Fleirtal lite bekymra over klimaendringar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala viser òg at eit fleirtal på 56 prosent av dei spurde oppgir å vere lite bekymra for klimaendringar, skriv Bergens Tidende.

I gruppa fødd etter 1990 er delen bekymra 62,2 prosent, medan blant folk fødd før 1959 er delen berre 37,4 prosent. Tala er frå februar i år.

Delen som seier dei er «bekymra» eller «svært bekymra», har variert frå ein dryg tredel hausten 2015 til nesten halvparten vinteren 2019. Sidan då har delen bekymra gått ned med fem prosentpoeng.

Relativt stabilt

Statsvitar Åsta Dyrnes Nordø ved forskingsinstituttet Norce meiner likevel at bekymringa har halde seg relativt stabilt.

– Nokon duppar og toppar må ein rekne med, men mønsteret er ein slåande stabilitet dei siste sju åra: I overkant av 40 prosent rapporterer høg bekymring for klimaendringane, seier Nordø.

Ho seier at klimasaka er éi av mange saker som kjempar om merksemd.

– Dei siste to åra har det meste dreidd seg om covid-19 og klimasaka har vore lite diskutert, seier Nordø.

Norsk medborgerpanel har spurt deltakarane kor bekymra dei er for klimaendringar sidan 2014.


Illustrasjonsfoto: Chris Gallagher på Unsplash