Meklartopp: Redd for at førstegongskjøparar vil tape terreng framover

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Carl O. Geving er administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund
Foto: CF-Wesenberg/Kolonihaven

– Eg er nok litt redd for at førstegongskjøparar vil tape terreng i bustadmarknaden i ein periode no, seier administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund til NTB.

Årsaka til det er at prisane har komme på eit såpass høgt nivå at førstegongskjøparar ikkje får låne meir, då med bakgrunn i at høgare rente gjer det vanskelegare å betene lån, seier Geving.

Bustadmarknaden har endra karakter det første halvåret i år. I første kvartal vart det registrert det lågaste talet på førstegongskjøparar sidan 2017.

Så langt i år er det samtidig selt 10,9 prosent færre bustader enn på same tid i 2021, og det er tilbode 8 prosent færre bustader. Samtidig viser statistikken sterk bustadprisvekst så langt i 2022.

Forseinka renteeffekt

Meklartoppen opplyser at dei som har vore mest aktive i 2022, er dei som har bytt bustad. Kombinasjonen av færre bustader til sals og høgare kjøpekraft blant denne gruppa har bidrege til prisveksten i 2022.

Under pandemien har også salstempoet auka kraftig, og talet på uselde bustader har falle jamt til dagens rekordlåge tilbodsside.

– Då er det lett å tenkje at høgare renter ikkje bit på bustadmarknaden, at bustadprisane vil halde fram med å stige så lenge det er få bustader i marknaden. Men så enkelt er det ikkje, seier Geving og legg til:

– Etterspurnadssida blir påverka når rentene stig raskt og mykje. Men effekten kjem med ei forseinking, mellom anna fordi det tek noko tid før høgare marknadsrenter når ut til låntakarane. Noregs Bank ser i dag for seg at styringsrenta stig med meir enn 3 prosent frå sitt lågaste nivå, og bankane ser for seg at marknadsrentene vil komme over 5 prosent, forklarer han.

Førstegongskjøparar får låne mindre

Geving meiner at dei som er på utsida av bustadmarknaden verkeleg får merke det.

– Prisnivået er historisk høgt, rentebelastninga aukar raskt og utlånsforskrifta legg klare avgrensingar på kor mykje ein kan låne. Førstegongskjøparane vil dermed få låne mindre dei neste seks månadene, seier han.

Håpet for å komme seg inn på bustadmarknaden er derimot ikkje heilt fjernt for førstegongskjøparar. Geving meiner at ein kan vere optimistisk dersom ein får ein priskorreksjon.

– Det har vist seg at priskorreksjonar ofte skjer etter ein periode med sterk prisvekst. Då vil det bli lettare igjen fordi då treng ein ikkje å låne like mykje, og kan då betene eit lån på ein bustad til lågare pris, men då skal det korrigerast ein del ned også fordi renta kjem til å stige ganske raskt utover hausten, seier Geving.


40 prosent av førstegongskjøparar kjøper bustad i blokk. Foto: Devon Owens/Unsplash