«Gje barn klagerett til FN no!»

Kirsten Kolstad Kvalø og Maren Irene G. Bakkevoll
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Gratulerer til alle barn! I dag har FN sin barnekonvensjon bursdag. Det er den viktigaste avtalen for barn i heile verda. Han gir alle under 18 år rett til ekstra beskyttelse og nokre heilt eigne rettar.

Sjølv om barnekonvensjonen er den FN-konvensjonen som har breiast tilslutning verda over, opplever barn brot på rettane sine kvar dag. Difor vedtok FN i 2011 ein tilleggsprotokoll som gav barn rett til å klage til FN sin barnekomité om eit land ikkje følgde barnekonvensjonen. Noreg har foreløpig sagt nei til å vere med på denne tilleggsprotokollen. Det var eit nei til å styrke barns menneskerettar. 

Fleire barn opplever brot på rettane sine

Noreg har lenge vore kjent som forkjemparar for barns rettar. For dei fleste er det trygt og godt å vekse opp i Noreg. Likevel er det fleire barn som opplever brot på rettane sine.

Eit døme på korleis barn i Noreg kan oppleve brot på barnekonvensjonen er mobbing på skulen. Nyleg kunne vi lese i VG at adoptivbarn, særleg dei med mørkast hudfarge, opplever forskjellsbehandling. Det er eit brot på barnekonvensjonen viss staten ikkje gjer nok for å hindre dette.

Eit anna døme er at mange barn mista spesialundervisinga si då det var mykje koronasmitte og skulane måtte stenge og ha fjernundervising. Det finst mange fleire døme på korleis barn i Noreg ikkje får rettane sine innfridd.

Uansett kva som gjer at barn i Noreg ikkje får rettane sine innfridd, er det til slutt staten sitt ansvar. Det same gjeld i Danmark, Finland, Tysland, Spania, Portugal og 43 andre land. Forskjellen mellom barn i Noreg og desse andre landa, er at der har barn rett til å klage til FN viss staten krenkar rettane deira. 

Ny klageordning

Då Stortinget sist tok stilling til barns klagerett til FN var eit av hovudargumenta mot at ein frykta eit redusert handlingsrom for politiske styresmakter. Spesielt var ein uroa for kva det kunne få å seie for asyl- og flyktningpolitikken til Noreg. I tillegg var ein usikker på korleis klageordninga kom til å fungere, sidan ho var ny. 

Realiteten er at Noreg må forhalde seg til FN si tolking av barnekonvensjonen uansett om vi er knytte klageordninga eller ikkje. Barns rettar må oppfyllast i Noreg i tråd med folkeretten. Det gjeld uavhengig av kor barnet kjem frå, eller korleis barnet har enda opp i Noreg.  

Forskjellen mellom barn i Noreg og desse andre landa, er at der har barn rett til å klage til FN viss staten krenkar rettane deira.

Bør gå føre som godt eksempel

Det finst mange andre land der barn langt oftare opplever brot på rettane sine enn i Noreg. I desse landa kan det vere kjempeviktig med ei klageordning. Det er vanskeleg å meine at desse landa skal følge tilleggsprotokollen om klagerett, når ikkje Noreg gjer det. Noreg bør gå føre med eit godt eksempel for å sikre god oppslutning om klageordninga også i resten av verda.

Stortinget glømde ein vesentleg del av vurderinga då dei sist gong tok stilling til saka i 2017. Etter barnekonvensjonen artikkel 3 skal omsynet til barnet sitt beste alltid vere ein del av vurderinga når ein tar avgjerder som handar om barn. Det gjorde ikkje Stortinget i denne saka.

I 2017 hadde barnekomiteen handsama svært få saker. No har dei handsama fleire titals saker. Og i haust fekk vi nye politikarar på Stortinget. Difor er det på tide å ta opp saka igjen. Vi håper at neste gong barnekonvensjonene har bursdag, så kan vi også feire at barn kan klage til FN!


Lea Mariero i Press meiner norsk asylpolitikk bryt med FN sin barnekonvensjon. Foto: Press