Firarkravet i lærarutdanninga blir skrota

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dei som ikkje har høg nok poengsum, vil dagens ordning med firarkrav i matte framleis gjelde. Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

– I dag manglar mange av dei som underviser i norsk skule lærarutdanning, og vi treng fleire lærarar mange stader i landet. No innfører vi nye og meir treffsikre krav til dei som vil bli lærarar. Slik opnar vi for fleire gode søkjarar, men utan å stengje ute nokon på grunn av karakteren i eitt fag, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Utrekningar frå Samordna opptak viser at rundt 330 fleire av dei som hadde lærarutdanning som førstevalet sitt i år, ville vore kvalifisert for studieplass med den nye ordninga.

Innført av Solberg

Det var i 2016 Erna Solberg si (H) regjering innførte krav om minst karakteren 4 i matematikk for å komme inn på grunnskulelærar- og lektorutdanningane.

Reaksjonane var sterke særleg frå lærarorganisasjonar og lærarutdanningane.

På den andre sida har ein analyse frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) vist at fleire lærarstudentar gjennomfører dei første to åra av grunnskulelærarstudiet etter at firarkravet vart innført.

Formålet med å fjerne kravet, er at regjeringa meiner firarkravet har stengt ute søkjarar med høgt karaktersnitt, men som ikkje har minst fire i matematikk.

Bør ein fjerne firarkravet?

Bør ein fjerne firarkravet?

Ja, heilt!2
Ja, men erstatte med krav om 3 og 40 skulepoeng5
Nei!4
Veit ikkje3
Svar totalt: 14

Ut på høyring

Dei nye opptakskrava vil, etter regjeringsforslaget, gjelde frå opptaket hausten 2022.

No skal endringane ut på høyring, med frist ved årsskiftet.

Ap og Sp sit i ei mindretalsregjering, men har fleirtal i Stortinget med støtte frå SV. Sistnemnde parti har òg vore kritiske til firarkravet i matematikk.


SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) er vara på Stortinget og jobbar på Aktivitetsskulen (AKS), men har ikkje god nok mattekarakter til å kome inn på lærarutdanninga. Foto: Privat