Historias første romvandring med berre kvinner: – Fint å sjå kor langt vi har kome

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

54 år etter at den russiske romfararen Alexej Leonov vart første menneske til å utføre ei romvandring, skal eit lag beståande av berre kvinner gjere det same.

No blir dei amerikanske astronautane Christina Koch (40)  og Jessica Meir (42) historiske.

Det melder NASA.

Åleine for første gong

Christina Koch og Jessica Meir er del av eit astronaut-lag som har fått i oppgåve å byte eit batteri på utsida av den internasjonale romstasjonen (IPSS).

Ifølgje britiske The Guardian har astronautar og kosmonautar utført meir enn 200 romvandringar i samband med byggjinga og vedlikehaldet av IPSS, men likevel har berre 15 kvinner vore med på romvandring. Då alltid saman med menn.

Fredagens planlagte romvandring vert såleis første gong to kvinner skal ut saman og åleine.

– Verkeleg fint å sjå kor langt vi har kome

I ein video lagt ut på Twitter-kontoen til IPSS får dei to astronautane spørsmål om det plagar dei at prestasjonane deira alltid vert omtalt i eit kjønna perspektiv.

– Eg trur det er viktig på grunn av historia til det vi driv med. I fortida har ikkje kvinner alltid fått plass rundt bordet, svarar Koch.

Ho fortel at det er fantastisk å bidra i romfartsprogrammet i ei tid der alle bidrag vert aksepterte, alle har ei rolle, og at dette kan leie til høgare sjanse for suksess.

– Nokre folk vert motiverte av inspirerande historier frå menneske som ser ut som dei, og eg synest det er ein viktig del av historia å fortelje, seier Koch.

Ho får også støtte av Jessica Meir som seier at jobben dei no gjer, viser alt arbeidet som har vorte lagt ned i tiåra før, og alle kvinnene som har arbeidd for å få dei dit dei er i dag.

– Eg synest det er ein fin ting at vi ikkje tenkjer på det i kvardagen. Det er berre normalt. Vi er ein del av laget. Det er verkeleg fint å sjå kor langt vi har kome.

Den komande romvandringsduoen Jessica Meir og Christina Koch. Foto: NASA/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Rekordferd

Christina Koch skal ikkje berre ta del i den historiske romvandringa, ho ligg også an til å setje ein annan rekord.

Koch har vore hjå den internasjonale romstasjonen sidan mars og skal verte verande til februar neste år. Om alt går etter planen vil ho slå rekorden for den lengste romferda ei kvinne har utført, med eit venta tal på 328 dagar i verdsrommet.