Verda er laga for kvite menn – det kan koste liv

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Umedvitne haldningar til kvinner og menn påverkar design, og til og med tryggleiken i produkta me bruker.

Standard-storleikar og one size fits all, er som regel laga med utgangspunkt i at det skal fungere for ein gjennomsnittleg, kvit mann.

Alt i frå byplanlegging og arkitektur til teknologi, helseutstyr, forsking, møblar og meir er laga med utgangspunkt i at det skal passa for ein mann.

Kvinner er i andre rekke.

  • Har du til dømes tenkt over at i drop down-menyar er stort sett mann/male over kvinne/female, sjølv om resten av menyane er alfabetiske?

Denne blindsona i design kan i nokre tilfelle vere irriterande, men i andre tilfelle også direkte farleg.

Byar og arkitektur

Illustrasjonsfoto: Ben O’Bro/Unsplash

Byar har historisk blitt planlagde og designa av menn, for menn. Ofte reflekterer dei tradisjonelle kjønnsrollemønster, og fungerer som regel betre for friske, cismenn enn for kvinner, jenter, seksuelle minoritetar, eldre og personar med funksjonsnedsetjingar.

På 1940-talet utvikla arkitekten Le Corbusier ein målestokk som skulle vere laga utifrå menneskelege proporsjonar. Ja, du gjetta rett: han vart laga utifrå ein høg mann sine proporsjonar. Ein på 1,83 meter for å vere nøyaktig.

Opphaveleg var høgda 1,75 (gjennomsnittshøgda til ein fransk mann), men ho vart endra i 1946 fordi «I engelske detektivromanar er alltid dei kjekke mennene, som politimenn, seks fot høge», og dimed vart det 1,83.

Le Corbusier brukte mannen som mal, og det var han ikkje åleine om.

Det kan du sjå att i alt i frå takhøgd, høgda på dørklinker og på trappetrinn til mørke undergangar, lengda på kvartal, parkeringsplassar, utforminga på kollektiv transport, bygg og infrastruktur.

Ein person som berre brukar kollektiv trafikk til og frå jobb, morgon og ettermiddag, har til dømes andre behov enn ein person som må mange ulike stader, på mange ulike tidspunkt på døgnet, som til dømes ei heimeverande mor. Det er også vanskeleg å kome seg rundt i byar og samferdsle med vogn eller rullestol til dømes.

Dei siste åra er det blitt noko meir fokus på å få arkitektur og infrastruktur til å passe fleire enn denne tenkte mannen.

I Wien er det til dømes store buområde med eigne barnehagar og helsetenester, for å lette livet for mødrer som jobbar utanfor heimen. Det er lys installerte i gatene, så det er tryggare på kveldstid, det er lagt nye fortausruter mellom kollektivtransport, heim og skule. I tillegg er fortau gjort vidare og med færre hindringar for å gjere det meir tilgjengeleg. Også Berlin, Barcelona og København har byrja inkorporere eit likestillingsperspektiv i byplanlegginga.

I Stockholm har dei gjort snømåkinga i byen meir kjønnslikestilt. Før moka dei bilvegane først (mest brukt av menn), men har no gått over til å moke fortau og område rundt barnehagar først (mest brukt av kvinner og eldre), og samstundes fått ned talet på ulukker.

Toalett

Illustrasjonsfoto: Olivier Collet /Unsplash

Kor mange gonger har du ikkje sett ein eviglang kø til dametoalettet, medan det ikkje er kø på herretoalettet?

På herretoalett er det både urinal og båsar, som gjer at endå fleire kan få tissa på same kvadratmeter enn ein kan på dametoalettet.

Men sjølv om ein hadde like mange båsar og toalett, treng damer ofte lengre tid enn menn på å toalettet. Faktisk opp til 2,3 gongar lengre.

Anten på grunn av alder (fleire kvinner blir eldre enn menn), mensen, utflod, graviditet og behov for å tisse oftare, urinvegsinfeksjon (åtte gongar vanlegare for kvinner enn menn), eller at det ofte er kvinner som har med seg barn/eldre inn på toalettet eller må hjelpe barn som må på do – dette er det sjeldan teke høgd for i designet og utforminga av toalettområda i offentlege rom.

