Press-leiaren ville invitert Toni Morrison på vegetar-ramen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.05.2022 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ser veldig opp til Marsha P. Johnson for alt det ho gjorde for meg og andre som meg, skriv Isaac Elstad Røssnes (21) på e-post til Framtida.no.

Han er nyvald leiar i Press – Redd Barna Ungdom, og fortel at leiarførebiletet hans er den amerikanske pioneren som var med å skipe Gay Liberation Front. 

LHBT-aktivist Marsha P. Johnson (1945-1992). Foto: Wikimedia Commons

– Måten ho leia kampen for transpersonar på i ei tid der det ikkje var respektert, var utruleg modig og set spor for rørsla framleis i dag, held han fram.

Sidan mars har Røssnes vore fungerande leiar i ungdomsorganisasjonen, og på landsmøtet førre helg vart han stadfesta som ny leiar.

– Eg håpar å vere ein inkluderande leiar som gjer at både nye og gamle medlemmar i Press føler at deira engasjement er bra nok og at dei vert respekterte for den dei er.

Klagerett og stemmerett

– Kunnskapen om at barns rettar vert brotne i heile verda, inkludert i Noreg, og personlege erfaringar med at meininga mi ikkje har vorte lytta til berre fordi eg var eit barn, starta engasjementet mitt, fortel 21-åringen.

Om Røssnes vaknar til si draumenyheit i morgon, er overskrifta: «Stortinget snur: ratifiserer tredje tilleggsprotokoll til Barnekonvensjonen som gjev barn klagerett likevel!» 

Tilleggsprotokollen opnar for at barn kan klage om rettane deira vert brotne, til dømes ved at dei ikkje får spesialundervisninga dei har rett på eller opplever mobbing. Det har vore ei kampsak for Press lenge å få denne protokollen godkjent av styresmaktene.

– Kva er dei tre viktigaste sakene for Press anno 2022? 

– Kroppspress og psykisk helse, asylbarn sine rettar og retten til å seie meininga si og verte høyrd, fortel Røssnes. 

Hans eiga personlege hjartesak er stemmerett for 16-åringar.

– Eg trur at å senke stemmerettsalderen hadde gjort mykje for å gje barn og unge sine meiningar ein høgare status i samfunnet. Barn og unge er ein del av samfunnet på lik linje med vaksne, men får likevel ikkje dei same påverknadsmogelegheitene. Det synest eg er utruleg urettferdig.

Då vallovsutvalet leverte si instilling til ny vallov for to år sidan, ville fleirtalet late 16-åringar stemme ved lokvalval og mindretalet også ved stortingsval. I det politiske landskapet i Noreg stiller partia seg ulikt til spørsmålet.

Candy crush

På fritida brukar Isaac Elstad Røssnes mykje tid på å lese. 

– Elles er eg glad i å henge med vennar, gå på tur med familien og ta mildt estetiske bilete. 

– Nokre gongar fører kampanje-arbeid til fine bilete av meg og mine beste vennar. Dette bilete er frå ein fotoshoot vi hadde i samband med Gullbarbie-kampanjen vår, som også vart publisert i medlemsmagasinet vårt Larm. Foto: Privat

Den største tidstjuven i kvardagen, har han i lomma: 

– Candy Crush og liknande spel tek opp flautt mykje tid. Det finst dessverre altfor mange mobilspel i same sjangeren, så eg kan bruke uendeleg med tid på det. 

– Korleis held du deg oppdatert?

– Lunsjquizen og kunnskapsrike kollegaar hjelper mykje!

Toni Morrison og vegetar-ramen

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert? 

– Eg ville invitert Toni Morrison, ein av mine favorittforfattarar, på middag. Det hadde vore interessant å snakke med ho om litteraturen si rolle i politikk. Eg ville servert vegetar-ramen, fordi eg sjølv er vegeterianar og har laga ramen ofte med vennar. 

Toni Morrison fekk Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin i 1993. Foto: Press, Mike Strasser/USMA PAO/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0.

Kva er idealsamfunnet, og korleis når vi det?

– Eit samfunn kor barn sine rettar ikkje vert brotne er det endelege målet. Ein har ein veg å gå før det er realiteten, men eg trur eit godt første steg er å informere befolkninga om at barn og unge har informerte meiningar og at dei fortener å uttrykke dei.

– Kva bok burde alle lese, og kvifor? 

Freshwater av Akwaeke Emezi, først og fremst fordi ho gjev innblikk i utruleg viktige perspektiv om å vere ikkje-binær og igbo (ei etnisk gruppe i Nigeria).

– Kva låt får deg alltid i godt humør? 

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no? 

– For tida ser eg Seinfeld om igjen, synest han held seg overraskande godt. 


Lars-Bjørnar Knutsen ville gjerne invitert skodespelar Ryand Reynolds på middag. Foto: Maria Grensemo, Dick Thomas Johnson frå Tokyo, Japan/WIkimedia Commons/CC BY 2.0. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Frå: Tårnåsen i Nordre Follo 

Alder: 21 

Personleg pronomen: Han/dei 

Yrke/utdanning: Tel 60 studiepoeng i allmenn litteraturvitenskap for noko?

Favorittfag på skulen: Engelsk 

Ulike verv: Fungerande og påtroppande leiar, 1. nestleiar, sentralstyremedlem i Press nasjonalt og lokallagsleiar i Follo Press. 

Medlem i: Press – Redd Barna Ungdom