Abortlovgjeving: «Eit kvinnehelvete?»

Julie Økstad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta var eitt av bidraga som fekk heider frå juryen i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om håp for framtida.

Både Texas og Polen har vedteke lover som gjer svangerskapsavbrot til ein nærast umogleg prosess.

I Texas er det no ulovleg å utføre svangerskapsavbrotet etter veke 6 i svangerskapet. Ein som hjelper ei kvinne med svangerskapsavbrot risikerer å bli saksøkt – gjentatte gongar. Kvinner i Texas trygla om å få utført svangerskapsavbrot før lova vart innført, og ein klinikk utførte 67 svangerskapsavbrot på berre 17 timer.

Frå 22. oktober 2020 blei abort offisielt ulovleg i Polen. Då vart det bestemt at eit av dei få unntaka som til då hadde gitt rett til lovleg abort, var imot Grunnlova og måtte bli forbode.

Sjølv når fosteret har for store skadar til å overleve, skal graviditeten fullførast, og mora blir tvinga til å føde eit barn som anten allereie er daudt, eller som kjem til å døy ein smertefull død rett etter fødselen.

Slik kan vi ikkje fortsette.

Seks kvinner i timen

Å stramme inn retten til sjølvvald svangerskapsavbrot, vil ikkje nødvendigvis stoppe dei som vel å avslutte svangerskapet. Dei vil berre måtte utføre det gjennom ulovlege metodar, som både er farleg for fosteret og kvinna sjølv.

Leger Uten Grenser viser til at utrygt svangerskapsavbrot drep gjennomsnittleg 6 kvinner i timen, og er ei av dei vanlegaste årsakene til dødsfall hos mødrer.

Utrygt svangerskapsavbrot drep gjennomsnittleg 6 kvinner i timen

Verdas Helseorganisasjon estimerte i 2008 at 47 000 kvinner mista livet av utrygt svangerskapsavbrot.

Heldigvis er det få i Noreg som assosierer strikkepinnar med noko anna enn mjuke julegåver frå bestemor. Men diverre finst det altfor mange rundt omkring i verda der strikkepinnar, kleshengarar, eller ein shot med gift er deira einaste val.

Felles for desse er at dei er kvinner, som lever i land der sjølvvald svangerskapsavbrot er heilt eller delvis ulovleg, eller altfor dyrt.

Så korleis er eigentleg situasjonen i Noreg?

Eit hardt val, også i Noreg.

Mange veit ikkje om sin eige graviditet før veke 12, og kjenner ikkje til fosteret sine eventuelle sjukdomar, då første svangerskapskontroll ikkje er før veke 18/19.

Ei undersøking frå Rikshospitalet, frå 2011, viser at heile 85 prosent av kvinner vel å ta privat ultralyd mykje tidlegare enn det offentlege tilbodet.

Men dette har ikkje alle råd til. Dette seier noko om at ein har behov for å vite om helsa til fosteret, samt at ein har tid til å gjere noko med det.

Så kvifor er eigentleg det offentlege tilbodet etter fristen for svangerskapsavbrot har gått ut?

Tal frå FHI viser at det i 2020 vart utført 11 081 svangerskapsavbrot. Desse har teke dette valet med tungt hjarte, av ulike årsaker. Dette kan vere både på grunn av økonomi, eller fysiske eller psykiske årsaker. Svangerskapsavbrot er ei vond og skremmande påkjenning, som oftast er godt gjennomtenkt.

Det siste ein person som har teke dette valet treng, er å bli fortald at dette er det verste dei kunne ha gjort, og at dei er forferdelege menneske.

Barn som ikkje har vore påtenkt vil ikkje nødvendigvis få ein så god oppvekst som dei bør få. Graviditet kan vere ein fare for ei mor, og sjuke barn vil kunne få eit liv i smerter med mykje vanskar.

Ulovleg i 14 land

Ifølgje ei undersøking gjort av Center for Reproductive Rights, er det endå heile 24 land i verda som har totalforbod mot svangerskapsavbrot. Her finst det ingen unntak for om kvinna sitt liv er i fare, eller om graviditeten har blitt til gjennom valdtekt.

Så kvifor skal vi, som er så heldige å ikkje vere eitt av dei 24 landa, ta vekk ei lov som gjev kvinna rett til å styre sjølv kva ho gjer med sin eiga kropp?

Debatt i 2021

Sjølv etter 43 år med ei lov som gjev oss retten til sjølvvald svangerskapsavbrot fram til veke 12 i Noreg, er dette nemleg framleis eit tema som jamnleg blir diskutert.

Ved stortingsvalet i haust var denne lova diskutert på nytt av dei ulike partia, og om vi skal behalde dagens grense eller om vi skal auke eller senka ho.

Det at vi i 2021 endå debatterer kva kvinna sjølv skal få lov til å gjere med sin eigen kropp er skremmande, og slik burde det ikkje vere.

I fleire hundre år har kvinner kjempa for sine rettar, og berre for at vi no skal ta dei vekk igjen?

Har vi i Noreg verkeleg lyst til å ende opp som i Texas og Polen og gå tilbake til strikkepinnane?