Helseappar

iPhone sin helseapp er kanskje ein av dei mest brukte, og då han kom i 2014 var lovnaden at du kunne logge alle målingar du er interessert i. Du kunne måle alkoholnivået i blodet ditt, kor ofte du brukte astma-medisin, natriuminntaket ditt. Du kunne tilsynelatande logge alt.

Likevel tok det eitt år før ein kunne logge mensen i han. I tillegg må du framleis ofte bruke andre appar i tillegg for å kunne få den informasjonen du vil ha.

Også i treningsappar og klokker, er det mykje uforløyst potensiale for mensenlogging. Til dømes kunne dei ha kome med forslag til trening basert på syklusen din. 

Til og med appar som er spesifikt laga for mensenlogging, er for dårlege. I 2016 såg eit forskarteam på 108 gratis mensenappar og konkluderte med at dei fleste av desse (95 prosent) er unøyaktige, og ikkje viser til medisinsk litteratur eller helsepersonell.

Dei tek ofte ikkje høgd for at ein kan ha teke abort eller hatt ein spontanabort. Eller vore gravid og difor ikkje hatt mensen over ein lang periode. Eller går på prevensjonsmiddel som påverkar syklusen. Eller har ein ekstra kort, eller lang syklus. Eller så ein gjerne velje om ein vil logge syklus og blødningar for å unngå å bli gravid, eller for å bli gravid.

Kunstige hjarte

I 2014 kom det nye kunstige hjarte, som passar 80 prosent av menn – men berre 20 prosent av kvinner.

Kvinner er generelt fysisk mindre enn menn, og dei kunstige hjarta har ein fast storleik. Dimed er det ikkje plass til dei kunstige hjarta i dei fleste kvinnelege kroppar.

Sjølv når det ikkje er fysiske hindringar i vegen for å bruke eit hjelpemiddel, er det ikkje sikkert ein får det likevel. Vice har peika på ein studie som viser at ein spesifikk pacemaker som hadde størst effekt på kvinner, likevel var meir sannsynleg å verte tilbydd menn.

Ei årsak er at retningslinene for behandling med pacemakeren var basert på kliniske studiar, hovudsakeleg gjort med menn, noko som er ganske vanleg innanfor den medisinske verda.

Kvinner fekk nytte av pacemakeren på eit litt anna vis enn menn, så retningslinene tok ikkje med deira behov.

Mobiltelefonar og teknologi

Illustrasjonfoto: Nathana Rebouças /Unsplash

Storleik er også problemet når det kjem til mobiltelefonar.

Kvinner sine hender er i gjennomsnitt 17 mm kortare enn menn sine, noko som er ganske mykje når ein tenker på alt ei hand skal rekke på ein telefon:

Det er vanskelegare å ta bilete med ei hand, skrive med ei hand, skru av og på telefonen og skrolle med ei hand, dersom hendene dine er nesten to centimeter mindre enn handa telefonen er laga for. Alternativet er å bruke ein dårlegare eller eldre telefon.

Dei aller fleste teknologiselskap består hovudsakeleg av menn, særleg på utviklarsida. Kanskje er det ikkje så rart då at mobiltelefonar er for store for veldig mange kvinnehender?

Faktisk viste ein studie frå 2010, gjort for FN av danske forskarar, at «Dei grunnleggjande premissa for utvikling av avanserte elektroniske produkt, som TV, hifi-system, ein mobiltelefon eller GPS, er tilsynelatande i stor grad dominert av eit mannleg tankesett».

I 2016 måtte til dømes Apple fikse at Siri sende folk som ville ha hjelp til å finne stader å ta abort til adopsjonssenter, fem år etter folk hadde peika på dette som eit problem. Samstundes hadde Siri ingen problem med å gi deg tips om å finne ein stad å kjøpe Viagra.
Ein studie frå det same året viste at Siri, Google Now, S Voice og Cortana – virtuelle assistentar – i stor grad vart forvirra av typiske spørsmål som oftare gjeld kvinner enn menn.
Om ein sa «Eg har eit hjarteinnfarkt», visste Siri kva det var og kva du trong og kom med praktiske forslag for hjelp. Om ein sa noko om sjølvmord eller depresjon, fekk ein nummeret til ulike hjelpetelefonar.
Om ein sa «eg har blitt valdteken», «eg blir mishandla» eller «mannen min slår meg», visste ikkje dei virtuelle assistentane kva dei skulle gjere.
Smartklokker er ofte for store for kvinnehandledd, kart-funksjonar kan vise deg raskaste, men ikkje tryggaste veg og treningsklokker greier ikkje å ta med skritt eller kaloriar som har gått med medan ein gjer husarbeid eller dyttar på ei vogn.

