Canada og Mexico førebur seg på abortstraum frå USA

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv The Guardian.

Den kanadiske familieministeren Karina Gould har stadfesta at amerikanarar kan få tilgang til aborttenester i Canada.

– Viss dei, folk, kjem hit og treng tilgang, så er det absolutt ei teneste som vil bli gitt, seier ho til til CBC News.

Det er ifølgje forskingsorganisasjonen Guttmacher Institute venta at 26 amerikanske statar kan forby abort dersom Høgsterett forkastar Roe v Wade, slik eit leke dokument tydar på.

Roe v Wade er dommen som sikrar amerikanarar retten til abort. Utan denne dommen står amerikanske delstatar fritt til å innføre eigne abortlover.

Motsett veg

Blant statane det kan bli forbode med abort i, finn vi Michigan, som grensar til Ontario i Canada. Innbyggjarar her vil truleg måtte reise til nabostatar som tillet abort, men også over grensa til Canada.

Den kanadiske høgsteretten legaliserte abort i 1988. Carolyn Egan i abortrettskoalisasjonen i Canada fortel til The Guardian at det var vanleg at kanadiarar før det reiste til USA for å ta abort.

– Vi hadde eit nettverk av menneske som kunne vise vidare og hjelpe dei med å kome dit. Viss det blir naudsynt, vil det truleg skje i igjen – men den andre vegen, seier ho.

Kan bli dyrt

Sjølv om amerikanarar kan få ta abort i Canada, vil det i realiteten ikkje vere eit alternativ for alle, då det kan bli dyrt.

Ifølgje Egan kostar ein kirurgisk abort 500 kanadiske dollar (om lag 3700 kroner) for ein person utan immigrasjonsstatus i Canada.

Å krysse grensa for å ta abort, vil difor truleg berre vere ei moglegheit for dei som har råd til det – i stor grad velståande, kvite kvinner. Avisa skriv at abortforkjemparar har åtvara om at dersom Roe v Wade fell, kan det bli utfordrande spesielt for dei med lågare inntekt, lågare sosioøkonomisk status og transpersonar.

Mexico førebur seg

Også ved den sørlege grensa mellom USA og Mexico førebur ein seg på ein auke i talet på amerikanarar som reiser for å ta abort.

Den meksikanske høgsteretten slo i 2021 fast at det var grunnlovsstridig å kriminalisere abort. Tilgangen varierer likevel rundt om i landet.

Vero Cruz i Las Libres, eit nettverk som hjelper folk på begge sider av grensa med tilgang til abortpiller, seier til The Guardian at både private og offentlege klinikkar i grensebyar i Mexico førebur seg på ein straum av amerikanarar, og at både Tijuana og Coahuila nyleg har oppretta tenester.


Illustrasjonsfoto: Gayatri Malhotra. Washington, oktober 2021. Innfelt: Julie Økstad. Foto: Privat