SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) har ikkje god nok mattekarakter til å bli lærar – vil skrota firarkravet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.09.2021 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV-politikar har ikkje god nok mattekarakter til å bli lærar – vil skrota firarkravet

– Eg kunne nok klart å få ein firar i matte om eg jobba hardt for det, men akkurat då var fokuset mitt på fritidsaktivitetar framfor å jaga høge karakterar, medgjev SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24).

I går stod SV-politikaren frå Lyngdal på talarstolen i Stortinget og forklarte kvifor ho meiner det omstridde firarkravet i lærarutdanninga bør skrotast.

Tiltaket er ein del av ein større pakke fremma av SV, Senterpartiet og Ap, med tanke på å få fleire kvalifiserte lærarar inn i skulen.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Venstre

Nøgd kunnskapsminister

Kunnskapsminister Guri Melby (V) jubla nyleg over framskrivingar frå SSB som viser at det kan bli eit overskot av lærarar fram mot 2040, men framskrivingane skuldast i hovudårsak nedgang i fødselstal. I tillegg baserer tala seg på framleis bruk av ufaglærte lærarar.

Kunnskapsminister Guri Melby og SV-politikar Mona Fagerås møttest til debatt om saka i Politisk kvarter i går, før saka vart debattert på Stortinget.

Melby meiner det lønar seg å stilla krav til søkjarane og løfta nye tal som viser at kullet som fekk krav om firar i mattematikk har ein gjennomføringsprosent på normert tid på 62 prosent, noko som er høgare enn tidlegare.

– Eg meiner det blir heilt feil å halde opp med ein politikk som verkar, i alle fall i ei tid der det viser seg at me styrer mot at me faktisk har nok lærarar, seier Melby i Politisk kvarter.

– På tide å innsjå feilen

Skaugvoll Foss er ikkje einig i at politikken verkar, og meiner regjeringa bør innsjå at dei har teke feil.

– Eg trur regjeringa hadde gode intensjonar då dei innførte firarkravet, men når me no fem år etter ser at såpass mange vert ekskludert er det på tide å innsjå feilen, seier SV-politikaren.

For Skaugvoll Foss, som er vara på Stortinget, er dette personleg politikk. Ho jobbar til dagleg på AKS ved ein barneskule på Bislett og har funne ut at ho vil bli lærar.

– Eg trivst utruleg godt med å følgje elevane kvar dag og sjå korleis dei utviklar seg, seier 24-åringen, som synest læraryrket verkar utruleg gjevande.

Lang veg mot læraryrket

Då regjeringa innførte eit krav om at søkjarar til lærarutdanningane må ha minst 4 i matte for å kome inn, hadde ho nyleg fullført vidaregåande.

Etter eitt år i militæret og fleire år i arbeidslivet har ho funne ut at ho vil søkje seg inn på lærarutdanninga til hausten, men karakterkravet i matte set kjeppar i hjula for planane.

– Først må eg ta ein dyr privatisteksamen som regjeringa har auka prisen på. Det er ikkje det at eg ikkje trur eg klarar det, men vegen mot utdanninga vert mykje lenger, seier Skaugvoll Foss.

Etter 2013 og 2014, då rekordmange tok privatisteksamenar, auka prisane kraftig i 2015, ifølgje NRK. 

Prisen for privatisteksamenar er i dag 1186 kroner for fag ein ikkje har bestått, medan det kostar 2373 kroner for fag du allereie har bestått, ifølgje Udir.


Styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Isa Maline Isene. Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU