New York kan få ny motelov – vil tvinge kleskjedene til å innfri miljøkrav

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klesindustrien står for store klimautslepp. I motemetropolen New York, freistar dei no å gjere noko med klimaavtrykket til bransjen.

Eit lovforslag føreslår at alle kles- og skomerke som sel for over 100 millionar dollar i New York, må innfri nokre miljøkrav. Det melder mellom anna motenettstaden Vogue.

The Fashion Sustainability and Social Accountability Act blei introdusert av The New Standard Institute og er støtta av senator Alessandra Biaggi og forsamlingsmedlem Dr. Anna Kelles.

Dersom merka ikkje innfrir krava, vil dei måtte betale ein ekstraskatt på 2 prosent av omsetninga si.

– Eg tenker at dette er veldig nyskapande og bra – at det inneheld krav til rapportering og openheit om både energi, kjemikalieutslepp, vatn, plast, kjemikaliehandtering og arbeidsvilkår – dette er den overordna tilnærminga vi har sakna i tekstilpolitikken, konstaterer Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender.

Tydelege konsekvensar

Ho trur lova kan vere effektiv fordi ho har så tydelege sanksjonar dersom ein ikkje følgjer opp krava om openheit, i form av ein ekstraskatt som går til miljøorganisasjonar.

– Når det byrjar å koste å ikkje vere open om korleis kleda eigentleg blir produsert, trur eg mange fleire selskap vil bli pusha til å gjennomføre dei endringane som trengst, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Leiar i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise. Foto: Foto: Terese Samuelsen/Framtiden i våre hender

Riise meiner krav om openheit kan bidra til å endre heile bedriftsmodellen som gjer det mogleg å overprodusere klede på kostnad av folk og miljø. Ho viser til at bransjen produserer langt meir enn dei får selt, og at mykje dimed blir kasta eller brent.

– Det går ein raud tråd mellom dei stadig forverra arbeidsforholda for tekstilarbeidarane og dei enorme klessøppelhaugane i Chile og andre stadar – nemleg kleskjedene sitt overforbruk.

Ein haug med brukte klede dekkjer sanden i Chile. Landet er ein storimportør av brukte klede, og dei som ikkje blir selde, blir dumpa her. Foto: AP Photo/Matias Delacroix

Store utslepp

Førebels er det som ligg på bordet i New York eit lovforslag, men politikarane som har fremja det, vonar dei vil få det igjennom i løpet av året.

Leiaren i Framtiden i våre hender meiner det er eit stort behov for nye lover for klesindustrien. Ho seier bransjen sjølv har vore klar over miljøproblema dei skapar i fleire tiår, utan at det har skjedd noko særleg.

Klesindustrien står ifølgje Verdsbanken for 8-10 prosent av verdas utslepp, noko som er meir enn både fly og skipsfart til saman. Produksjon av tekstilar og dyrking av bomull krev mykje vatn, energi og sprøytemiddel. Samstundes blir land som kunne ha blitt brukt til matproduksjon okkupert. Syntetiske material som inneheld mikroplast er òg eit stort problem for naturen.

– Klespolitikken må ta tak i grunnproblemet: industrien si rovdrift på planeten og tekstilarbeidarar og forretningsmodellen basert på bruk og kast, seier Anja Bakken Riise, og held fram:

– Vi treng tiltak som tvingar kleskjedene til å stå til ansvar for sin enorme miljøpåverknad, og ikkje gøyme seg bak ein og annan «conscious collection». 

Mange av kleda til fasst fashion-kjedene blir merkte som såkalla «conscious». Skjermdump H&M

Effektiv lov

– Burde Noreg innføre ei tilsvarande lov som det New York har på bordet? 

– Ja, dette kan vi sjå på som ei effektiv openhetslov for miljø- og klimagassutslepp i klesindustrien, og det ønskar vi velkommen!

Anja Bakken Riise peikar på at mykje bra er på gang. Det kjem nye lover og reglar frå EU som stiller strengare krav til material, kvalitet og gjenbruk.

– I sommar vedtok Stortinget Åpenhetsloven, som FIVH har kjempa lenge for. Ho seier at selskap må gi informasjon om arbeidsforhold hos dei som leverer eller produserer varer for dei, og forplikte selskapa til å jobbe for å sikre menneskerettar.

Likevel er det fleire ting Framtiden i våre hender saknar. Dei etterlyser ei miljøavgift på klede, utvida produsentansvarsordning og levetidsmerking med tilhøyrande reklamasjonsrett. I tillegg vil dei ha ei endring i skatte- og avgiftsreglane slik at det ikkje skal løne seg å kaste heller enn å donere klede.


Bakgrunnsfoto: Nick de Partee/Innfelt: Cecilie Knoph: Foto: Privat.

Fakta

Lovforslaget føreslår at eitkvart kles- eller skomerke som sel i New York med ei global omsetning på minst 100 millionar dollar skal gje tydeleg, gjennomsiktig rapportering om energi-, klimagassutslepp, vatn-, plast- og kjemikaliehandtering, samt arbeidsforhold.

Skulle lovforslaget bli vedtatt, vil manglande oppfylling av krava føre til ei bot på 2 prosent av merket si årlege inntekt. Pengane vil gå til miljørettsorganisasjonar.