Seks av ni parti er mot mattekrav for lærarstudentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kravet om minstekarakter 4 gjeld for dei lærarstudentane som har den minst avanserte matematikken frå vidaregåande skule. Det har vore betydeleg motstand til dette kravet frå fleire hald, og no seier eit fleirtal av partia at dei vil fjerne dette og heller erstatte det med andre ordningar.

Berre Høgre, Framstegspartiet og Venstre går inn for å behalde karakterkravet. Om dei hamnar i eit mindretal etter valet, vil det nye Stortinget ha eit klart fleirtal mot dette kravet, som dagens regjering innførte i 2016, skriv avisa Khrono.

Bør firarkravet verte skrota?

Bør firarkravet verte skrota?

Ja!16
Nei!9
Kva med å ha krav om 3, ikkje 4?7
Veit ikkje43
Svar totalt: 75

 

Føresetnaden for dette ligg i mandatutrekningane som nettstaden Poll of polls har gjennomført denne veka.

– Vi vil ha meir treffsikre krav – som auka snittkarakter, seier utdanningspolitisk talsperson Torstein Tvedt Solberg i Arbeidarpartiet.


Les også om SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) som ikkje har god nok mattekarakter til å verte lærar – ho er blant dei som vil skrote firarkravet

SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) er vara på Stortinget og jobbar på Aktivitetsskulen (AKS), men har ikkje god nok mattekarakter til å kome inn på lærarutdanninga. Foto: Privat