Utleigebustader blir rivne vekk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sommarmånadene dei to tidlegare åra hadde annonsar med utleigebustader ei liggjetid på 13 dagar på Finn.no, skriv Finansavisen. Tal frå Utleiemegleren viste ei liggjetid på 17 dagar. I juni 2022, oppgir dei ei liggjetid på åtte dagar hos Finn og ni dagar hos Utleiemegleren.

– Den høge etterspurnaden etter leigebustadar samsvarer med veldig høge trafikktal på Finn frå leigetakarar som leitar etter bustad og at bustadene som blir annonserte, blir leigde ut raskt, forklarer marknadsplassdirektør Jørgen Hellestveit i Finn.

Færre leigebustadar, høgare prisar

Ifølgje nettstaden er det aldri selt fleire brukte bustader enn i 2021, men tilbodet av utleigebustader krympar.

Nasjonalt er det 26 prosent færre bustader til leige enn på same tid i fjor. I Oslo er nedgangen heile 40 prosent. Samtidig var det 7.000 fleire hushald som leigde i 2021 enn i 2020.

Aukande renter, prisvekst og etterspurnad bidreg til å auke husleiga. I storbyane har leigeprisane auka med rundt 10 prosent, medan oppgangen er rundt 5 prosent i resten av landet.


Bakgrunnfoto: Brandon Griggs/Unsplash. Kollasj: Framtida.no. Logo: L-innsikt.