Venstres programkomité vil ha sjølvbestemd abort til veke 18

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi meiner det er på tide å gå vekk frå at kvinner som er i ein veldig vanskeleg situasjonen, skal måtte møte opp føre ei gruppe med framande og leggje noko av det mest sårbare og vonde i hendene til nokon heilt andre som så skal ta ei avgjerd for dei, seier Astrid Knutsen Hårstad til NTB.

Ho leier Venstrekvinnelaget og sit i programkomiteen i partiet som legg fram forslag til nytt stortingsprogram torsdag kveld.

I forslaget, som ein einstemmig komité stiller seg bak, heiter det:

«Retten til selvbestemt abort er en viktig og hardt tilkjempet rettighet. Det er kvinnen som skal bestemme om hun vil bære fram barn. Derfor vil vi avskaffe abortnemndene fram til 18. uke og sikre rett til god rådgivning og oppfølging.»

– Det er kvinna som kjenner situasjonen sin best, og det er ho og hennar næraste som er best i stand til å vurdere om svangerskapet skal gjennomførast eller ikkje, seier Hårstad.

Fleire ønskjer utviding

Venstre blir dermed det fjerde partiet på Stortinget med ein programkomité som tek til orde for å utvide den sjølvbestemde abortgrensa vi har i dag.

Tidlegare i haust foreslo programkomiteen i Raudt å utvide retten til sjølvbestemd abort til veke 22. SVs programkomité vil utvide grensa til veke 16. I MDG vil eit fleirtal i programkomiteen utvide grensa til veke 18.

Kvar bør grensa for sjølvbestemd abort gå?

Kvar bør grensa for sjølvbestemd abort gå?

Veke 12, som i dag1
Fri abort til veke 16, ikkje nemd0
Fri abort til veke 18, ikkje nemd8
Fri abort til veke 22, ikkje nemd2
Alle abortar bør gjennom nemnd7
Veit ikkje0
Svar totalt: 18

 

Høgre er det einaste partiet som heilhjarta støttar dagens abortlov. Frp, Ap og Sp støttar òg dagens abortlov, men programkomiteane er delte i spørsmålet, skreiv Dagen i oktober.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum inviterte tidlegare i haust dei store partia på Stortinget med på ein abort-avtale for å sikre abortgrensa på 12 veker som eksisterer i dag.

Han uttalte at han er frustrert over abortendringane som KrF fekk gjennom under retningsvalet sitt, fordi han meinte det «vekte ein sovande bjørn» og opna døra for abortdebattet som finn stad no.

KrF trigga

Hårstad seier innstramminga KrF fekk gjennom i 2019 delvis er grunnen til at programkomiteen no går inn for å endre lova.

– Frykta for at nokon skulle innskrenke abortrettane, har nok vore ein triggar, men dette handlar minst like mykje om det ein ser av innskrenkingar i kvinners rettar i andre land, mellom anna i Polen og USA. Det gjer at ein kjenner på at det verkeleg er viktig å forsvare retten kvinners har til å bestemme sjølv, seier Hårstad.

KrFs største siger då dei gjekk inn i Solberg-regjeringa i januar 2019, var å fjerne retten til sjølvbestemd abort på friske fleirlingar etter veke 12. Kvinner som er gravide med fleirlingar, og som ønskjer å fjerne nokre av fostera, må no få saka behandla i nemnd.

AUF-nestleiar Astrid Hoem reagerer på KrFU sitt abortvedtak. Nestleiar i KrFU Hadle Rasmus Bjuland meinar det er heilt udramatisk. Foto: KrFU, Bent Sønvisen, Ap