Noereh sin nye leiar ville invitert Ryan Reynolds på reinmiddag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fellesskap er vel ein del av det som fekk meg engasjert, via organisasjonen har eg fått vennar for livet. Samstundes er det nok all urettferda ein ser og kjenner på som fyrer meg opp.

Det fortel Lars-Bjørnar Knutsen på e-post til Framtida.no. I midten av mars vart 29-åringen vald til ny leiar i den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh.

Han tek over vervet etter Maria Westerfjell Grensemo, og fortel at han ønsker å vere ein leiar som inspirerer og engasjerer når han no tek til i si nye rolle.

– Oppgåva til ein leiar er jo eigentleg mest å hente fram eigenskapane til teamet, støtte opp og skape motivasjon til resten av styret slik at vi får gjort mest mogeleg på best mogeleg måte, utdjupar han.

Elsa Laula Renberg. Foto: Ukjent/Saemien Sijtes fotoarkiv/Offentleg eigedom

Elsa Laula og Ellen

Når han skal trekke fram eit leiarføredøme han ser opp til, peikar han først på den samiske pioneren som var drivkrafta bak landsmøtet i 1917:

– Må nesten seie at Elsa Laula Renberg er veldig inspirerande. Ho var reindriftssame og jordmor, fortel Knutsen.

Renberg var ei føregangskvinne på fleire vis, men var særleg oppteken av kor viktig det var at det samiske folket organiserte seg.

Ho skipa den første landsomfattande samiske organisasjonen, og då ho samla over 100 deltakarar frå både Noreg og Sverige i 1917, var det det første samiske landsmøtet nokosinne.

Men inspirasjon finn 29-åringen også i si eiga slekt, nemleg i oldemora Ellen:

– [Ho] hjelpte flyktningar under krigen til å kome seg over til svensk side frå Tysfjord, der tyskarane meinte det var altfor bratt og farleg terreng til at nokon kunne flykte over grensa.

Vil sikre samiskopplæring

Den nyvalde Noereh-leiaren fortel at dei tre viktigaste sakene for organisasjonen anno 2022 er klima, språk og likestilling.

– Vi synest at klimapolitikk er for svakt på Sametinget og vil at denne politikken må verte meir synleg sidan vi også er ein del av det norske majoritetssamfunnet, forklarar Knutsen.

Samstundes meiner Noereh at læreplanen i språk og korleis han vert utført i skulen ikkje er god nok. Knutsen meiner det er ein lite gjennomarbeidd plan for korleis elevar skal få best mogeleg opplæring utan at det går for mykje utover andre fag, eller for at kvaliteten er god nok til at elevar kjenner meistring.

– Utan at dette er sett saman godt nok så vil det påverke ikkje berre læringskurva i samiske fag, men også blø ut i andre fag, slik at motivasjonen og prestasjonen går ned.

I Julevmagasijnna, NRK-programmet Lulesamisk arkiv, fortel Knutsen at han sjølv ikkje fekk mogelegheit til å lære seg samisk i skulen. Då han spurde, fekk han beskjed om å kjøpe ei ordbok og finne eit ledig rom der han kunne lese i ho.

3 av 4 unge samar har opplevd diskriminering

Som ein minoritet, er det òg viktig å fokusere på likestilling, fortel Noereh-leiaren. Særleg med samane si historie i Noreg.

– Etter fornorskingsprosessen er det mykje arbeid som må verte gjort for å vareta samiske rettar og sjikane mot samar.

29-åringen peikar på forskingsprosjektet Mihá som synte at 3 av 4 unge samar har opplevd diskriminering.

– Vi i Noereh ser på dette som veldig urovekkjande, men likevel ikkje overraskande.

Den påtroppande leiaren legg til at det som kanskje er Noereh sitt viktigaste arbeid, er å skape møtepunkt for samisk ungdom.

– For at det samiske skal få halde fram å blomstre, så er det særs viktig at ein kan møte og verte kjend med kvarandre i eit miljø der ein har den same fellesnemnaren, slik at ein får ein arena å utøve kulturen sin på og skape nettverk på kryss av Sápmi.

Desse fem unge lovande bør du halde auge med i framtida. Foto: Ina-Theres Sparrok, Mariann Josefsen, Alice M. Jektevik, Piera Heaika Muotka, Privat. Kollasj: Framtida.no.