Stolar

Laura Chouette/Unsplash

Ideelt sett skal ein ifølgje NHI kunne sitje med heile fotsolane nedi golvet, knea i 90 graders vinkel, hoftene litt høgare enn knea og korsryggen heilt inntil ryggstøtta.

For mange kvinner (og barn), er dei fleste sitjemøblar for store for å få til dette. Anten må ein sitje heilt på kanten for å kunne ha beina i bakken, eller så må ein ha beina oppe i stolen/sofaen eller sitje med støtte i ryggen.

Barn får eigne møblar, medan kvinner må bruka møblane som er laga for større, mannlege kroppar.

Resultatet er at ein alltid sit sub-optimalt, at ein føler seg uprofesjonell og som eit barn når ein kompenserer med å sitje med beina oppi sofaen eller stolen. Det finst faktisk guidar for korleis ein kan kompensere om ein sit i for store møblar. I tillegg er det ofte dyrare med alternativa som gir høve til betre tilpassing.

Kontor-temperatur

Matthew Henry/Unsplash

I eit vanleg kontorlandskap vil du ofte finne kvinner med ulljakker og ullpledd, og menn utan. Kvifor er det sånn?

Standarden for kontortemperatur i USA vart til på 1960-talet, basert på metabolismen til ein gjennomsnittleg 40 år gamal mann på 70 kg.

60 år seinare er det langt vanlegare med kvinner på kontora, men standarden er i stor grad nytta framleis. Kvinner har ofte treigare metabolisme fordi ein er mindre og har meir kroppsfeitt.

Ifølgje ein studie overvurderer den 60 år gamle modellen kor mykje varme kvinner sjølv genererer med opptil 35 prosent. Dette tilsvarar ein forskjell i temperaturpreferanse på om lag tre grader.

Den vanlegaste kontortemperaturen er på 21,1 grader celsius, medan det optimale for mange kvinner kanskje hadde vore 24-25 grader.

Lommer

Grafikk frå The Pudding

Visste du at lommene i kvinneklede er mindre enn menn sine lommer? (Om det i det heile teke finst lommer på kvinneklede!)

The Pudding fann at i gjennomsnitt er lommene i kvinnejeans 48 prosent kortare og 6,5 prosent smalare enn lommene i menn sine jeans.

Dei testa 80 ulike jeans frå store klesmerke og sjekka mellom anna kva ein fekk plass til i lommene.

Nøklar, telefonar og lommebøker til dømes. Berre 40 prosent av kvinnebuksene fekk plass til ein iPhone X i lomma framme, og berre 20 prosent hadde plass til ein Samsung Galaxy. På herrebuksene kunne alle para romme ein iPhoneX og 95 prosent ein Samsung Galaxy, utan problem.

Berre 10 prosent av kvinnebuksene hadde plass til ei kvinneleg hand i lommene – på herresida var det plass til ei hand i alle buksene som vart sjekka.

Visste du? I 1954 sa motedesignar Christian Dior: «Menn har lommer for å ha ting i dei, kvinner har dei for dekorasjon.»

Munnbind

Illustrasjonsfoto: Pam Menegakis/ Unsplash

Nok ein gong er det tydeleg at one size fits all, ikkje gjer det. Og ofte aller minst den gjennomsnittlege kvinna.

Då koronaviruset kom vart munnbind raskt noko alle måtte ha og bruke rundt om i verda.

I USA har forskarar sett på munnbinda som vart tilrådde frå styresmaktene, og konkluderte med at dei passa maskuline ansikt veldig bra. Men ikkje kvinner, eldre og smalare ansikt (ofte ikkje-kvite).

Faktisk vart lekkasjane frå munnbindet dobla når kvinner brukte det, samanlikna med menn – fordi dei var for store for ansiktet.

Særleg er dette eit problem for kvinner som arbeider innanfor helse og får større risiko for å bli smitta, anten av koronavirus eller anna.

Verktøy

Illustrasjonsfoto: Artur Tumasjan / Unsplash

Det meste av verktøy og verneutstyr er også laga etter proporsjonane til menn, både når det kjem til storleik og styrke.

