Påverkar sluttar med fast fashion-samarbeid – tapar éin halv million kroner

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 19.04.2022 15:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anne Marthe Widvey (29) jobbar fulltid som påverkar. 24. mars la ho ut eit innlegg på Instagram, der ho skriv at ho ikkje lenger skal samarbeide med fast fashion-merke.

– Eg kunne ikkje forsvara det lenger, seier ho på telefon til Framtida.no.

– Det er ikkje bra for kloden i det heile tatt. Eg er skikkeleg fed up med det kjøp og kast-samfunnet me har skapt. Eg er ikkje eigentleg ein sånn person sjølv, men eg har blitt forma av bransjen. No var det nok.

29-åringen frå Karmøy fortel at ho etterkvart som ho las seg meir opp og lærte meir, har hatt ein klump i magen når ho har jobba med dei partnarane ho har hatt.

No har ho avslutta samarbeid med mellom anna Carlings, Na-kd, Kappahl, Lindex, Nelly, Gina Tricot, Chiquelle, Getinspired og Ellos Fashion.

– Mange tenker det berre er å slutte på dagen, men det er ikkje så enkelt, seier Anne Marthe Widvey. Foto: Privat/@widvey

Mistar over éin halv million kroner

For seks år sidan starta ho så smått med det sosiale medium og det som har blitt påverkar-bedrifta hennar. I fire år har ho levd av jobben som påverkar. I dag har ho 36,4 tusen følgjarar på Instagram, 621 abonnentar på Youtube, ein blogg og 100 følgjarar på TikTok.

I over to år har ho tenkt på å avslutte alt samarbeid med fast fashion-merke. Ho forklarar at det er vanskelegare enn ein kanskje trur på grunn av lange kontraktar, der mange har bøter dersom ein vil trekkje seg frå kontrakten tidlegare.

– For eitt år sidan kom eg meg ut av halvparten av kontraktane, og måtte jo finne ut litt av det økonomiske. No i mars var det tid for å fornye kontraktar, og eg kunne endeleg seie nei og greidde å kome meg ut av alt. Det var veldig deilig.

Om lag 500.000 kroner tapar ho på å avslutte desse store kontraktane. I tillegg kjem dei mindre samarbeida.

– Ein får jo også kanskje 4-5 merker som tek kontakt og vil ha eit og eit innlegg i tillegg, der det fort blir 7000 per post. Så det er jo snakk om mykje i lengda, men det er dei store kontraktane som har kosta meg mest. Det er jo ei om lag ei årslønn for dei fleste.

– Men du tenker det er verd det?

– Kva skal eg med dei pengane om eg ikkje har ein klode å leve på? Ein kjem ikkje langt. Om det berre held fram, og eg er ein av dei som har forårsaka at me sit her med ingenting og ikkje ein planet det ikkje går an å bu på, så kan eg ikkje ha det på samvitet.

– Pengar smakar berre godt om dei er tente på rett måte.

No håpar ho å kunne samarbeide med merke som ynskjer å gjere ein forskjell, anten innan klede, sko eller anna.

– Det mest berekraftige er sjølvsagt det du har frå før, men av og til treng ein ei ny ulltrøye eller bukse, og då er det kjekt om ein kan samarbeide med etiske, grøne, berekraftige firma, som er eit godt val.

– Eg har alltid elska klede og å reise på shoppingtur og storhandle. Men så var det jo kun den eine gongen i året me handla. Og å arve klede frå storesystera mi var himmelen! Eg trur ikkje det er sånn lenger, seier Anne Marthe Widvey. Foto: Privat

Forstår ikkje kva fast fashion er

I kommentarfeltet har ho fått fleire kommentarar og meldingar frå folk som ikkje kjente  til omgrepet fast fashion og utfordringane knytt til det.

– Mange er positive etter å ha lese seg litt opp. Andre forstår ikkje heilt kva fast fashion er og tenker det er mote og inspirasjon, men det er jo så mykje meir enn det, seier påverkaren.

Fast fashion viser til klede som blir produserte raskt, følgjer dei nyaste trendande og er billige å kjøpe. Dei kopierer design frå catwalken og produserer billige kopiar. Det kjem nye kolleksjonar fleire gongar i månaden, og dette held oppe presset på å følgje trendane og heile tida kaste og kjøpe nytt for å henge med.

Med rask produksjon og låge produksjonskostnadar blir det også dårleg kvalitet, og så elendige arbeidsvilkår for fabrikkarbeidarane at det blir kalla moderne kolonialisme.

Produksjonen gjer også klesindustrien og forsyningskjeda til den tredje største forureinaren i verda, ifølgje ein rapport publisert av World Economic Forum publisert i 2021.

Kjende fast fashion-merke er til dømes Zara, H&M, Gina Tricot, GAP, Mango og Topshop. Dei siste åra har det og vekse fram eit endå billegare og raskare alternativ, kalla ultra fast fashion. Døme på dette er merke som SHEIN, Missguided, ASOS, Fashion Nova, Boohoo, PrettyLittleThing, og Cider.

Du har 359 klesplagg i skapet

Nordmenn eig i gjennomsnitt 359 plagg kvar. Desse kleda varar i om lag fem og eit halvt år, ifølgje Forbruksforskingsinstituttet SIFO.

Åtte prosent av kleda me kjøper, brukar me aldri – og kvar nordmann kastar om lag 23 kilogram klede kvart år. Ein europear kastar i snitt 11 kilogram klede i året, ifølgje EU. 

Ifølgje ei ny studie frå SIFO oppgir 58 prosent av oss at me ville ha brukt kleda lenger dersom dei var av betre kvalitet.

