SAIH-leiaren kjempar for avkolonisering og maktforflytting. På fritida elskar ho reality-seriar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg vil at SAIH skal halde fram å vere ein trygg og inkluderande organisasjon der det er gøy å engasjere seg, og at vi skal bli sett på som ein relevant aktør for heile den norske høgare utdanningssektoren.

Det skriv Henriette Reierson Johnstone i ein e-post til Framtida.no. 25-åringen frå Porsgrunn tek over roret som leiar av SAIH – Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond.

SAIH sin visjon er at alle skal ha tilgang til inkluderande og relevant utdanning, som bygger på akademisk fridom og kritisk pedagogikk, i ei verd med demokrati, rettferdig fordeling og respekt for menneskerettar.

– Eg synest det høyrest ut som eit ganske bra samfunn!

Teori i praksis

Johnstone let seg inspirere av den tidlegare SAIH-leiaren Selma Bratberg, som ho skildrar som ein stødig og trygg leiar. Det var i SAIH sitt lokallag at engasjementet til den nye leiaren vart vekt.

– Det vi lærte om teoretisk på studiet, om maktforhold, strukturell ulikskap og korleis koloniale strukturar framleis pregar verda vi lever i, jobba SAIH med i praksis – om avkolonisering og om å utfordre maktstrukturar i akademia, bistand og samfunnet generelt. Det var veldig motiverande og spanande å bli del av ein organisasjon som verkeleg jobbar for solidaritet, og ikkje velgjerd.

Henriette Reierson Johnstone framføre Stortinget. | Foto: Privat

Johnstone listar opp desse sakene som dei viktigaste for SAIH det komande året:

  1. «Beskyttelse av studentaktivistar og å styrke tryggingsmekanismar både i Noreg og andre stader i verda.»
  2. «Avkolonisering av akademia og maktforflytting i bistandssektoren.»
  3. «Kampen mot Israels apartheidpolitikk og pågåande folkemord. Boikott Israel, fritt Palestina!»

På årsmøtet vedtok SAIH ein ny strategi.

– Det har vore eit viktig og riktig val å utarbeide ein heilskapleg strategi som eg er sikker på vil redusere silotenking og gjere det enklare for heile organisasjonen å jobbe mot eit felles mål.

Avkolonisert utdanning

Hjartesakene til den nye SAIH-leiaren er avkolonisering og maktforflytting.

– Historia viser at utdanning både kan vere eit verktøy for undertrykking, men ikkje minst for frigjering. Høgare utdanning utfordrar makt, styrkar kritisk tenking og endrar samfunn. Men for at utdanning skal bidra til frigjering, må den også vere avkolonisert. I tråd med dette, er eg verkeleg motivert av SAIH si dekoloniale tilnærming til alt vi gjer, noko vi må fortsetje å jobbe for på tvers av organisasjonen.

Henriette Reierson Johnstone i ein paneldiskusjon om akademisk fridom. | Foto: Privat

For å avkolonisere akademia, meiner Johnstone vi må skape rom for fleire stemmer i høgare utdanning.

– Kva er den neste kampen?

– Kampen mot det autoritære, og for demokratiet. Vi står i ein utfordrande kontekst, med eit komande stortingsval i Noreg, eit globalt politisk landskap i endring og autoritære og fascistiske krefter som blir stadig sterkare.

I dette landskapet ønsker Johnstone at SAIH skal vere ein tydeleg, relevant aktør, som er synleg i den offentlege debatten med klare standpunkt i utfordrande saker.

– Eg trur ikkje vi skal vere så redde for å ta tydelege prinsipielle standpunkt i saker som også kan framstå kontroversielle. Sjølv om vi, som ein organisasjon som famnar breitt, kan oppleve motstand når vi går inn i betente saker, ser vi at vi samstundes ved å gjere nettopp det tiltrekker oss gode allierte.

«Norsk» taco-kampanje

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Trump er kuppa som president (nei da, jau då). Students at Risk-ordninga har fått dobla løyvinga frå staten.»

Om Johnstone kunne invitert kven som helst på middag, hadde valet falle på den brasilianske pedagogen og filosofen Paulo Freire. Ho trur dei to kunne hatt gode samtalar om korleis utdanning skal vere ein rett for alle.

– For oss i SAIH er han helten – vårt motto «utdanning for frigjering» er inspirert av hans arbeid og tankar. Eg skulle gjerne fått nokre kloke ord frå han med tanke på den verda vi lever i no. Utdanning formar nye idear og kunnskap, er ein arena for kritisk tenking og skapar individ som utfordrar etablerte strukturar og makt. I dag ser ein mange stader i verda at autoritære krefter angrip utdanningssystemet. Det er ikkje tilfeldig, fordi studentar, både historisk og no, er blant dei første som tar til gatene for å vise motstand og krevje endring.

Svart-kvitt-bilete av eldre mann med briller og skjegg.
Paulo Freire. Foto: Slobodan Dimitrov – Eige verk, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons

Ho hadde truleg servert Freire «norsk» taco, på grunn ein av ein kampanje organisasjonen nyleg hadde med mål om å fjerne skulepengar for internasjonale studentar utanfor EU.

– Kampanjekonseptet vårt var den «norske» fredagstacoen der vi vektla at kvaliteten er klart best når innhaldet er variert. Kvaliteten i norsk høgare utdanning blir også betydeleg betre når vi har eit mangfald av perspektiv og internasjonale impulsar. Kva skjer når vi tar vekk det som gjer oss gode? Jo, verdas kjedelegaste taco – ei potet i ei potetlompe – og ein dårlegare høgare utdanningssektor.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av SAIH (@saih_org)

«Sucker» for reality

Når ho har tid, startar Johnstone morgonen med å lese gjennom NRK, Al Jazeera og Khrono for å halde seg oppdatert.

– Så høyrer eg på politisk kvarter på veg til jobb, og ser på Dagsrevyen innimellom. Og så lærer eg mykje frå kollegaane mine. Vi pleier å oppdatere kvarandre om viktige nyheiter knytt til våre partnarar, partnarland og feltet vi jobbar med.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Eg er ein «sucker» for alt av reality. Love Island UK er ein klar favoritt.

Den påtroppande SAIH-leiaren brukar store delar av fritida til å henge med vennar og kjærasten.

– Mesteparten av dagane når ein har eit fulltidstillitsverv, går til jobben, så når eg har litt ekstra tid så likar eg å prioritere dei eg er glad i. Og, no som det endeleg byrjar å bli varmt, er eg masse ute – turar, bading og pilsing i parken!


– Kva for ei bok burde alle lese?

Towers of Ivory and Steel av Maya Wind. Ei utruleg viktig bok med god dokumentasjon på korleis den israelske høgare utdanningssektoren aktivt bidreg til okkupasjonen og folkerettsbrota i Palestina. Ho er godt skriven, så dersom du vil lære meir om grunnlaget bak akademisk boikott av israelske høgare utdanningsinstitusjonar, så anbefaler eg denne på det sterkaste.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

Severance, den må faktisk alle sjå.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Særleg no som det er vår i Oslo, blir eg alltid i godt humør av å gå i sola og høyre på Oslo vet av Evig Ferie.