Det er vanskelegare å få ordentleg grep for mindre hender, og ofte er større verktøy som utstyr ein må ha på gard, laga for mannleg styrke, høgd og storleik. Og skal ein ha verktøy som passar må ein søke spesifikt etter kvinnelege variantar, og som regel betale meir enn standardverktøya i vanlege butikkar.

Om du er politi og må ha tilgang på skotsikker vest, er også den laga utan å ta høgd for kvinneleg anatomi. Heilt sidan 90-talet har kvinnelege politibetjentar klaga på tungt utstyr, vestar som ikkje er laga for puppar og dimed blir kortare og gjer dei meir sårbare, blåmerke etter belta med utstyr og meir. Framleis er ingenting gjort.

Om ein er kvinne og jobbar som kirurg eller lege, er det også svært truleg at instrumenta ein jobbar med først og fremst er laga med ei mannleg hand i tankane. Ein studie konkluderte dei med at kvinnelege kirurgar opplever meir ubehag og får oftare behandling for hendene sine, enn mannlege kirurgar.

Romdrakt

Illustrasjonsfoto: Niketh Vellanki/Unsplash

I oktober 2019 var verdas første romvandring med berre kvinner. Men den historiske hendinga skulle eigentleg vore tidlegare på året. Ho måtte avlysast fordi dei ikkje hadde klargjort éi av dei to draktene dei har i storleik medium.

Faktisk er dei einaste storleikane som er tilgjengelege i NASA medium, large og extra large. På 90-talet kutta dei small-storleiken, for å spare pengar.

I 2003 var det ingen av dei mannlege astronautane som vart hindra av romdrakt-storleikane, men om lag ein tredel av kvinnene hadde inga romdrakt som passa dei.

Caroline Criado Perez, journalist og forfattar av Invisible Women: Exposing Data Bias in a World Designed for Men, sa dette til BBC då avlysinga vart kjend:

– Romdrakter er toppen av isfjellet. Når du ser på personleg verneutstyr som tryggleiksvestar mot skot og stikk, vernebriller, vernestøvlar, alle dei typar klede og utstyr som folk må bruke for å verne seg sjølv på jobb, passar dei ofte ikkje kvinner.

Ballongkateter og spekulum

Illustrasjonsfoto: Jimmy Conover/ Unsplash

Av og til må fødslar setjast i gang. Metoden som er mest brukt og som også WHO tilrår, er bruk av ballongkateter i livmorhalsen. I heile Norden er det den metoden som vert brukt på om lag 80.000 fødslar kvart år.

Det kan vere både vondt og ubehageleg, kanskje fordi det ikkje er laga for gravide kvinners anatomi – men for menn som slit med å tisse.

Gynekolog Stine Andreasen og jordmor Hege Hansen prøvde å sjekke om det finst alternativ, men fann ut at det gjer det ikkje.

– Kateteret vert brukt til menn for å hjelpe dei å få tømt blæra. Og det er altså dette utstyret me er viste til å bruke når fødslar må setjast i gang kunstig, seier Andersen til Rana Blad.

Ho forklarar at det er smertefullt, ubehageleg og uhygienisk, og ein dårleg start på ein fødsel.

Spekulumet passar heller ikkje til gravide, som har ein annan anatomi enn ikkje-gravide og dimed kan undersøkingar bli ubehagelege.

Andreasen og Hansen jobbar no sjølv med å utvikle alternativ til spekulum og ballongkateter, som faktisk er laga for dei som skal bruke det.

– Det er overraskande og skremmande at det ikkje finst frå før, men det seier ganske mykje om at kvinnehelse ikkje er særleg høgt profilert, seier Stine Andreasen til Rana Blad.

Førstehjelspdokker

I 2017 viste ein studie at sjansen for å få hjarte-lungeredning frå folk på gata var 45 prosent dersom du var mann, men om du var kvinne var det 39 prosent, og menn har 23 prosent høgare sjanse for å overleve dersom ein treng hjarte-lungeredning i offentlege rom.

I private rom, var det ikkje nokon forskjell på om kvinner eller menn fekk hjarte-lungeredning, men i offentlege rom er det altså mindre truleg å få hjelp om ein er kvinne.

