Nesten vaksen: Slik kan du spare straum

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.10.2022 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Straumprisane er rekordhøge, og for studentar og andre som lever på trongt budsjett kan både rekningane og alle artiklane skrivne om rekordpris vere meir enn nok til å få konstant ilt i magen.

Men det finst ei rekke tips til korleis du sparar straum på det store vide internett, og alle monnar dreg.

Framtida.no har difor samla nokre av tipsa som du kan bruke i dag:

1: Senk temperaturen. Dette er det desidert mest populære straumspare-rådet, fordi oppvarming står for største delen av energibruken og gevinsten kan vere ganske bra. Ein reknar med at for kvar grad innetemperaturen blir senka, så reduserer du energibruken til oppvarming med kring 5 prosent.

Det er eit råd med litt bismak, for du skal ikkje fryse i hel. Du lyt rett og slett finne ein balanse mellom kva som er toleleg temperatur og toleleg rekning, og det er ikkje alltid så lett.

Leit fram ullundertøyet i skapet, raggsokkane du fekk av bestemor, og gjerne òg det pleddet som ligg til pynt på sofaen.

2: Skru av lys og varme i rom du ikkje brukar. Om du ikkje vil skru omnen heilt av, kanskje du kan skru ned eit knepp eller to? Små ting kan hjelpe. Du bør òg ta elektriske apparat ut av stikkontakten når du ikkje brukar dei!

3: Sjekk kor mykje varme du mister! Ikkje alle vindauge er like tette, så kjenn etter om du merkar trekk langs listene. Om det trekker frå vindauga dine, skaff deg billige tettelister!

4: Bruk gardiner. Det høyrest kanskje litt absurd ut, men isolerande gardiner kan faktisk gjere at du ikkje mister så mykje varme inne.

5: Luft kjapt og intensivt. Om du først treng noko frisk luft i heimen, så luft fort og gale. Smell opp vindauget fullt i nokre minutt før du let att. Ikkje sett eit vindauge på gløtt og la det stå.

6: Ta kortare dusjar! Det kan fort bli dyrt om du likar lange, varme dusjar. Om du kuttar i dusjtida og i tillegg dusjar seint på kvelden, så kan du spare nokre kroner!

7: Bytt til sparedusj. Sparedusjar brukar mindre vatn enn vanleg dusj, og det vert såleis også mindre straum.

8: Sjekk om temperaturen på varmtvasstanken din er unødvendig høg, om du kan. (OBS! Temperaturen bør vere kring 75 °C for å sikre deg mot bakterievekst)

9: Fyll vaskemaskina før du set ho på. Ei halvfull maskin dreg like mykje straum som ei full ei, så load it up så slepp du vaske like mange gongar. Om du bur i kollektiv, kanskje kan de vaske kle saman?

10: Vask på lågare temperatur. Ein vask på 40 grader brukar halvparten av straumen som ein vask på 60 grader, og mange klede vert likevel reine på lågare temperatur!

11: Tørk klede på tørkestativ. Tørketrommelen treng mykje straum, og kan difor koste nokre kroner i månaden om du brukar han hyppig.

12: Bruk LED-pære eller nye sparepærer. Du kan òg gå ned i watt og spare litt.

13: Om du har oppvaksmaskin: Ikkje skyll alt i varmevatn før du set det i oppvaskmaskina. Du brukar truleg meir varmevatn på forvasken for hand enn maskina gjer.

14: Bruk straum når straumen er på sitt billigaste. Om du først må vaske klede eller ta deg ein dusj, kanskje kan du gjere det på litt utradisjonelle tidspunkt? Straumen er dyrast når det allmenne forbruket er høgst, det vil seie i dusj-rushen kl 07-09 på morgonen og rett etter middagsivrige folk kjem heim frå jobb kl. 16-18.

Om du er heldig nok til å ha peis eller vedomn i heimen, så kan du fyre opp for å spare straum.

Kjelder: Fjordkraft, Nettavisen, Elvia, Enova, Strøm.no, Huseierne


Er det noko frå vaksenlivet du gjerne skulle hatt forklart? Tips oss på tips(a)framtida.no! 

Bakgrunnfoto: Brandon Griggs/Unsplash. Kollasj: Framtida.no. Logo: L-innsikt.