Demokrati i ubalanse? På dette området er norske politikarar klart i utakt med unge veljarar

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvinner og unge støtter klimatiltak i større grad enn menn og eldre. Dei er også meir bekymra for klimaet, og mindre skeptiske til menneskeskapte klimaendringar, fortel Mari Helliesen, stipendiat ved Universitetet i Bergen.

– Samtidig er kvinner og unge underrepresentert i formell politikk.

Helliesen forskar på kor representativt det norske demokratiet er når det kjem til klima- og miljø, og har funne at spesielt unge veljarar er dårleg representert.

– I Noreg generelt er det ganske bra samsvar mellom haldningane til befolkninga på den eine sida, og politikarar på den andre. Men ikkje når det kjem til unge og kvinner sine preferansar for klimatiltak, seier ho.

Demokratisk ubalanse

Helliesen har brukt tal frå Norsk medborgarpanel, som har undersøkt befolkninga sine haldningar til ulike klimatiltak: utfasing av fossilbilar frå 2025; olje- og gassutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja; lågare produksjon av kjøtt- og meieriprodukt; og utbygging av vindkraft.

Mari Helliesen er stipendiat ved Universitetet i Bergen, og forskar på kor representativt det norske demokratiet er i klima- og miljøsaka. Foto: Solfrid Langeland, UiB.

Unge veljarar, som Helliesen har definert som mellom 18 og 40 år, er klart meir villige til å setja i verk slike klimatiltak enn resten av befolkninga.

Helliesen har òg sett på haldningane til folkevalde gjennom Representantpanelet – ei nettbasert undersøking av alle folkevalde i Norge.

– Unge er deskriptivt underrepresenterte, slik at dei har færre politiske representantar enn storleiken på gruppa skulle tilseie. Men også haldningane deira til klima- og miljøsaka er klart underrepresentert i norske politiske organ.

– Er det grunn til å snakke om ein demokratisk ubalanse her?

– Ja, det vil eg absolutt seie. Både fordi yngre deltar mindre ved val, og dermed endar opp med færre representantar enn andre aldersgrupper. Men også fordi det å ha færre unge representantar kan føre til politisk apati, og at unge lar vere å delta.

Unge politikarar er fjerne frå andre unge

Helliesen finn dessutan at dei unge listekandidatane som faktisk blir vald inn, heller ikkje representerer unge sine haldningar særleg godt.

– Unge representantar sine haldningar svarar dårleg til den unge befolkninga. Det kan skuldast at unge representantar ikkje kjenner unge veljarar godt nok. Eller at dei er likare dei eldre representantane, som det jo er fleire av, seier Helliesen.

Aller verst representert er haldningane til dei aller yngste i gruppa av unge mellom 18 og 40. Desse er også aller mest positive til å setja i verk klimatiltak, fortel Helliesen. Samstundes er det barn og unge som i størst grad vil måtte leva med konsekvensane av klima- og miljøpolitikken som blir ført dei neste åra.

– Klimasaka er veldig spesiell fordi det er så ulikt kven som får konsekvensane: dei går på tvers av tid og generasjonar, seier Helliesen, som understrekar at det derfor er særleg viktig å inkludera unge i politikkutforminga.

– Ungdomsparti er ikkje til pynt

Hulda Holtvedt er talsperson for Grøn Ungdom. Ho er tydeleg på at unge sin manglande politiske representasjon er eit demokratisk problem:

– Klimapolitikken er det beste dømet på korleis fråver av unge i politiske verv, gjer at politikken som førast blir dårlegare. Menn i 50-åra er den befolkningsgruppa som oppgir å vere minst bekymra for klimaendringar, og samtidig er det denne gruppa som er best representert i så og seie alle mektige stillingar i samfunnet.

Hulda Holtvedt er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Foto: Magnus Skrede, MDG/Flickr/CC BY-ND 2.0

– Det er klart representasjon har noko å seie for kva slags politikk som blir vedtatt og kva saker som blir løfta fram som viktige, skriv Holtvedt i ein e-post til Framtida.no.

Ho meiner det er to svar ein kan gi på denne demokratiske ubalansen.

– For det første må partia ta ansvar for å nominere unge kandidatar ved val, og gi unge reellt ansvar og makt. Ungdomsparti er ikkje til pynt.

– Men for det andre må vaksne politikarar ta eit større ansvar for å lytte til den yngre generasjonen. Det er ikkje klimastreikarane som skal løyse klimakrisa, for om 10 år kan det vere for seint. Det er dagens politikarar som har skapt klimakrisa og som også må løyse den, det ansvaret kan ikkje skyvast over på oss unge, meiner Holtvedt.

Unge tar til gatene

Klimastreik, klimabrøl og klimaaksjonisme: i det siste har vi sett stadig fleire, spesielt frå den yngre delen av befolkninga, som tar til gatene for å skapa større merksemd rundt klimakrisa, og kva dei meiner må gjerast med den.

Helliesen trur også auken av denne typen uformell politisk påverknad kan vera knytt til unge sin mangel på formell politisk representasjon.

Aksjon av Extinction Rebellion i og utanfor Miljødirektoratet 11.12.19. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Åtte personar vart arrestert då Extinction Rebellion aksjonerte i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Mange unge spesielt er veldig engasjerte i og opptatte av klimasaka, og har nok ei oppfatning av at politikarar ikkje gjer nok, og ikkje tar unge på alvor. Men ikkje berre det: det er også ei oppfatning av at klimahaldningar og krav i befolkninga ikkje når gjennom i dei vanlege kanalane. Derfor tar ein no i bruk meir ukonvensjonelle kanalar for å bli høyrd.

Derfor var det nok også litt overraskande at klima faktisk blei hovudsaka i valkampen, seier Helliesen og peikar på at dette i dei siste åra har vore den aller viktigaste saka for norske veljarar, saman med helse.

– Det naturvitskaplege grunnlaget for klimatiltak har blitt stadig betre, men i politikken har det ikkje skjedd så mykje for å spegla att dette. Så det gjev meining at sivil ulydnad har komme på banen, seier Helliesen.


Illustrasjonsfoto: Valdirektoratet/Flickr