«Alle kan ikkje vere kopiar av gjenbruksdronninga Jenny Skavlan»

Cecilie Knoph
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget vart først publisert på Instagram, og er gjengjeve med løyve. Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribenten sine haldningar. 

Alle kan ikkje vere kopiar av gjenbruksdronninga Jenny Skavlan, som lagar vesker ut av bordbrikker.

Vi treng mangfald, både dei som kjøper Ganni-kjolar til tusenvis av kroner, dei som sver til Cubus og dei som elskar second hand.

Dette innlegget er ikkje for å svartmåle deg som handlar klede. Kven gjer vel ikkje det? Inkludert meg!

Shoppestopp vil ikkje fungere for alle, vi kjem ikkje til å handle brukt alle saman heller.

Men det eg VEIT vi kan gjere er å bli meir medvitne over situasjonen og konsekvensane og kanskje senke impulskjøpa betrakteleg?

For vi kan vel vere einige i at dei fleste impulskjøpa ikkje er dei plagga ein til sjuande og sist verdset og som blir mest brukt?

Kjøpepress og rabattkodar blir delt i hytt og pine. Ein har alle eit ansvar, og eg håpar at fleire influensarar kan bli litt meir kritiske og tenke over samarbeida ein takkar ja til.

Treng ein verkeleg den same kjolen i tre forskjellige fargar og deretter reklamere for det? Kva for påverkar og førebilete ønskjer ein å vere?

Ein har sjølvsagt si nisje på Instagram. Nokre har trening, mat eller huskonto. Andre har mote og klede, og eg dømmer ingen for det.

Eg elskar å sjå reels med antrekk-inspirasjon til nye klede og forskjellige stilar, men når realiteten er slik den er no, bør vi som påverkarar ta eit grep.

Men ein har også eit ansvar som forbrukar. Treng du verkeleg dei nye treningstightsane som du får 40 prosent avslag på? (Som eg skal love deg i utgangspunktet er prisa mykje høgare enn kva han er verd, fordi han alltid er til rabattert pris.)

Eller kan du bruke den du har av Kari Traa eit år og to til? Den fungerer jo optimalt?

Igjen, mangfald er viktig. Alle kan og SKAL IKKJE vere like.

Men vi har alle eit ansvar og det er ikkje alltid så mykje som skal til for å gjere ein forskjell.

Eg tok eit grep sist år og hadde som mål å berre kjøpe brukt.

Det gjekk over all forventing! Eg reddar ikkje verda av den grunn og har ureint mjøl i posen eg også. Men bevisstgjering og små grep kan gjere store forskjellar.

Eg ønskjer å trekke fram nokre få tips: @vibbvintage@uff_secondhand_stavanger@nms_gjenbruk@emlottstudio@tise,
@fjongofficial@fretexfashion@flid.no@jointhefaebrik.


Har du noko på hjarte? Send oss eit innlegg på Instagram eller til tips(a)framtida.no!

Photo by Annie Spratt on Unsplash