelt fordi ekstrem heite har øydelagt avlingane. Sjukepleiarar står i kø på utsida av matsentralar, ikkje galleri. Viss dei som driv dette galleriet verkeleg trur at kunst kan endra verda, då krev eg at dei brukar makta si. At dei stenger galleriet og nektar å opna før styresmaktene har gått med på å slutta med meir olje, seier ho.

Just Stop Oil har varsla at dei vil halda fleire protestar og markeringar i tida som kjem.

Også i Noreg har aktivistar brukt liknande metodar å få merksemd om klimasaka. I mai limte ei gruppe frå Extinction Rebellion Ung seg fast på galleriet i stortingssalen.


Foto: Heiko Junge / NTB / NPK