Vil gjere friluftslivet meir miljøvenleg: – Nordmenn er på topp på bruk-og-kast

Som motpol til Black Friday, arrangerer DNT Ung bruktmarknad for å kutte i klimakostnaden med friluftslivet.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 24.11.2022 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjenner du nokon som siklar på nye langrennski sjølv om dei som står i boda framleis glir godt, eller som kjøper seg ei ny skalljakke fordi den er finare enn den som heng i skapet?

– Friluftsparadokset er at vi som er mest glade i naturen er med på å øydelegge han, seier DNT ung-leiar Anna Nes (24) på telefon til Framtida.no. 

Ho peikar på den enorme produksjonen av friluftsutstyr og ein bruk-og-kast-mentalitet som påverkar naturen, miljøet og klimaet.

Slik framferd er stikk i strid med miljøvettreglane til friluftsorganisasjonen, som meiner opplevingar er viktigare enn turutstyret og at det meste både kan og bør fiksast.

3,3 milliardar svarte kroner

Dei siste fem åra har DNT ung arrangert Grøn fredag som eit motstykke til Black Friday, tilbodsdagen då nordmenn går mann av huse for å sikre seg julegåver til redusert pris.

Prognoser frå Virke anslår at nordmenn kjem til å bruke 3,3 milliardar kroner i butikkar og nettbutikkar på årets Black Friday. Det er ei auke på 25 prosent frå fjorårets tilbodsdag, men 11 prosent lågare enn i 2019.

– Nordmenn er på topp på bruk-og-kast, særleg i frilufts- og sportsbransjen. Dette vil vi gjere noko med. Vi vil gjere friluftslivet meir berekraftig, seier Nes.

Førstkomande fredag går årets Grøn fredag av stabelen, slik at nye eigarar kan få glede av ubrukt friluftsutstyr som ligg og støvar ned i boder rundtom i landet.

Det vert halde bruktmarknadar frå Tromsø til Kristiansand, der folk både kan gje bort det dei sjølve ikkje treng lenger, og byte til seg eller kjøpe brukt utstyr. Nes skildrar det som «Finn.no in real life», der du får prøve turbuksa før du kjøper ho.

– Vi får skapt merksemd rundt kjøpepresset og kjøpehysteriet, og samstundes tilrettelagt for brukthandel.

På forbrukstoppen

Fjorårets rapport Circularity Gap Report Norway synte at over 97 prosent av alle ressursar som vert forbrukte i Noreg ikkje vert sirkulert tilbake i økonomien.

Det norske forbruket er på heile 44,3 tonn per person. Det er kring tre gongar så mykje som den gjennomsnittlege europear, og blant dei høgaste forbruka per innbyggjar i verda.

I 2019 brukte nordmenn kring 15 milliardar kroner i året på sportsutstyr, ifølgje NRK, og Vestlandsforsking konkluderte med at friluftsliv var det tredje verste du kunne gjere på fritida med tanke på miljøet. Berre ferieturar og flyreiser for å besøke vennar og familie kom dårlegare ut.

– Brukthandel er viktig for å minimere fotavtrykket vårt, konstaterer DNT ung-leiar Anna Nes.

Bruktkupp

Anna Nes fortel at det meste av friluftsutstyret ho sjølv eig er kjøpt anten på Grøn fredag eller på bruktmarknad.

Hennar beste kupp er eit par randonee-ski med bindingar til berre 1500 kroner. I butikk er gjerne ordinær pris på det same minst 6000 kroner, og ofte ein del tusenlappar meir.

– Det er sjølvsagt ikkje det nyaste, lettaste og kulaste paret, men det var ein ganske ny idrett for meg og ein ny måte å gå tur på, så eg tenkte at eg ikkje trong kjøpe mykje nytt og dyrt utstyr før eg i det heile visste om det var noko eg elska å drive med.

Samstundes gjer ho seg flid med å ta vare på det utstyret ho har som vart kjøpt nytt og no byrjar å verte gammalt:

– Eg reprarerer, impregnerer, vaskar det og lappar saman, for å passe på at eg ikkje må kjøpe nytt fordi eg er uforsiktig. 


Foto: Tingey Injury Law Firm, Matt Palmer, Patrick Hendry, William Bossem/Unsplash.com, kollasj Framtida.no