Dette er abort-lekkasjen i USA: – Dramatiske konsekvensar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 16.05.2022 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag kunne den amerikanske nettavisa Politico avsløre at Høgsteretten i landet vil forkaste Roe v. Wade, dommen som sikrar amerikanarar retten til abort.

Det kom fram av lekne dokument som avisa har fått tilgang til, og som no er stadfesta som ekte.

– Denne lekne meininga er skremmande og utan sidestykke, og ho stadfestar vår største frykt: at Høgsterett er førebudd til å fjerne den grunnlovsfesta retten til abort ved å gjere om Roe v. Wade, seier Alexis McGill Johnson i ei pressemelding.

Ho er president og administrerande direktør i Planned Parenthood Federation of America. Organisasjonen arbeider for reproduktive rettar og er blant dei som tilbyr abort i USA.

Ikkje nødvendigvis færre abortar

Også i den norske søskenorganisasjonen til Planned Parenthood, Sex og Politikk, vekker det lekne dokumentet stor oppsikt:

– Vi i Sex og Politikk vil også gjere kva vi kan for å støtte våre kollegaar i vår søskenorganisasjon, Planned Parenthood, og deira kamp for å sikre retten til trygg abort, seier Kristine Sommerset Bjartnes. Foto: Privat

– Om Roe v. Wade fell vil det få dramatiske konsekvensar for millionar av amerikanarar, skriv seniorrådgjevar Kristine Sommerset Bjartnes på e-post til Framtida.no.

Ho peikar på at eit forbod mot abortar ikkje nødvendigvis fører til at det vert færre abortar.

– Gravide som treng abort vil derimot verte tvinga til utrygge metodar som kan resultere i alvorlege skadar eller død.

Om Høgsterett vedtek å kaste Roe v. Wade står amerikanske delstatar fritt til å innføre eigne abortlover.

Ifølgje NBC News kjem 23 statar til å forby abort med det same, og 13 av dei har såkalla trigger-lover klar. Dette er lover som allereie er vedtekne og vil tre i kraft dersom Roe v. Wade vert omgjort.

Forskingsorganisasjonen Guttmacher Institute reknar med at abort vert ulovleg i 26 statar, ut frå andre lover som gjeld i kvar enkelt stat.

– Tilgang til trygge aborttenester er heilt essensielt for at menneske skal kunne ta eigne val om kroppen sin, helsa, reproduksjon og liv, slår Bjartnes fast.

Kva er Roe v. Wade?

Sidan 1973 har Høgsterett stadfesta retten til abort, då eit fleirtal (sju mot to) avgjorde i ei rettssak at styresmaktene ikkje har makt til å forby abort.

Saka vart løfta av Norma McCorvey som under pseudonymet Jane Roe gjekk til sak mot Texas, der abort var ulovleg med mindre det stod om mor sitt liv. Statsadvokaten som forsvarte lova heitte Henry Wade.

Som 21-åring vart McCorvey gravid for tredje gong, men hadde blitt nekta å avslutte svangerskapet. Advokatane hennar argumenterte i rettssaka for at abortlovene i Texas var i strid med grunnlova, og vann fram i første rettsrunde.

Då anka statsadvokat Wade direkte til Høgsterett, men også der tapte han saka.

I januar 1973 slo Høgsterett fast at kvinner sin rett til å avslutte svangerskap er verna av den amerikanske grunnlova. Uavhengig av delstatslover, har alle kvinner i USA rett på abort innan 12 veker.

Sjølv om det seinare har vore kamp om abortrettar i USA og fleire delstatar innskrenkar mogelegheita til å ta abort, så kan dei per i dag ikkje direkte forby abort.

Hevdar abort ikkje er verna av grunnlova

No står den historiske dommen i fare.

I det lekne utkastet argumenterer høgsterettsdommar Samuel Alito, som er forfattar av utsegna, for at avgjersla frå 1973 er djupt mangelfull og har skapt ein rett som ikkje eigentleg er nemnt i den amerikanske grunnlova.

– Roe var sjokkerande feil frå starten av. Resonnementet var merkverdig svakt, og avgjersla har hatt skadelege konsekvensar, skriv Alito i utkastet.

Dommen frå 1973 anerkjende at retten til abort fall under den grunnlovsfesta retten til privatliv.

Etter nyheita kom, har det vore store demonstrasjonar fleire stadar i USA og tal frå Pew Research Center syner at forslaget ikkje har støtte blant amerikanarar flest.

