Noreg får plast-kritikk: – Kjeldesorterer og sender plastavfallet vidare

Berre ti prosent av plasten i verda blir resirkulert. Ei samling forskarar kritiserer no måten plastavfall blir handtert på i Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi kan ikkje halde fram med å klappe oss på skuldra så lenge vi kjeldesorterer og sender plastavfallet vidare, seier Vilma Havas til NRK.

Ho er forskar ved kunnskapsbedrifta Salt. Nyleg publiserte dei ein artikkel om kva vi veit om resirkulering av plast.

9-10 prosent resirkulert

I artikkelen går det fram at rundt 9–10 prosent av all plast i verda blir resirkulert, 12–14 prosent blir brent og dei resterande 76–79 prosentane endar opp på søppelfyllingar eller hamnar i naturen.

Det same seier ei oversikt frå kunnskapssenteret Grid-Arendal.

Sjølv om Noreg betaler ekstra for handtering av plastavfallet i Tyskland, finst det ingen tal på kor mykje faktisk blir resirkulerte til nye materiale der, ifølgje Havas.

Salt foreslår auka fokus på det dei kallar små sirklar. Konseptet går ut på at landa som produserer og bruker mykje plast, også må få på plass betre system for å resirkulere plasten sjølv, gjerne utan at plasten må fraktast over lange distansar.