Ny lov i Frankrike for å verne influensarar under 16 år frå foreldra

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6. oktober vart ei en ny lov som regulerer influensar-verksemd for barn under 16 år, einstemmig stemt fram i den franske nasjonalforsamlingen, skriv Le Monde.

No må foreldre i Frankrike søke om løyve frå lokale styresmakter dersom dei vil eksponere barn under 16 år som influensar på internett.

I tillegg er det lagt inn restriksjonar på lønna influensarar under 16 år tener, slik at ikkje foreldra skal bruka pengane sjølv.

Det var NRK som først omtala denne saka i norske medium.

– Ungdom bør få bestemme sjølv

– Ungdomar burde få bestemme sjølv om dei vil bli ein influensar og offentleg person, fortel Daniel og Simen Andersen i ein e-post til Framtida.no.

Dei norske brørne starta sin YouTube-kanal i 2014, då dei var 13 og 11 år gamle.

I dag har kanalen over 58 000 abonnentar og over 18 millionar visningar.

Daniel og Simen Andersen legg ut Youtube-filmar ein gong i veka og har over 55 tusen følgjarar. Foto: Privat.

Brørne meiner ei lov liknande den franske ville vore smart også i Noreg.

– Foreldre bør la barna få bestemme sjølv om dei vil bli influensar først. Deretter kan foreldra etterpå hjelpe dei med å søke om løyve, dersom barna vil det.

Dei meiner at unge influensarar bør få hjelp av foreldra.

– Så lenge barna sjølv får bestemme kva dei vil og ikkje foreldra pressar dei for mye, berre for at foreldra sjølv kan få pengar av det.

8-åring tente 240 millionar kroner

Influensar-verksemd står for enorme innteningar kvart år.

I 2019 var det 8 år gamle Ryan Kaji (Ryan’s World) som toppa lønnslista, og var den youtubaren i verda som hadde høgast inntekt. På eitt år tente han kring 240 millionar norske kroner, ifølgje Forbes.

I 2018 rekna Marianne Solheim, digital rådgiver i Carat Norge, at såkalla «influencer marketing» utgjorde mellom 50 og 70 millionar kroner av det totalte reklamemarknaden i Noreg (på totalt 20 milliardar).

Kjetil Manheim, plattformansvarleg i Blogg.no, meinte talet truleg var nærmare 100 millionar kroner.

YouTube-brørne Daniel og Simen Andersen meiner det er lurt å ha restriksjonar på kor mykje unge influensarar kan tene.

– Barn under 16 år har ikkje så mykje pengevett endå. For vår del har far vår vore med for å hjelpe oss. Han pusha oss ikkje, men me fikk sjølve lov å bestemme om vi ville bli influensarar.

Faren har også hjelpt dei to ungdomane med økonomien.

– Han har ikkje bestemt over pengane, men heller hjelpt oss med å bruke dei på rett måte.

Ikkje aktuelt i Noreg

Til NRK seier seniorrådgivar Kjersti Botnan Larsen i Barneombudet at det også i Noreg er behov for ei gjennomgang av regelverket, og fryktar foreldre som skyv barn framfor seg for å tene pengar.

Ho meiner likevel at ei førehandsgodkjenning som ein no må ha i Frankrike, ikkje er aktuelt, men vil heller ha eit tydelegare regelverk.

Bør Noreg innføre nye reglar for påverkarar under 16 år?

Bør Noreg innføre nye reglar for påverkarar under 16 år?

Ja12
Nei6
Veit ikkje5
Svar totalt: 23