59 prosent av vaksne amerikanarar meiner abort bør vere lov i alle eller dei fleste tilfelle, medan 39 prosent meiner abort bør vere ulovleg i alle eller dei fleste tilfelle.

36 millionar kvinner utan trygge aborttenester

Sex og Politikk peikar på at eit forbod mot abortar ikkje nødvendigvis fører til at det vert færre abortar, men at abortane vert tekne under utrygge og farlege forhold.

– Så mange som 26 amerikanske statar står i fare for å stå overfor uoverstigelege barrierar for å få heilt nødvendig helsehjelp, som vil medføre at 36 millionar kvinner i reproduktiv alder og andre personar som kan verte gravide kan stå utan tilgang til trygge aborttenester, fortel Bjartnes og legg til:

– Det er allereie vanskeleg å ta abort i mange amerikanske delstatar.

Seniorrådgjevaren påpeikar at aborttilgangen allereie er avgrensa i fleire statar, anten det er grunna delstatslovgjevnad, pris eller manglande abort-tilbod.

I slutten av april forbydde Oklahoma abort etter at ein kan registrere hjarteslag hjå fosteret, noko Texas òg gjorde i september i fjor med si heartbeat-lov. Dette er i sjette veke, noko som er nærast eit forbod. Det er nemleg så tidleg i svangerskapet at mange ikkje veit dei er gravide enno.

Ifølgje Guttmacher Instituttet har abortforbod vorte forsøkt innført i 31 statar så langt i år.


Ungdom særleg utsette

Bjartnes peikar på at dei ekstra sårbare er dei som vil verte råka hardast dersom retten til abort vert fjerna frå føderalt nivå.

– Dette vil slå særleg hardt ut for menneske med lågare sosioøkonomisk status, svarte kvinner, funksjonshemma, minoritetskvinner og dei som bur i distrikta.

Om ei kvinne vert uønskt gravid medan ho bur i ein stat der abort ikkje er lovleg lenger, vil ho måtte reise anten ut av staten eller ut av landet for å kunne få ein trygg abort.

– Dette vil berre vere ei mogelegheit for dei som har råd til det, mogelegheit til å kunne reise og å ta seg fri frå jobb, seier Bjartnes.

I tillegg er abort i seg sjølv dyrt i USA. Utan forsikring er gjennomsnittskostnaden for abort utført i veke 10 heile 500 dollar, tilsvarande 4700 kroner.

Kvinner som har helseforsikringa si gjennom låginntektstilbodet Medicare, kan òg verte nøydde til å betale frå eiga lomme. Fleire statar har nemeg vedteke at ordninga ikkje skal dekke abort-kostnadar, med mindre det står om mors liv eller er eit resultat av incest eller valdtekt.

Ifølgje Bjartnes vil særleg dei som er komne så langt ut i graviditeten at dei ikkje kan bruke medikament, men treng kirurgi for å utføre aborten, møte store problem.

– Ungdomar er også særleg utsette. Dei som er utsette for vald, valdtekt og incest vil vere ekstra sårbare. Ulikskapane vil berre auke, og det er truleg at dei som ikkje får tilgang til aborttenester vil kunne ty til desperate løysingar.

Fryktar ringverknadar internasjonalt

Ifølgje Politico skal høgsterettsdommar Alito ha støtte av dei fire andre dommarane utpeika av republikanarar: Clarence Thomas, Neil Gorsuch, Brett Kavanaugh and Amy Coney Barrett.

Dei tre dommarane utpeika av demokratar – Stephen Breyer, Sonia Sotomayor and Elena Kagan – er mot. Det er usikkert kva den niande dommaren, justitiarius John Roberts, vil stemme.

Først i juni reknar ein med at den offisielle avgjersla frå Høgsterett vert lagt fram.

Sex og Politikk er tydeleg på at forslaget er ein trugsel mot menneske sine seksuelle rettar, fridom, likestilling og kroppslege autonomi:

– Det er også urovekkande kva ringverknadar dette vil kunne ha internasjonalt. Vi ser ei stadig veksande rørsle som trugar dei seksuelle og reproduktive rettane, slik som nettopp retten til trygg og lovleg abort, avsluttar Kristine Sommerset Bjartnes.


Tyri Tvinnereim, Sigrid Hoddevik Losnegård, Johanna Haukanes Leivestad og Laura Vaagland brukar russetida si på å demonstrere mot gruvedumping. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0