Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar observerer endringar i jordas klima i alle regionar og på tvers av heile klimasystemet, ifølgje den siste IPCC-rapporten, som blei gitt ut i dag.

Mange av endringane som blir observerte i klimaet er eineståande i tusenvis, om ikkje hundretusenvis av år. Nokon av endringane som allereie er sett i gang – til dømes framleis havstiging – er likevel irreversible over hundrevis til tusenvis av år, ifølgje klimapanelet.

– Stabilisering av klimaet vil krevja sterke, raske og vedvarande reduksjonar i klimagassutslepp og å nå netto null CO2-utslepp, seier Panmao Zhai i ei pressemelding frå IPCC. Han har vore med på å leia arbeidet med klimarapporten.

Sjølv om fordelane for luftkvaliteten kjem raskt, kan det ta 20-30 år å sjå globale temperaturar stabilisera seg, ifølgje IPCC-rapporten.

Oppvarminga på land er høgare enn snittet for verda, og i Arktis er oppvarminga meir enn dobbelt så høg. Foto: Jess McMahon / Unsplash

Klimaendringar over heile verda

– Klimaendringane påverkar kvar einaste region i verda på mange måtar. Endringane me opplever vil auka med auka oppvarming, seier Panmao Zhai.

Med ein temperaturauke på 1,5 °C vil det bli meir hetebølgjer, lengre somrar og kortare vintrar. Ved to grader oppvarming vil det føra til ekstremvarme som oftare kan overstiga det både helsa vår og landbruket vil tola.

I tillegg til varme, viser rapporten at klimaendringane vil påverka nedbør, tørke, vind, snø, is, kystområde og hav endå meir framover.

  • Meir intens nedbør og flaumar
  • Meir tørke i mange regionar
  • Meir regn i nordlege regionar og regionar heilt sør i verda.
  • Mindre regn i subtropiske regionar
  • Auka havnivå. Stormflo som tidlegare skjedde med 100 års mellomrom, kan no skje kvart år ved slutten av hundreåret.
  • Auka oppvarming vil forsterka tining av permafrosten, og tap av snødekke om vinteren, smelting av isbrear og tap av sommerarktisk havis.
  • Endringar i havet, inkludert oppvarming, hyppigare marine hetebølgjer, forsuring av havet og redusert oksygennivå har vore tydeleg knytt til menneskeleg påverknad. Desse endringane påverkar både havøkosystema og menneska som lever av dei, og vil fortsetja i minst resten av dette århundret.
  • For byar kan nokre aspekt av klimaendringar forsterkast, inkludert heitebølgjer og flom.

Ahr-elva fløymde over i byen Schuld etter rekordmykje nedbør i Tyskland i juli. Foto: NTB, AP Photo/Michael Probst

Raskare oppvarming

Rapporten viser at utslepp av klimagassar frå menneskeleg verksemd er ansvarleg for om lag 1,1 °C oppvarming sidan 1850-1900. Den globale overflatetemperaturen vil halde fram med å stiga minst til midten av hundreåret. Med mindre det skjer umiddelbare, raske og store reduksjonar i klimagassutslepp, vil avgrensing av oppvarminga til nær 1,5 °C eller til og med 2 °C vera utanfor rekkevidde.

Denne vurderinga er basert på forbetra observasjonsdatasett for å vurdera historisk oppvarming, også framgang i vitskapleg forståing av reaksjonen til klimasystemet på klimagassutslepp forårsaka av menneske.

Om utsleppa held fram med å auka i tiåra som kjem, kan me risikera ei oppvarming på opp mot 5,7 grader mot slutten av hundreåret.

Mennesket avgjer

– Det har vore klart i fleire tiår at jordas klima er i endring, og rolla som menneskeleg innverknad har på klimasystemet er ubestridt, seier Valérie Masson-Delmotte som òg har vore med på å leia arbeidet med klimarapporten.

Rapporten viser òg at menneskelege handlingar framleis har potensial til å bestemma det framtidige forløpet til klimaet. Forskinga er klar på at karbondioksid (CO2) er den viktigaste drivaren for klimaendringar, sjølv om andre klimagassar og utslepp til luft òg påverkar klimaet. Avgrensing av andre klimagassar og luftforureiningar, spesielt metan, kan ha fordelar både for helse og klima.

IPCC meiner det er gjort store vitskaplege framsteg sidan førre rapport i 2013.

– Me har no eit mykje klarare bilde av klimaet i fortid, notid og framtid, noko som er avgjerande for å forstå kvar me er på veg, kva som kan gjerast, og korleis me kan førebu oss, seier Masson-Delmotte.


Lea Justine Nesheim (20) frå sørlandet og Stian Garcia-Godos Wiig (20) frå Oslo har dratt til Hammerfest på protestleir med Natur og Ungdom. Dei fortel at det er mellom ti og 60 menneske der, avhengig av programmet for dagen. Foto: Inga Márjá Utsi.