Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie (19) vil vise at slow fashion kan vere dritkult

– Eg har lyst til å vere med på å endre det synet folk har på mote. 

Marie Pedersen Murby (19) frå Oslo har alltid visst at ho ikkje kom til å drive med nokon A4-jobb. I vår vart ho ferdig på Design og tekstil-linja på Edvard Munch vidaregåande skule, og no driv ho sitt eige klesmerke, Murby Designs, der ho designar, konstruerer og syr alle plagga ho sel sjølv.

Det var under nedstenginga i mars 2020 at ho bestemte seg for å ta syinga eitt steg vidare.

– Det var blitt ein så stor lidenskap for meg, og eg innsåg at eg ikkje kunne sy berre til meg sjølv. Då ville det til slutt bli så fullt på rommet mitt at det ikkje var mogleg å komme seg ut, seier Murby til Framtida.no på telefon.

Murby starta då si eiga bedrift, Murby Designs. Etter å ha lært om entreprenørskap på skulen, visste ho litt om kva som skulle til, og oppretta eit enkeltmannsføretak. I starten gjekk det mest i saum av gjenbrukstekstilar og bøttehattar, men då ho utover hausten merka at ting byrja å ta litt meir av, fekk ho lyst til å lage noko som var endå meir personleg.

Murby fokuserer på berekraft i alle ledd i produksjonen. Ho syr mellom anna badetøy av stoffrestane. Foto: Sara Tonning

Personleg og tidkrevjande

– Eg har alltid likt statement-plagg med fargar og glitter, og det ville eg at merket mitt skulle gjenspegle, fortel designaren og legg til:

– Samtidig ville eg skape noko som var praktisk og tidlaust. Eg er veldig oppteken av at klesmerket mitt ikkje berre skal oppfattast som eit klesmerke, men også ein personlegdom. Dette er slow fashion, og eg vil vise at det kan vere dritkult.  

Resultatet vart ein kolleksjon ho har kalla DISCO, som ho no sel frå nettsida si. Kolleksjonen består av glitrande og fargerike bukser og toppar, samt bikiniar som ho syr av restestoff.

Murby har basert seg på eit made-to-order-konsept, som tyder at ho syr berre dei plagga ho får bestilling på. Arbeidskvardagen består i å gå til stoffbutikken og handle akkurat så mykje stoff som ho treng til bestillingane sine, konstruere mønster etter måla til kundane, klippe ut mønsterdelar, sy bestillingane, pakke inn og sende. Alt i alt tek dette 10-11 timar om dagen.

– Eg er veldig oppteken av å dokumentere kva eg gjer undervegs, slik at folk kan sjå kor mykje arbeid som ligg bak. 

For høg prissetting

Vidare fortel Murby at ho ved fleire anledningar har fått kommentarar på at prisane på plagga ho syr, er for høge. 

– Det gjer meg trist, for det viser at fast fashion-industrien gjev folk feil forventingar til kva som ligg bak eit klesplagg. Ein blir litt hjernevaska av all reklamen for dei billege kjedene. Det handlar berre om pengar, pengar, pengar, seier Murby. 

Marie Murby i eige design. – Klesmerket mitt er ikkje berre eit klesmerke, men ein personlegdom som ligg bak. Foto: Sara Tonning

Fast fashion er ei tilnærming til klesmote som legg vekt på å gjere trendar billeg og raskt tilgjengeleg for kundar. Fast fashion-industrien vert ofte assossiert med barnearbeid og låg lønn til tekstilarbeidarane, for at butikkar i Vesten skal kunne selje billege klede. 

– Etter at eg delte på Instagram om kommentarane eg har fått, fekk eg mange meldingar der folk takka meg for å vere ærleg og open om saka. Folk skreiv at dei fekk eit nytt syn på det heile. 

Murby fortel at ho ønsker å vere ein motpol til denne industrien, og håpar å kunne opne auga til folk ved å informere og snakke om den faktiske verdien til eit klesplagg, med alle krefter og tid som ligg bak. Det er likevel viktig for den unge designaren å ikkje påføre nokon skam.

– At ikkje alle har råd til å handle frå slow fashion-merke, er jo fullt forståeleg. Eg skal ikkje pålegge noko skam for det. 

Får støtte av professor

Ingun Grimstad Klepp er tilsett hos Forbruksforskningsinstituttet (SIFO) og arbeider mellom anna med forbruk av klede og andre tekstilar. Saman med Tone Skårdal Tobiasson har ho gjeve ut tre bøker som omhandlar dette temaet; Lettstelt (2019), Lettkledd (2020) pg Lettfiks (2021). Foto: SIFO

– Det at klede er så billege som dei er i dag, resulterer i to ting: at vi handlar altfor mykje, og at det er umogleg å lage kleda på skikkeleg vis, seier professor i klede og berekraft Ingun Grimstad Klepp til Framtida.no på telefon. 

Klepp seier at Murby slett ikkje er aleine om det problemet ho står overfor, og at ho set fingeren på noko som er heilt avgjerande. Gjennom verdshistoria har klede vore investeringsobjekt, fordi det har vore dyrt, ressurs- og tidkrevjande. 

– Det er det framleis, vi har berre vent oss til at om vi betalar mindre for arbeidet, så kan det bli riktig billeg. Prisen på nye klede er heilt øydeleggande for det vi alle snart er nøydde å ta på alvor, nemleg å få ned miljøbelastingane. Vi kjem ingen veg utanom å måtte betale meir for kleda våre, seier ho. 

  • Visste du at dersom du brukar kleda dine dobbelt så lenge, så kuttar du mykje i karbonavtrykket frå moteindustrien? Les saka! 

Ynskjer å inspirere

Murby håpar at Murby Designs kan halde fram med å vekse. I desember hadde ho 300 følgarar på Instagram, no har ho over 3000, og ho fortel om planar om å utvide DISCO-kolleksjonen endå meir.

I tillegg har fleire norske kjendisar handla DISCO-plagg, og i juli gjorde ho eit intervju med Noregs leiande motemagasin på nett Melk&Honning. Gjennom å vere transparent på alle steg i produksjonen, oppmuntre, informere og halde fram med å uttrykke seg gjennom unike og kule plagg håpar ho å inspirere folk til å handle slow fashion

– Eg vil at folk skal sjå at Murby Designs ikkje berre er eit merke, men også ein person bak som ønsker å gjere ein skilnad. 


Foto av Dainis Graveris/ Unsplash.