Professor Ingunn Grimstad Klepp. Foto: Oslomet

I slutten av mars kom EU med nye, strengare klimakrav til klesbransjen. Nokre av krava er at klede skal halde lenger, og kunne resirkulerast og reparerast.

Likevel meiner professor og tekstilforskar Ingunn Grimstad Klepp at dette ikkje er bra nok. Ho meiner det største problemet er forbruket vårt og mengda klede som vert produsert.

– Mange av delane strategien ser for seg som gode, vil ikkje få effekt, fordi mengde ikkje er med i reknestykket. Det hjelper ikkje å reparere meir, om du stadig kjøper meir nytt, sa Klepp til NRK då krava vart kjende.

15 plagg i månaden: – Heilt vilt!

For påverkar Anne Marthe Widvey har mengde og forbruk vore ein av dei største årsakene til å avslutte samarbeida.

– Mange kjeder krev at ein viser fram 10-15 plagg til følgjarane i måndaden. Det er jo heilt vilt! Og dei likar sjølvsagt at ein vel mange plagg å vise fram.

Sjølv har ho prøvd å redusere talet på nye plagg ho skulle få og vise fram i samarbeid.

– Dei siste eg jobba med før eg avslutta samarbeida var Ellos, og dei forstod meg. Eg sa at for meg er det ikkje aktuelt å velgje 5-15 ting. Det er ikkje normalt, og det burde ikkje vere normalt å handle så mykje. 

Der fekk ho lov til å velja berre eitt plagg og promotere det i over to månadar på fleire måtar.

– Men det er jo grenser for kor lenge du kan vise det same, fortel påverkaren og utdjupar at dei fleste kjedene ynskjer at ein viser noko nytt kvar gong.

– Hadde det berre vore eit par i verda som gjorde dette hadde det vore ein ting, men folk trur jo at dette er vanlegDet gir jo også eit press, der folk tenker «shit, eg må kjøpe alt ho viser», og det er det som blir så ille, seier Widvey.

Betydeleg effekt på unge

Forskar Kamilla Knutsen Steinnes. Foto: Oslomet

Kamilla Knutsen Steinnes har forska på influensermarknadsføring og bekreftar det Widvey seier:

– Influensarar kan eigentleg kallast selgjarar, der plattforma deira fungerer som ein marknadskanal for promotering av produkt og tenester.

Ho fortel at det finst ei lang rekke studiar som demonstrerer at influensermarknadsføring har ein betydeleg effekt på særleg unge, mellom anna på kjøpsintensjonar og haldningar mot produkt.

Studiar viser også at mange let seg påverke av tilrådingar frå influensarar til å kjøpe eller vurdere å kjøpe diverse produkt og tenester, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Det er likevel håp for at Widvey også kan inspirere med sitt nye standpunkt:

– Følgjarar ser gjerne opp til heile livsstilen til influensaren, så dei har lett for å kjøpe det influensaren sel, uavhengig av om det er eitt personlig image, politisk bodskap, eller eit klesplagg, forklarar forskar Steinnes.

Mista følgjarar

Etter annonseringa mista påverkar Anne Marthe Widvey eit par hundre følgjarar.

– Heilt ærleg vart eg litt satt ut, eg tenker jo at dette er ein positiv ting, så eg fekk litt sjokk og tenkte «Oi, likar dei ikkje dette?».

– Eg sjølv har kjend på eit stort kjøpepress frå følgjarar. Eg får meldingar med spørsmål om når det kjem ein ny haul eller om eg kan laga film der eg kjøper ting på H&M. Det er jo jobben din, og du er avhengig av å ikkje miste følgjarar, seier Anne Marthe Widvey. Foto: Privat

Samstundes har ho også fått nokre nye følgjarar nettopp på grunn av standpunktet ho har teke.

– Så langt er eg i minus på følgjartalet, men det går heilt fint. Eg vil heller slutte med fast fashion for miljøet og dei stakkarane som syr.

 Føler du deg åleine om å ta eit sånt standpunkt?

– Absolutt. Det er veldig trist. Det er mange påverkarar som eg har hatt god kontakt med som har avfølgt meg. Eg tenker at det kanskje er like greitt, og ein får ta denne bransjen med ei klype salt. Men eg håpar jo at fleire kan gå i samme retning, og heller motivera kvarandre og hjelpa kvarandre til å gjere bransjen grønare, i staden for å sjå på kvarandre som konkurrentar. Det har me alle godt av.

Fleire har også teke kontakt med henne for å høyre korleis ho gjekk fram for å avslutta samarbeida, og vore interesserte i å gjere det same.

– Eg trur det er fleire som ynskjer å gjere det same, men som ikkje tør. Eg var jo ein av dei sjølv. Eg skulle i møte og sat og kaldsvetta som om eg skulle i krig. Det var veldig ekkelt og det er veldig skummelt. Du veit aldri korleis folk vil reagere og om du drit deg på leggen. Eg trur fleire vil tore å gjere det same om dei ser det går fint. 

– Fryktar du det hindrar deg på noko vis til å bygge deg større som influencer?

– Både òg. Eg ser jo ein stor trend på at dersom du gjer sånne hauls så veks du veldig fort. Hadde eg ville vakse fort, hadde eg gjort det for lenge sidan.

– Trur du at du kjem til å angre, dersom det påverkar innteninga for mykje?

– Nei. Den einaste angeren eg kjem til å ha er at eg ikkje har gjort det tidlegare. 


DISCO-kolleksjonen til Murby består av ulike bukser og overdelar i fargerike, glitrande stoff. Foto: Sara Tonning. Foto: Sara Tonning, kollasj Framtida.no