Tusenvis står i studentbustad-kø

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG har henta inn tal frå del ulike studentskipnadane i Noreg. Dei viser at mange tusen står i kø for å få studentbustad i dei største byane.

I Oslo er 6.700 studentar på venteliste. På Vestlandet er talet 2.200.

–  Dårlegare tilhøve

Maika Godal Dam, fersk leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), seier til VG at organisasjonen er bekymra over utviklinga. Ho meiner tala tyder på at den private leigemarknaden er stadig meir pressa.

Maika Godal Dam er leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO). Foto: Hanne Jones Solfjeld, NSO

– For mange er det stor uvisse knytta til det å finne ein stad å bu, og vi veit at dei som ikkje får studentbustad, vert pressa ut i den private marknaden. Der må dei konkurrere med økonomisk ressurssterke grupper. Det gjer at mange vert pressa til å ta til takke med dårlegare og meir usikre butilhøve, seier Dam til VG.

Ho meiner staten, regjeringa, kommunane og studentsamskipnadane alle har eit ansvar for å bygge nye bustader for å løyse opp i flaskehalsen.

Dekker 15 prosent

I 2021 hadde samskipnadane bustader til om lag 15 prosent av studentmassen.

I Oslo har dei to største utdanningsinstitusjonane – Universitetet i Oslo og Oslomet – til saman nesten 50.000 studentar. Totalt var det nesten 89.000 studentar i Oslo i fjor.

Samstundes har Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) om lag 10.000 sengeplassar. 

Gunn Kirsti Løkka, bustaddirektør i SiO, fortel til VG at tilbodet er styrka og ventelista er lågare, men at ein gjer alt ein kan for å skaffe fleire studentbustader i hovudstaden.

Ho slår fast at det er lurt å søke, og viser til at det alltid er bevegelse i køen, særleg i tida då opptaket vert kunngjort i juli.