Tobias (21) frå Oslo er ny leiar i Norsk Målungdom

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har alltid kjendest naturleg å engasjere meg for ting eg har brydd meg om, og det har heldigvis vore nok av ting eg bryr meg om og synest er artig å halde på med, fortel Tobias Christensen Eikeland (21) på e-post til Framtida.no.

Han hadde ikkje høyrt om Norsk Målungdom før han vart verva i 2017. No er han nyvald leiar.

Frå bokmål til nynorsk

Eikeland er frå Søndre Nordstrand i Oslo, men andre året på vidaregåande bytte han til nynorsk på skulen.

Når han fortel andre at han har valt nynorsk som språket sitt, vert folk gjerne litt overraska og nyfikne.

– Men eg har aldri opplevd noko negativt knytt til det, fortel han.

Tobias Christensen Eikeland fortel at heile nynorskreisa hans starta med ei stor interesse for norske dialekter.

– Etter kvart vart eg meir og meir positivt innstilt til nynorsk, fortel 21-åringen.

Han vart verva til målungdomen og begynte så å skrive nynorsk sjølv, og i dag skriv han jamleg både nynorsk, bokmål og dialekt.

Google får ikkje snike seg unna

– Eg vil vera ein leiar det er lett å prate med, fortel Eikeland.

Han peikar på at det har vore to vanskelege år for ungdomsorganisasjonen og at det er viktigare enn nokosinne å byggje lokallaga vidare og halde fram med lokal aktivitet.

Førebileta hans er dei som har stått ved målungdomsroret før han – Fredrik Hope, Gunnhild Skjold og Frida Pernille Mikkelsen. 

– Dei har lært meg utruleg mykje, og har vore med på at eg føler meg trygg på vervet eg har vorte vald til.

– Kva er dei tre viktigaste sakene for Norsk Målungdom anno 2022?

Betre språkrettar i heile utdanningsløpet, frå grunnskulen og vidaregåande til høgare utdanning, som blir følgde opp, og at selskap som Google ikkje får snike seg unna språkansvaret dei har, svarar Eikeland og held fram:

– I tillegg vil me ha endå meir dialekt på TV, spesielt i program som er dubba til norsk, som ofte berre vert dubba til standard austnorsk.

Hjartesakene til den nyvalde leiaren sjølv er stadnamn, dialekt og samisk.

Sushi med Munch

På fritida spelar 21-åringen gitar, piano og trompet.

– Ikkje det at eg er særleg flink – men eg elskar å spele! Elles høyrer eg på podkastar og ser på seriar, eller les om språk.

Språkinteressa er tydeleg, for dersom Eikeland kunne vakna til si draumenyheit i morgon, hadde overskrifta vore: «Språkforskarar har funne ein måte å rekonstruere mange tusen år gamle språk frå skjelett». 

Og dersom han kunne invitert kven som helst – levande eller daud – på middag, hadde valet falle på P.A. Munch, som var ein av grunnleggjarane av historiefaget i Noreg:

 [F]or å snakke om språk, historie og kart. Han hadde fått servert sushi, for det har eg lyst til å lære å lage!

P.A. Munch var historiar, språkforsskar og geograf. Foto: Erik Olsen/NTNU UB/ CC BY SA 4.0

Twitter, Netflix og vernebuing

Den nyvalde leiaren held seg oppdatert ved å bruke Twitter og lese nettaviser, men den største tidstjuven i kvardagen er Netflix.

Eg har tre–fire seriar eg ser om att og om att, fortel Eikeland.

Foto / Ill. Kagge

Han tilrår alle å lese I tilfelle dommedag: enkel beredskap for vanlige folk av Egil Aslak Aursand Hagerup:

 Eg synest vernebuing er noko for alle. Denne boka er både informativ og artig å lese.

– Kva er idealsamfunnet, og kva kan vi gjere for å nå det?

– Det er mykje som kan gjerast for å gjere samfunnet betre. Men det må vere eit samfunn der alle kan nytte språket og dialekta si som dei vil. Då trengst det opplæring, toleranse og eksponering.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund.
Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur.
Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza.
Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

GAME OF THRONES ELLER FRIENDS? Friends.
Foto: Helen Sloan/HBO, HBO Max.

ED SHEERAN ELLER BILLIE EILISH? Billie Eilish.
Foto: Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0, Lars Crommelinck Photography/Flickr/CC BY 2.0


Lars-Bjørnar Knutsen ville gjerne invitert skodespelar Ryand Reynolds på middag. Foto: Maria Grensemo, Dick Thomas Johnson frå Tokyo, Japan/WIkimedia Commons/CC BY 2.0. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Frå: Søndre Nordstrand i Oslo

Alder: 21 år

Yrke/utdanning: Lærarvikar og språkkonsulent, har studert språk og økonomi

Favorittfag på skulen: Biologi 2

Medlem i: Humanistisk Ungdom, Foreininga Nordens Ungdom, Tryggare Ungdom, SNU