Eller lage ei to do-liste for ei rettferdig og berekraftig verd.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg har ei ibuande kjensle av å vere innmari privilegert i møte med ei så urettferdig verd, og for å ikkje bli heilt handlingslamma av globale klimakatastrofar, undertrykking og urettferd, måtte eg engasjere meg, fortel Thea Birgitte Erfjord.

Ho er ny leiar i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire. 27-åringen har ein mastergrad i internasjonale miljøstudium. Hjartesakene hennar er klimarettferd, agroøkologi og vekstfri utvikling

Fakta

Alder: 27

Personleg pronomen: ho

Frå: Stavanger

Yrke/utdanning: Bachelor i internasjonale studium på UiO, master i internasjonale miljøstudium på NMBU

Favorittfag på skulen: Norsk, faktisk!

Ulike verv: Nestleiar i Spire, koordinator i klima- og naturutvalet til Spire, sentralstyret og utvalsleiar i Changemaker, og ein miniperiode innom klatrefrivillig for DNT!

– Gjennom utdanninga mi blei eg meir og meir interessert i rotårsakene til at natur- og klimakrisa rammar så ulikt og at ulikskapane aukar. Då blei etter kvart Spire den naturlege organisasjonen for meg.

Tid for dei store kampane

Spire-leiaren fortel at ungdomsorganisasjonen har vedteke ein ny strategi og eit nytt arbeidsprogram for dei neste fem åra.

– Eg er glad for at vi skal satse meir på å vere ein del av ei global solidaritetsrørsle, dekolonisering og fortsetje å vere maktkritiske, kunnskapsrike og radikale i kampen for ei rettferdig og berekraftig verd.

– Kva er dei tre viktigaste sakene for Spire anno 2025?

– At Noreg leverer eit ambisiøst og rettferdig klimamål som ikkje baserer seg på kvotar eller falske løysingar før COP30, å snu makta i bistandsprosjekt og arbeide for ein meir solidarisk bistandspolitikk – og ikkje minst at valet til hausten tar oss i ei rettferdig og berekraftig retning.

Erfjord meiner tida er inne for dei verkeleg store kampane for endringar som kan føre til eit meir solidarisk samfunn der menneske og miljø er i sentrum.

– Vi står midt i ei brytningstid som det er lett å bli apatisk av, men det er no vi må brette opp ermene. Første skritt er å samle kreftene som vil ta tak i rotårsakene til ulikskapskrisa, klima- og naturkrisa, og det skal vi setje fokus på i den kommande perioden.

Ser til New Zealand

For Erfjord er idealsamfunnet eit samfunn som bygger på solidaritet, fellesskap og rettferd, der naturen set rammene for politikken og økonomien. Ho er oppteken av å verdsetje det som betyr noko, ikkje berre kost-nytte og vekst.

– Det er eit samfunn der vi har djupare relasjonar med kvarandre og med naturen. Jorda blir dyrka sosialt berekraftig i takt med naturen, alle har tilgang til trygge, gode heimar, mat og vatn og kan delta på lik linje i samfunnsdebatten. Internasjonalt samarbeid er chill og lokalsamfunn og marginaliserte grupper er viktige aktørar, ikkje berre land, og det er slutt på at det globale nord utnyttar og undertrykker tidlegare koloniar gjennom handelsstrukturar og lån med urimelege vilkår.

Om Spire-leiaren vakna opp til si draumenyheit, hadde tittelen vore: «Noreg følgjer i fotspora til New Zealand og føreslår ein økonomisk modell som set menneske og miljø framføre vekst og profitt.»

27-åringen slenger like godt med draumeingressen til saka:

«Noreg følgjer i New Zealands fotspor og set menneske og miljø føre profitt i statsbudsjettet. Regjeringa føreslår radikal nasjonal og global redistribuering, og legg fram reformer for ein økonomi som prioriterer menneske og natur verda over. – Vi kan ikkje lenger belage oss på teknologiske fiksar og utnytting av marginaliserte grupper og land i det globale sør for å stimulere vår eigen vekst, seier Jonas Gahr Støre.»

Illustrasjonar: Canva

Politiske og akademiske førebilete

Som leiar for ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet ønskjer Erfjord å vere tydeleg, raus og imøtekommande.

– Vi har så mange dyktige frivillige i Spire som eg ønsker å legge til rette for at kan halde fram å gjere den sinnssjukt gode jobben dei gjer. Eg trur det blir ekstra viktig i den kommande perioden at vi jobbar for å dra i same retning med ny strategi og verkeleg spele kvarandre gode. Eg er takksam for å kunne stå på skuldrene til avtroppande leiar Elise Åsnes, som eg har lært så mykje av.

27-åringen har mange førebilete, og trekker fram akademikar og aktivist Timothée Parrique, tidlegare klimaminister i Colombia Susana Muhamed, masterrettleiaren Siri Eriksen, i tillegg til «med-spirer» og tidlegare Spire-leiarar.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? 

– Eg ville invitert degrowth-akademikar Jason Hickel, revolusjonist, marxist og kvinneforkjempar Clara Zetkin og António Guterres, og laga ei to do-liste for ei rettferdig og berekraftig verd (ev. planlagt ein revolusjon som set alle menneske og miljø over profitt, hehe!). Anar ikkje kva ein kan servere til ein sånn type samtale. Kanskje pasta?

Vil helst vere ute

For å halde seg oppdatert følgjer Thea Birgitte Erfjord med på nettaviser, nyheitsbrev, podkastar og Dagsnytt 18. Det går mest i NRK, men ho er òg innom alt frå Panorama, Altinget, Nationen og Framtida.no, til The Guardian og Al Jazeera.

– Eg likar også å høyre Politisk kvarter kvar morgon, og kosar meg med Desken brenner på fredagar.

På fritida elskar ho å vere ute. Spesielt på fjellet, anten til fots, klatrande eller på randoneeski.

Thea Birgitte Erfjord kosar seg når ho er ute i naturen. | Foto: Privat

– Eg bur nærme skogen for å kunne bruke mest mogleg tid ute, også i kvardagen. Ein annan ting eg elskar er kvalitetstid og gode samtalar med vennar, gjerne framføre eit bål. Elles driv eg mykje tilfeldig hobbyarbeid og trivst med alt frå å sy, måle, hekle, brodere og fikse ting!

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Å seie uprioritert ja til alt mogleg eller la Netflix spele av neste episode.

 

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

Omslag: Spartacus

– Å, det er så mange! Kunne lett sagt «Less is more» av Jason Hickel eller «Underskudd» av Emma Holten som er i vinden no – som begge er veldig gode og forklarar godt kvifor vi treng djupare løysingar på ulikskap og klima- og naturkrisa. Men eg trur eg vil gå for «Folk flest er gode» av Rutger Bregman fordi han beskriv bra kor viktig det er å ta utgangspunkt i fellesskap og at folk flest bryr seg. Dette skriv Rutger veldig fint og engasjerande om.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Eg synest Borgen er artig, men prøver å ikkje sjå så mykje på seriar!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Det er ein haug av 70- og 80-talslåter på mi hype-liste. Men for tida er ein gjengangar «Tulipanene i Sorgenfri» av Julie Henrikke.