Miljøorganisasjonar saksøkjer staten i gruvestrid

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

11. juni vedtok landsstyret til Naturvernforbundet at dei ville saksøkje staten dersom Natur og Ungdom også vart med.

Måndag vedtok Natur og ungdom at dei vert med på søksmålet. Dei startar no arbeidet med ei stemning, ifølgje ei pressemelding.

Tyri Tvinnereim, Sigrid Hoddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0

Brot med lova

Løyvet som Klima- og miljødepartementet har gjeve til å dumpe opptil 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden er eit klart brot med forureiningslova og EUs mineralavfallsdirektiv, meiner organisasjonane.

– Nordic Mining har fått løyve til dumpe gruveavfallet rett i fjorden utan krav om å reie ut korleis avfallet kan minimerast, slik at ein kan få til andre og meir miljøvennlege løysingar. Her har omsynet til den rike og reine fjorden komme heilt nedst, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Alvorlege konsekvensar for fjorden

Å deponere gruveavfall i Førdefjorden vil ha alvorlege negative konsekvensar for Førdefjorden ifølgje statens eigne marinfaglege rådgjevarar i Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet, vert det vist til i pressemeldinga.

– Gruveselskapet har fått alle løyver, og det er ingen fleire klagemoglegheiter. Derfor tar vi saka til retten. Vi kan ikkje sitje og sjå på at eit så utdatert og forureinande prosjekt blir gjennomført. Vi har stor tru på at vi kan vinne, seier leiaren i Natur og Ungdom, Gina Gylver.

Vilde saman med andre miljøaktivistar frå Natur og Ungdom. Foto: Emil Kvebæk Øvretveit/Natur og Ungdom, CC BY-ND 2.0-lisens

Derfor går dei til søksmål mot staten:

▪ Gruveselskapet har fått alle viktige tillatingar, det er ingen fleire klagemoglegheiter.

▪ Gruveselskapet har ikkje undersøkt godt nok korleis prosjektet kan designast på ein måte som gir maksimal avfallsminimering og unngå behov for sjødeponi.

▪ ESA har påpekt manglar ved gjennomføringa av mineralavfallsdirektivet.

▪ Mykje tydar på at sjødeponiet er unødvendig, og difor ulovleg.

▪ Eit godt rettsvern for naturen er avhengig av at forvaltningsavgjersler som har verknad for miljøet blir prøvd av domstolane.

Kjelde: naturvernforbundet.no