– Det må verte greitt å ikkje vere like tøff og hard heile tida

Lars-Bjørnar Knutsen si personlege hjartesak er psykisk helse.

– Eg kjenner til så mange personar i Sápmi som slit med psykiske problem av alt frå diskriminering til overgrep. For eit godt og berekraftig Sápmi er vi nøydde til å ha eit stort fokus på psyken, fortel han og utdjupar:

– Det må verte greitt å ikkje vere like tøff og hard heile tida, samstundes som at ein må få ned barrierane mellom bygd og stat slik at terskelen for å oppsøkje hjelp vert lågare.

Knutsen påpeikar at slikt arbeid vil ta lang tid, men han håpar at alle planane som vart sette på vent i koronapandemien vert gjennomførte. Han peikar særleg på Jasska-prosjektet som vart sett i gang hausten 2017, i kjølvatnet av overgrepssakene i Tysfjord, og som heldt på ut 2019.

Skog, strikking og bøker

På fritida elskar Lars-Bjørnar Knutsen å kome seg ut i skogen eller på fjellet.

– Det er ein plass der eg kjenner meg fri og slepp skuldrene heilt ned, seier han og held fram:

– I kvardagen min har eg ikkje så mykje tid til å kome meg ut av byen, så då finn eg gjerne fram litt strikketøy eller ei god bok.

Omslag: Cappelen Damm

Han strikkar framleis på ein genser han helst skulle ha fullført sist vårsommar, og har akkurat lese boka til Ella Marie Hætta Isaksen, Derfor må du vite at jeg er same. Den boka tilrår han alle å lese:

– Eg er akkurat ferdig med ho sjølv no og tenkjer spesielt at folk som ikkje kjenner til den samiske historia bør lese denne for å få eit innblikk i korleis det å vekse opp som samisk har vore dei siste generasjonane.

Ryan Reynolds på reinmiddag

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Telefonen, eg har aldri klart å leggje han frå meg når eg skal leggje meg. Etter eg fekk TikTok vart det jo like skummelt som å spele Sims på kveldstid. Plutseleg er det blitt ein ny dag.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Eg bur på VG. Skrollar meg igjennom med ein gong eg ikkje gjer noko av meining. Sjølv om eg har abonnement i dei fleste lokalaviser (Fosna-folket, Nordsalten, Avisa Nordland, Romerikes Blad, mfl.), så er eg oftast å finne på VG utan abonnement.

Om han hadde vakna opp i morgon til si draumenyheit, hadde overskrifta vore: «100 år sidan samar trong å protestere mot noko som helst».

– Kva person – levande eller død – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Eg bør vel eigentleg ha ein skikkeleg historisk person innanfor det samiske, som Elsa L. Renberg, men Ryan Reynolds hadde jo vore veldig hyggeleg. Eg hadde nok servert han indrefilet av rein med alt av tilbehøyr. Har bestandig høyrt at vegen til ein manns hjarte er via magen.

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er jo sjølvsagt at vi alle kan akseptere kvarandre akkurat sånn som vi er, utan å gjere forskjell på folk ut frå legning, religion, hudfarge, kultur eller andre faktorar. Idealsamfunnet må jo òg vere berekraftig internasjonalt, slik at vi ikkje treng bekymre oss for jorda vi lever på og at vi igjen lever med naturen/jorda og ikkje mot den.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? – Om eg ikkje kan velje begge, så vil ein hund få meg meir ut i marka.
Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur med ein god venn eller to.
Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Trur eg kunne ha ete taco kvar dag.
Foto: Miguel Andrade, Krisztian Tabori/Unsplash

GAME OF THRONES ELLER FRIENDS? Game of Thrones. Jon Snow er jo heilt innanfor.
Foto: Helen Sloan/HBO, HBO Max.

ED SHEERAN ELLER BILLIE EILISH? Ed Sheeran.
Foto: Harald Krichel/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0, Lars Crommelinck Photography/Flickr/CC BY 2.0


Illustasjonsfoto: insung yoon /Unsplash

Fakta

Frå: Bjugn og Tysfjord

Alder: 29 år

Yrke/utdanning: Frisørsvein

Favorittfag på skulen: Kunst og handverk og musikk

Ulike verv: Leiar i Noereh

Medlem i: Noereh, Garmeres, Foreningen Fri