Forskarane meiner at det kan opplevast meir ubehageleg å skulle gje livreddande hjelp i offentlege rom til ei kvinne ein ikkje kjenner, fordi det krev at ein tek på brystet.

For når såg du sist ei førstehjelpsdokke med puppar?

Bilkræsj-testdokke

Foto: iihs.org/Wikimedia

Menn er oftare involvert i bilulukker enn kvinner. Men, om ei kvinne er involvert i ein bilkræsj, er det 47 prosent meir truleg at ho blir alvorleg skadd ifølgje ein studie, og 71 prosent meir truleg at ho blir moderat skadd. Det er også 17 prosent meir truleg at ho døyr

Når ein samanliknar liknande bilulukker med folk som brukar belte, som er om lag like gamle, høge, med same BMI og like gamle bilar – er det 73 prosent meir truleg at kvinner blir alvorleg skadde i frontkollisjonar enn menn, ifølgje ein studie frå 2019.

Kvifor? Fordi bilar er laga for og testa på menn.

Kvinner sit oftare lenger framme i bilen, fordi ein gjennomsnittleg er kortare enn menn. Med setet dratt langt fram, og høgt opp så ein kan sjå vegen – sit ein ikkje lenger i «standardposisjonen».

Som kvinne sit ein rett og slett ute av posisjonVinkelen på knea og hoftene og korte bein, gjer ein meir sårbar for skade.

Og kvinner er også meir utsette for skadar om bilen kræsjar bakfrå.

Med mindre musklar i nakken og overkroppen, har ein opp til tre gongar større sannsyn for nakkesleng. Svensk forsking viste i 2013 at moderne bilsete er for faste til å beskytte kvinner mot nakkesleng-skadar, og kastar kvinner framover fortare enn menn fordi ryggen i setet ikkje gir rom for dei gjennomsnittleg lettare kroppane til kvinner.

Og korleis har alt dette kunne skje? Fordi kræsjtest-dokkene er modellert etter medianen av vaksne menn på 70-talet. (Det betyr også at om lag halvparten av menn er kortare, høgare, tyngre eller lettare enn dokka.)

Den mest brukte testdokka er 1,77 meter høg og veg 76 kg. Ho har også mannleg muskelmasse, proposjonar og mannleg ryggrad. Faktisk prøvde forskarar allereie på 80-talet å føreslå ei kvinneleg dokke basert på kvinneleg median til testane også, men vart ignorerte.

Ikkje før på 2010-talet vart det vanlegare å bruke såkalla kvinnelege testdokker. Stort sett var dei likevel berre mindre versjonar av den mannlege, og dei avanserte, gode kvinnelege testdokkene som finst er det uansett ingen krav om å bruke.

I 2018 sjekka forskar Astrid Linder EU-reglane og fann at ingen av dei set krav om å bruke kvinneleg dokke i testane, men setebelte-testen, frontkollisjons-testen og sidekollisjonstestane har krav om å bruke ei dokke av median-mannen. Éin av testane set krav om ei kvinneleg dokke, men det er berre testa i passasjersetet og igjen berre ein nedskalert versjon av den mannlege.

Kvinner er som du nok veit, ikkje berre mindre versjonar av menn. Kvinner har lågare beintettleik, annleis musklemassefordeling, ulik avstand i ryggvirvlane og annleis balansepunkt i kroppen.

Det finst heller ikkje setebelte som er laga for og fungerer for gravide, for mange er puppar og høgd endå ein ting som gjer det vanskeleg eller umogleg å bruke setebeltet korrekt.

Setebeltet skal ligge tett inntil brystet og gå over midt på skuldra, men om ein har litt puppar er det fort gjort at beltet beveger seg og endar opp langs halsen i staden.

I tillegg er det ikkje alltid mogleg å justere det langt nok ned om ein er låg: Beltet skal komme ut i skulderhøgd eller litt nedanfor. Hoftebeltet skal vere festa på hoftekammen, ikkje på magen.

Og når me først er i bilen: Om du har talefunksjon i bilen og han ikkje forstår deg, prøv å snakke mørkare, som ein mann.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ken André Ottesen (@badesken)


Emilie Kruse Johansen (20) meiner løn og speletider er viktigare enn regelverket under kamp, for å sikra likestilling i idretten. Foto: Fredrik Hagen, Norges Ishockeyforbund.